Anmeldelse

Fallout: Brotherhood of Steel

Det enklaste for Interplay hadde nok vore å lage Fallout 3. Gjort alt på same måte som før, fått mykje kjeft, men med brukbare salgstal. I staden styrer dei vekk frå ein formel som fungerar, for å voldta to markante klassikarar og miste all respekt frå tilhengjarane.

Side 1
Side 2

Det blir ikkje betre
Det meste i Fallout: Brotherhood of Steel er svært likt Dark Alliance-serien. Det same gjeld erfaringssystemet. Den einaste forskjellen er at du her ikkje ein gong veit kor sterk du her. Du har ingen form for indikator på kva karakteren din er god til. Dette gjer prosessen (om ein kan kalle den det) med å velje kven du vil spele til visuell preferanse. Du vel kanskje den kvinnelege karakteren, berre for seinare finne ut at ho ikkje kan bruke dei største våpena. Å måtte spele over halvvegs gjennom spelet for å finne ut dette er litt bittert.

Fleirspelar-modusen då? Den er jo alltid bra. Nei, den er ikkje det. Det blir berre meir av det vonde, og i staden for at kun ein person kjedar seg gjennom denne tredemølla av oppbrukte idéar, må no to stykk lide. Det er ganske godt gjort dette her. Det er sjeldan ikkje eingong fleirspelar-modusen er i stand til å trekke eit spel oppover, men dette er altså tilfelle. I staden for å drepe fiendane raskare, endar du eigentleg berre opp med å bruke opp ammunisjonen litt for fort. Begge to skyt på same fiende, drep den, og skyt frå seg 10-20 skudd ut i lause lufta. Det er slikt som skjer. Fallout: Brotherhood of Steel har eit auto-fokus system, men det er så tungvindt å bruke at du berre endar opp med å halde inne knappen.

Tilbakeståande design
Visuelt sett følest Fallout: Bortherhood of Steel som eit drastisk steg tilbake i forhold til Dark Alliance. Den største forskjellen er at lika forsvinn etter kort tid. Dette skjedde aldri i Baldur's gate, og kvifor det er slik i Fallout: Brotherhood of Steel er vanskeleg å forstå. Som ein forventar seg er grafikken brun og mørk. Teksturane er blasse og manglar variasjon. I tillegg er designen på bretta uinspirert og kjedeleg. Det følest som om du til ei kvar tid går gjennom det same rommet, men at møblemanget har blitt flytta på. For å skape variasjon i desse områda er det tydeleg at det einaste Interplay kunne finne på, var nokre håplause plattformsekvensar der du må hoppe og balansere deg framover på bilpanser og piper.

Ein rask kikk gjennom manualen gjer det tydeleg at Interplay skryt stort av å ha metal-band som Meshuggah og Slipknot med i spelet. Å sei desse banda si involvering i spelet er overvurdert er å ta hardt i. Musikken i spelet består av ambiente trommer sendt gjennom eit filter. Du får kun høyre litt ekte metal når du møter ein slutt-sjef. Desse er det ikkje så mange av, noko som kan få ein til å lure på om det er fleire låter her enn stadar å bruke dei. Det merkbare når musikken ein og anna gong trer i kraft er at spelet blir meir intenst. Hadde dei utnytta låtene dei har lisensert til sitt fulle potensiale kunne spelet hatt litt høgre underhaldningsverdi.

Når ein er inne på underhaldningsverdi må det seiast at dette er eit spel for folk som er store i kjeften. Om du møter ein einaste person som ikkje brukar f-ordet er det nærmast eit ekte moderne mirakel. Persongalleriet er så stereotypisk som ein kan få det. Ei hore i rosa miniskjørt (ja, du kan kjøpe tenester av ho), ein bartender som spyttar og bannar mellom kvart ord, og ein kjøpmann som har mista armen. Det blir nesten for mykje av det gode. Banninga i seg sjølv er ikkje nødvendigvis det negative, men den blir kanksje litt i overkant av kva som er nødvendig. Hald dette spelet unna mindreårige om du vil redde øyra dine.

Konklusjon For å vere ærleg følest det som om dei klassiske Fallout-spela har blitt trampa på og kaste i komposthaugen. Det er ikkje mykje som minnar om Fallout slik vi kjenner det. Det er mørkt, brutalt og post-apokalyptisk, joda, men det er meir som skal til for å skilje eit spel frå massane. Nokre smarte hovud i Interplay tenkte vel kanskje at Fallout sel seg sjølv, men dette er ikkje tilfelle. Fallout: Brotherhood of Steel er eit så respektlaust og motbydeleg forsøk på å tene pengar at ein kan bli sint. Om dette skal vere unnskuldninga for at vi enda ikkje har fått Fallout 3, er det nokon som verkeleg bør tenke seg om. Dei einaste som kan finne glede i dettte spelet er folk som enten aldri har spelt Dark Alliance eller Fallout. Det hjelper også om du aldri har spelt Loaded til PSOne. Dette respektlause makkverket fortener ikkje sin plass i hylla eingong.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden