Fanrørsle fekk viljen sin

Aktive fans vann fram i å få Suikoden I og II lansert på PSN.

I 2012 starta ei gruppe svært dedikerte fans ei rørsle som hadde for mål å få Konami til å vekkje den til no bortgløymde rollespelserien Suikoden til live igjen. Gjennom markeringar, kreativt arbeid, fanhistorier og mykje meir har rørsla gjort sitt beste for å vise Konami at det finnest eit publikum for serien som gjerne vil ha fleire spel.

Pågangsmot vann fram

No har Suikoden Revival Movement vunne sin første siger. Konami har stadfesta at dei to første spela i Suikoden-serien vil bli lansert på PlayStation Network i januar. Vi har ikkje fått ein konkret dato. I USA er spela allereie lansert.

Gammalt JRPG vender tilbake på nyåret.

Konami Digital Entertainment-president Shinji Hirano fortel at dette aldri hadde skjedd utan den iherdige innsatsen til fansen:

«At fans framleis snakkar om den 18 år seinar, er eit testamente til innhaldet og kvaliteten på Suikoden-serien. Vi har mottekke tallause mengder ynskje om å gå tilbake til serien, og vi er kjempeglade for å glede fansen med dei to første spela. Vi håpar folk vil kose seg med å ta turen tilbake til Suikoden-verda, og at dei smarte mekanikkane og spanande historiene vil gi den nye fans.»

Suikoden-serien er ein av fleire japanske rollespelseriar som vaks seg fram og fekk stor popularitet på slutten av 90-talet. Eit av måla i alle spela er å finne alle skjebnens 108 stjerner. Dess stjernene er personar du kan rekruttere i spelet. Å finne alle er ikkje naudsynt, men du tener på det gjennom bonusar og endringar i historia.

Suikoden-lanseringa på PlayStation Network har blitt motteke med jubelrop. Det er noko ganske anna enn antiklimakset Square Enix-serverte under PlayStation Experience førre helg.

Siste fra forsiden