Anmeldelse

Far Cry Instincts

Jack Carver er i trøbbel. Om du har spelt Far Cry på PC har du kanskje litt innsikt i kva type trøbbel han er i, men denne gongen er han faktisk i enda meir trøbbel. Ikkje berre endar han opp på dette tropiske helvete av ei øy, men han er i ferd med å bli eit monster og. Ja, du hugsar kanskje mutant-monstera frå Far Cry? Jack Carver kjem til å ende opp sånn om du ikkje er veldig flink, plukkar opp kontrollaren, og skyt ned eit solid knippe med agressive motstandarar.

Ein av mange einsame menn
Sjølve oppgåva di i rolla som Jack Carver er å finne ein veg bort frå denne fantastisk nydelege øya. Det vrimlar med folk som gjerne vil sjå deg blø, og det er ingen av dei som er spesielt hyggelege. Det store spørsmålet er vel kanskje kvifor Jack Carver held på å bli om til eit monster. Vel, for å gjere ei kort historie enda kortare; Jack får pryl, Jack sit i ein stol, Jack får sprøyte. Det er vel eigentleg alt som er fornuftig å seie om historia i dette spelet. Det er ganske typisk mann møter kvinne, mann innser at kvinna er riv ruskande galen, og mann prøvar å kome seg vekk. I motsetning til eit mislukka kjærleiksforhold, har Jack våpen til å kome seg unna med. Våpen og overmenneskelege krefter.

Enda eit ledd i serien "spel som prøvar å gi ei plausibel forklaring på kvifor helten kan sakke ned tida, og sjå ting ingen andre kan" har landa hos oss. Heldigvis er Far Cry Instincts ganske mange hakk over den jamne konkurranse akkurat her. Jack sine dyriske sider utfyller spelet i den grad at du ikkje kunne sett for deg spelet utan. Det fungerar faktisk, og no skal eg snart svare på spørsmålet eg veit du brenn inne med akkurat no; "Men kva kan han gjere, kjære anmelder?" No skal du høyre min ven, Jack Carver kan sjå lukt. Ja, du høyrde riktig. Har du spelt Discworld Noir tilfeldigvis? Det er litt same greia. Sjølv om det er bekmørkt og du eigentleg ikkje ser stort, kan sjå ei gul røyksky rundt alt som lev. Det er rimeleg effektivt, spesielt når du prøvar å finne sniperen.

Men han kan meir, i tillegg er han supersterk og superrask. Når som helst kan Jack velge å springe som ein gepard i parringstid, noko som i tillegg gir han styrka til å hoppe ekstra langt. Den ravina du så lenge har hatt lyst til å kome deg over, er ikkje noko problem lengre. Ein artig ting Jack kan gjere med sine nye krefter er å slå seg gjennom dører som tidlegare var låst. Du skulle tru dette ville opne mange nye dører (klage på dårleg humor sendast til redaktøren) for Jack, men det er tydeleg at du kun kan kome deg gjennom der Ubisoft har bestemt at du kan kome deg gjennom. Det er framleis mange låste dører for å seie det sånn. Noko som verkeleg er tøft, er det at Jack kan løfte opp stasjonere våpen og springe rundt med dei i staden for dei tafatte knallpistolane han har brukt så langt. Du ber om respekt om du spring rundt med ei to meter lang mitraljøse.

Krutt og kanonar
Det tar i midlertid ei god stund før du kjem så langt, og det er ganske festelege våpen du kan leike deg med i mellomtida. Frå starten av kan du til dømes legge feller for fiendane dine. Ved å gå opp til eit tre, kan du velge setje opp ei temmeleg ubehageleg grein full av spisse kvistar som raskt penetrerar fienden. Du kan kaste småstein for å lokke fienden mot deg, og dette er ein ganske nådelaus måte å ta ut fiendar på utan å bli oppdaga. Om du kombinerar dette med ein lyddempa pistol kan du vere sikker på at du er kongen på haugen ei stund. Seinare kan du også legge ut feller på bakken, noko som gjer blodbadet enda meir beundringsverdig.

Det kjem likevel eit punkt der det ikkje nyttar å snike seg rundt som ein dårleg kopi av Sam Fisher. Det er på dette tidspunktet det er på tide å hente fram våpen som faktisk gjer litt skade. Til dette er det mange godsaker, og det er nok for det meste våpen dei fleste allereie har eit godt etablert forhold til. Det er ei rekke automatvåpen, du har sniper-rifle, og sjølvsagt ein rakettkastar om nøden skulle vise seg. Som med dei fleste andre skytespel kan du også halde to våpen samtidig, så lenge desse er av relativt liten størrelse. Litt pussig er det at du kun kan halde to av same type. Dette er uansett ikkje noko problem, sidan om du først finn eit våpen, finn du ganske sikkert fleire av same sort innan kort avstand. Det hadde uansett vore hyggeleg med variasjonen.

Far Cry Instincts Xbox Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 30. september 2005
  • Plattform: Xbox
  • Utgiver: Ubisoft Entertainment
  • Utvikler: Ubisoft

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen