Sniktitt

Far Cry Instincts: Predator

Eit av fjorårets tøffaste spel er snart klart for å konkurrere om plassen som det beste skytespelt til Xbox 360.

Jack Carver er tilbake ved start, igjen. Denne gong får han heile to eventyr å bryne seg på. Det einaste vi har fått lov til å prøve ut, er nokre oppussa brett frå Far Cry Instincts som kom til Xbox i høst, men i tillegg til denne kampanjen vil spelet innehalde ei heilt ny historie. Dette burde glede dei som lot seg fengsle av den fantastiske atmosfæra Far Cry Instincts byr på. Den ganske begrensa koden av Xbox 360-versjonen som vi har kosa oss med ei stund, fungerar eigentleg kun for å bekrefte kor mykje betre dette spelet ser ut på Xbox 360. Med støtte for HD, betre lyd, betre kunstig intelligens, og nokre vanneffekter du aldri har sett makan til, bør dette vere det endelege loddet som vippar skåla over ende om du aldri blei sikker på om Far Cry Instincts var spelet for deg.

I Far Cry Instincts: Predator trer du inn i rolla som Jack Carver. Stranda på ei aude øy der kulene suser forbi deg så raskt du løftar på hovudet. I nydelege jungellandskap må du benytte både eit upåklageleg våpenarsenal og omgivnadane dine for å lage historie av fiendane dine. Spelet set deg inn i varierte situasjonar der du sjølv må tenke ut kva som er beste framgangsmåte. Vil du springe inn med våpna heva, eller vil du plukke ut ein og ein fiende for å skape størst mogleg forvirring? Du kan setje opp feller, kaste litt småstein for å lokke fram fienden, og sjå på i fryd i det den uvitande tullingen i eit halvt sekund angrar på kva han driv med, før det er for seint.

Dyriske instinkt
Alternativt kan du snike deg rundt med lyddempa våpen og la eit par velplasserte skot gjere jobben. Det er ikkje alle som finn glede i dette sjølvsagt, og det må du ikkje heller. Spelet inneheld eit enormt utval av tøffe våpen, noko som gjer livet greit for den skyteglade. For dei som kun har spelt Far Cry til PC er det også viktig å poengtere at dette ikkje er det same spelet. Det er ei ny historie, og Jack blir etter kvart infisert med eit virus som gir han overmennesklege krefter. Han kan slå ned dører, plukke opp stasjonære våpen, og springe i eit uavsindig tempo, berre for å nemne noko.

Xbox 360-versjonen byr sjølvsagt på litt nytt snadder, men det er ikkje så mykje av dette vi har fått lov til å kikke nærmare på så langt. Vi har derimot sett litt av kva Xbox 360 kan gjere med grafikken i spelet. Det er ikkje så mykje ein legg merke til umiddelbart, det skal eg innrømme. Teksturane er eigentleg dei same, områda er dei same, og den einaste markante forskjellen er at alt køyrer i HD. Om du ikkje har ein HD-TV, er dette uansett noko som spelar lita rolle for deg, men det er eit par ting du garantert vil legge merke til. Blant anna er synsvidda mange hakk betre. Om du spring rundt på klippene er det eit imponerande skue å sjå utover horisonten. Du ser ikkje ubegrensa langt, men det er ikkje langt ifrå.

Den mest imponerande grafiske forbetringa er uansett vatnet. Det er vel få som kan påstå at dei har sett penare vatn nokon gong, i eit spel vel og merke. Det er faktisk bølger her. Flotte bølger som reflekterar vatnet og set den definitive prikken over i-en på det som godt kunne ha vore ei virtuell ferieøy. Om du bevegar deg i høgda, og ser nedover, vil du ikkje sjå eit hav samansatt av eit repeterande mønster. Du ser solstrålar som glimar i bølgene, og tankane som slo meg i det eg såg dette var "endeleg, no er vi der". Det er så vakkert. Det einaste som skurrar litt er at vatnet ikkje ser ut til å reagerer stort på interaksjon. Det slår mot steinar i strandkanten, men ikkje stort meir. Vi kan håpe på å få sjå nokre skikkelege plask i den endelege versjonen, men det er nok heller tvilsomt.

Konklusjon
Med Far Cry Instincts: Predator veit vi kva vi får. Det er i utgangspunktet akkurat same spel som blei lansert til Xbox i høst, og med det kan ein ganske sikkert sei at dette blir eit av dei beste skytespela til Xbox 360 så langt. Med betre synsvidde, høgre oppløsning og enormt flotte vanneffekter, får vi også noko pent å sjå på, og det skadar aldri. Når vi attpåtil får ei ny historie med på kjøpet, er det vanskeleg å tru på noko anna enn at Ubisoft har ein ny slager på gang. Far Cry Instincts: Predator lovar betre kunstig intelligens, fleire fiendar på skjermen, og generelt sett ser alt ut til å bli større, flottare og betre. Det er vanskeleg å sei noko anna enn at vi gledar oss.

Siste fra forsiden