Fast & Furious kjem til Forza Horizon 2

Sjølvstendig utviding blir gratis for alle bilentusiastar.

Microsoft og Turn 10 Studios gjer seg i desse dagar klare til å servere ei solid gåvepakka til bilentusiastar verda over. For å markere lanseringa av den sjuande filmen i Fast & Furious-serien har Microsoft alliert seg med Universal Studios for å lage ei ny tilleggspakke til Forza Horizon 2. Det har Microsoft avslørt i dag.

Utvidinga som har fått namnet Forza Horizon 2 Presents Fast & Furious vil lanserast på Xbox 360 og Xbox One 27. mars, og vil vere heilt gratis i to veker. Når dei to vekene er over vil ein måtte betale for utvidinga, men om du lastar ned tidleg vil pakka bli di til odel og eige for alltid.

Som om det ikkje var nok blir utvidinga sjølvstendig, og du må ikkje ha Forza Horizon 2 for å kunne spele den.

Fast & Furious-pakka vil gje oss tilgang på meir enn 11 kjende bilar som har vore brukt i Fast & Furious-filmane. Vi vil reise til Frankrike der Tej Parker vil sende deg ut på ei rekke ulike oppdrag.

Eit paradis for bilelskarar

Fast & Furious invaderer snart ein Xbox-konsoll nær deg.

Vi likte Forza Horizon 2 særs godt då det blei lansert i fjor haust. Vår mann meinte det balanserte mellom realisme og absurditet med eleganse, og klaska til med åtte punkt på karakterskalaen:

«Eg likar Forza Horizon 2, eg liker det veldig godt. Det er eit spanande bilspel, som med ei vakker opa verd, eit variert utval bilar, samt ei solid blanding av arkadeaktige sjangertrekk og det som gjer Forza til Forza, står fram som ei bunnsolid oppleving. Det er alltid noko å finne, gjere eller køyre, og når eg etter 15 timar framleis føler at eg berre har sett ein brøkdel av det spelet har å by på, seier vel det eigentlig sitt.»

Microsoft har hatt solid suksess med Forza Horizon 2. Verre har det gått med Sony som lanserte bilspelet Driveclub i fjor haust. Det har sidan lansering slite med ei lang rekke feil.

Siste fra forsiden