Feature

Battlefield 1 imponerer på fleire plattformer

Me samanliknar grafikken på PC og Xbox One.

Battlefield-serien har i lang tid vore kjend for sin flotte utsjånad med Frostbite-motoren. Det nyaste innslaget i serien er ikkje noko unntak, med glimrande grafikk og eksepsjonelt god yting på PC. AAA-spel er sjeldan så godt polerte ved lansering som Battlefield 1.

Grafikken er såpass imponerande at eg ofte brukar meir tid på å studere landskapet enn å skyte på fiendane. Det er så mange små detaljar og nyansar bygd inn i spelet, at ein må rett og slett stoppe opp for å nyte av DICEs vakre framstilling av ei grufull tid.

Denne saken vil sjå på spelets grafikk på to plattformer, Xbox One og PC. På konsollen brukar spelet ein form for dynamisk oppløysing, slik at oppløysinga justerast for å oppnå høgare biletefrekvens. I fleirspelaren slit Xbox One-versjonen med å halde seg på 60, men i einspelaren er biletefrekvensen relativt solid. Den dynamiske oppløysinga gjer det litt vanskeleg å samanlikne med PC, men me ha vald å bruke skjermbilete i 1920x1080 frå PC-versjonen, då dette er den mest utbreidde oppløysinga.

Xbox One-versjonen skalerast heilt ned til 720p

SuezTreXbox SuezTrePC
Xbox One til venstre, PC til høgre.

I fylgje ein test av Digital Foundry vil Xbox One-versjonen skalerast heilt ned til 1280x720 i dei mest krevjande områda, og opp mot 1780x1000 der skjermkortet ikkje slit. Gjennomsnittet vil ligge på 1600x900, som òg er den gjennomsnittlege oppløysinga til PlayStation 4-versjonen.

Dei fleste bileta i denne saken vil vise forskjellar på oppløysing, men ikkje alle er like openberre. Som ein ser ovanfor er skuggelegginga den klaraste forskjellen, noko som kjem godt fram med ei høgare oppløysing.

Ser ein litt nøye etter på vegetasjonen er kantutjamninga på PC-versjonen mykje betre enn på Xbox One, der kantane framstår veldig spisse.

SPRifleXbox SPRiflePC
Xbox One-versjon til venstre, PC til høgre.

Konsollversjonen verkar å ha eit litt uklart bilete samanlikna med PC-versjonen, men det er antakeleg grunna at ein ikkje kan slå rørsleuskarpheita heilt av på Xbox One. Det gjer likevel at fargane framstår litt meir blasse og uklare, mens biletet på PC er mykje skarpare.

Grunna høgare oppløysing er teksturane òg meir polerte på PC, som ein ser spesielt godt på vatnet og bakken.

Detaljrikdomen er også merkbart betre på PC, samt at effektar som regn, røyk og andre partiklar ser meir realistiske ut. Likevel er det vanskeleg å ikkje bli imponert av Xbox One-versjonen. Konsollen køyrer på svak maskinvare, men klarar å halde ein biletefrekvens opp mot 60 i eit av dei vakraste konsollspela nokosinne.

Trøbbel med høg synsvinkel

SaintGardXbox SaintGardPC
Xbox One-versjon til venstre, PC til høgre.
Les også
Anmeldelse: Battlefield 1

Eit sentralt grafikkproblem på både PC og Xbox One er teiknedistansen når ein har synsvinkel over 80. Alle skjermbileta i denne saken har ein synsvinkel på 105, og alle saman viser at teksturar i periferien av bileta er veldig dårlege (sjå treet oppe i venstre hjørne av biletet over, eller treet til høgre i toppen av det fyrste biletet). Sjølv i oppløysing over 4K Ultra HD (3840x2160) er det same problemet til stades.

YouTube-kanalen VG Tech la ut dette biletet av eit problem med PlayStation 4-versjonen av spelet.
VG Tech

Problemet endrar ikkje detaljnivå på andre spelarar og køyretøy i distansen, så dette er nok eit grep frå utviklaren si side for å minske arbeidet skjermkortet må gjere ved høgare synsvinkel. Det verkar likevel poenglaust, og framfor alt irriterande. PC-versjonen har hatt vanvittig god yting på ei rekkje skjermkort, og kunne fint ha ofra litt av biletefrekvensen for dette.

Eit anna problem som har plaga både PlayStation 4 og Xbox One er den dynamiske oppløysinga. Nokre spelarar har rapportert om tilfelle der oppløysinga har blitt skalert heilt ned til 160x90, omtrent den same oppløysinga som på ein Atari 2600. Problemet skal heldigvis vere sjeldan, men utvilsamt morosamt.

Stor forskjell på grafikk på PC, liten forskjell på yting

BF1LowPC BF1UltraPC
PC med grafikkinnstillingane på låg (venstre) og ultra (høgre).

Forskjellen på ytinga på PC med låg og maksimal grafikkinnstilling er berre rundt 30 prosent på mitt system, mens forskjellane i grafikk er ganske store. Dette tyder på godt optimaliserte teksturar, som gjer at dei med svake system ikkje vil merke så veldig stor forskjell på dei lågaste innstillingane med tanke på yting. Sjølv skjermkort i mellomklassen frå nokre år tilbake vil lett kunne få ein biletefrekvens over 60 med alt på ultra.

Battlefield 1 har ein omfattande innstillingsmeny på PC.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Menyen i spelet har ei rekkje med innstillingar som kan justerast, for å finne den perfekte balansen mellom yting og grafikk. Innstillingane som går på ljoset verkar å ha mest innverknad på biletefrekvens, og ikkje så mykje innverknad på grafikken. Dei som slit med biletefrekven bør difor byrje med å skru ned ljoskvalitet, deretter effektkvalitet og kantutjamning.

DICE har også lagt inn ein moglegheit til å skifte mellom DirectX 11 og DirectX 12, som det kan vere lurt å eksperimentere med. Det varierar veldig frå PC til PC om ein bør ha på DirectX 11 eller DirectX 12. Eg merka sjølv at programvare som MSI Afterburner og NVIDIA Shadowplay ikkje fungerte med DirectX 12 slått på, samt at ytinga blei merkbart dårligare.

Flott grafikk på tvers av plattformene

SPMachineBunkerXbox SPMachineBunderPC
Xbox One-versjon til venstre, PC til høgre.

Sjølv med nokre små problem her og der med yting på konsoll, er versjonane relativt sett veldig like. Det er vanskeleg å kome unna at grafikken på PC blir betre, men forskjellane er mindre enn ein skulle tru (viss ein ser vekk frå oppløysingar over 1920x1080).

PC-versjonen er utan tvil den beste både teknisk og grafisk, men konsollversjonane er ikkje langt bak. Med maskinvare som er nokre år gamal burde Xbox One slite meir enn den gjer. Utviklaren har difor gjort ein god jobb med å optimalisere Xbox One-versjonen for best mogleg yting og grafikk.

Viss ein ikkje bryr seg så mykje om lange lastetider og eit sjeldant innslag av litt Atari 2600-grafikk, kan ein fint bli nøgd med eit kjøp av Xbox One-versjonen.

Les også: Vår skribent meiner DICE burde gjort meir med Battlefield 1 »

Battlefield 1 er ute til PlayStation 4, Xbox One og Windows. Vår omtale av spelet kjem denne veka.

Siste fra forsiden