Feature

– «Cloud Gaming» er betre for alle

Er dette neste generasjon?

Silikon Knights-høvdingen Denis Dyack meiner ein gyllen epoke er over.

KÖLN (Gamer.no): «Cloud Gaming», eller skyespeling som må bli det litt mindre klengjande norske namnet, er eigentleg ikkje eit nytt konsept. Det har vore snakka om i mange år, og frå Silikon Knights (Too Human, Eternal Darkness) er ein av dei som snakkar høgst. Skal ein tru han, er det ikkje eit spørsmål om kor vidt det er gjennomførtbart, men heller om når det vil bli standarden for interaktiv underhaldning.

Denis Dyack fra Silicon Knights. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Framtida er her

Med annnonseringa av OnLive på Game Developers Conference i San Francisco i mars, er vi absolutt eit stort steg nærare at dette blir ein realitet. Ei verd der du kan spele alle spel på marknaden berre ved å logge den på ein server kan snart ligge ved våre føter, og det er nok få som er meir begeistra for dette enn Denis Dyack.

– «Cloud Gaming» er betre for alle. Det gir perfekt konkurranse mellom utviklarane, og vi mister alle former for monopol. Mange vil seie vi har god konkurranse no, med fleire plattformer som stangar mot kvarandre, men det er feil. Utan plattformer å velje mellom, vil alle spel konkurrere mot kvarandre, uavhengig av plattformer. Gears of War og Resistance er ikkje konkurrentar med mindre du har både Xbox 360 og PlayStation 3. Med «Cloud Gaming» har alle tilgang på alt, alltid.

For å få klårheit i det Dyack seier her, er det kanskje greitt med i kjapp innføring i den omtalte teknologien. Vi er alle vande med forskjellige former for teknologi, i dette dømet hard teknologi. Boksar du dyttar under TV-skjermen inntil du ikkje har rom for fleire, og må setje nokre i bøttekottet. Boksar som etter nokre år blir utdaterte og endar opp som samleobjekt for nostalgikarar.

Med «Cloud Gaming» vil du berre ha ein boks. Du vil ikkje lenger kjøpe spel i butikken, og du vil heller ikkje kjøpe nye maskiner frå Microsoft, Sony eller Nintendo. I staden vil du koble deg mot ei «sky» via ein mottakar under skjermen, og som med kabel-TV vil du få all informasjon sendt til deg medan du spelar. Du vil alltid ha den flottaste grafikken, og du må aldri kjøpe nytt utstyr for å vere ein del av det siste nye. Det einaste du betalar for er biletet du ser på skjermen, og erfaringa dei gir deg.

Berre ein ting som gjeld

– Etter kvart som teknologi blir betre, blir den irrelevant. Ta mobiltelefonar som eit døme. Då dei først dukka opp, var det eksklusivt å ha ein. No har alle ein mobil, og det handlar ikkje lenger om sjølve telefonen, men heller kva telefonen tilbyr. Det viktige er kva du kan bruke den til, ikkje kva den er, eller kva den er laga av.

Tenåringar i dag bryr seg ikkje om å eige noko fysisk. Dei gidd ikkje betale noko dei kan få tak i gratis.

Denis Dyack, Silicon Knights

Det same meiner Dyack vil gjelde for spel i framtida. Kanskje ikkje om eitt år, kanskje ikkje om fire, men definitivt om tjue.

– Tenåringar i dag bryr seg ikkje om å eige noko fysisk. Dei gidd ikkje betale noko dei kan få tak i gratis. Dei er ikkje opptekne av å ha ei CD-plate i hylla. Kva du har fysisk tilgang på vil dermed bli mindre og mindre viktig i framtida. Med ei sky, vil du levere innhald til brukaren, utan å nokon gong gje det til han. Denne teknologien vil vere ei enorm endring i land der intellektuelle rettar ikkje har stort omfang, som i til dømes Kina, samt at det kan fullstendig eliminere piratverksemd.

Sterke ord kanskje, men når ein tenkjer over det, har han heilt rett. Om din einaste måte å få tilgang på eit spel, er ved å logge deg inn på ein konto, velje spelet, for så å spelet det. Vil du aldri ha fysisk tilgang på spelet, og utviklarane er difor sikra inntekter frå alle som spelar. Vi må heller ikkje gløyme suksessen Spotify har hatt på musikkfronten. Det er eit alternativ som er enklare å bruke enn å søke rundt etter ein torrent som let deg laste ned det du vil ha. I så måte blir det mykje raskare og enklare å logge seg på ei sky, enn det blir å laste ned, og leggje inn eit spel, som kanskje ikkje fungerer sidan du ikkje har god nok maskin.

Tekniske utfordringar

Mange hevdar heile konseptet med skyespeling er søkt, og at ein konstant vil bli plaga av forsinkelse og tilkoblingsproblem. Dette er derimot noko Dyack fnyser av.

OnLive-tjenesten lar deg eie, leie eller prøve gratis.

– Dette er distraksjonar, ikkje problem. Kva slags utfordringar vi skulle ha på denne fronten i dag, vil vi klare å løyse. Folk flest bryr seg ikkje om noko er komprimert. Eg har HDTV og Blu-ray, men eg loggar meg i staden på Xbox Live for å sjå ein film. Eg bryr meg ikkje om at kvaliteten er dårlegare. Filmen er den same. Etter kvart som teknologien blir betre, vil uansett komprimeringa bli så god at du ikkje vil sjå forskjell, med mindre du er ein svært seriøs entusiast.

Akkurat dette er vel ein kniv i hjartet for dei som brenn for det beste biletet, og dei skarpaste detaljane, for Dyack har rett. Uavhenig av kor lett du ser at noko er komprimert, vil ikkje brorparten av kjøpemassane gjere det, og difor blir dine synspunkt i saka fullstendig irrelevante for dei som er ute etter å tene pengar.

Eit potensielt skattemakker

Skyene kan få mykje å seie på fleire område enn berre korleis vi mottek den underhaldninga vi brukar tida vår på. Eit anna potensiale er i å bevare gamle spel.

Alle med tilgang på Internett, vil samtidig ha tilgang på alt som ligg der ute. Vi vil få ein heilt ny standard, der vi ikkje må ta stilling til maskinvare.

Denis Dyack, Silicon Knights

– Vi (Silicon Knights) laga vårt første spel i 1991. Det går ikkje lenger an å spele på ein PC i dag, og har enda opp som det vi vi kallar abandonware. Dette er ei stor bakside ved interaktiv underhaldning. Du kan lett sjå ein 50-60 år gammal film, men om du vil spele eit 10-20 år gammalt spel, vil du brått møte mange problem. Skyeteknologien kan fullstendig endre på dette, sidan du ikkje må gjere noko for å få spelet til å fungere. Alle med tilgang på Internett, vil samtidig ha tilgang på alt som ligg der ute. Vi vil få ein heilt ny standard, der vi ikkje må ta stilling til maskinvare. Det viktige er kva som ligg bak skya.

Dyack ser føre seg at vi vil kunne få mange skyedistributørar, og at dei heile vil fungere omlag som med kabel-TV i dag. Han meiner vi vil finne fleire aktørar som tilbyr mykje av det same. Akkurat dette kan potensielt sett gå litt imot det han seier om at alle vil ha tilgang på alt, sidan vi kanskje vil ende opp med å måtte abonnere på fleire tenester for å få tilgang på alt. Det er likevel heilt tydeleg at vi vil gå inn i ein heilt ny epoke.

– Trass i økonomiske nedganstider vil ikkje framtida hugse 2009 som eit dårleg år, det vil bli hugsa som slutten på den gylne epoken for spel. Som det året dei første modellane for skyespeling blei annonsert.

Og med det hadde Denis Dyack fått sagt det han ville. Det er absolutt ingen tvil om at teknologien allereie eksisterer – og fungerer – noko vi i Gamer.no sjølv fekk erfare på Game Developers Conference i mars. Spørsmålet er kor raskt det vil spreie seg, og kor stabilt det vil bli i starten.

Kva trur du om skyeteknololgien? Vil det bli det som for alvor sender interaktiv underhaldning ut til folkemassane, eller vil det bety slutten for eit medium slik vi kjenner det? Bryr du deg om å ha ein boks i hylla, eller det det betre med eit spel du aldri eig eit fysisk eksemplar av?

Siste fra forsiden