Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Brutale utfordringar og nostalgisk plattformaction er noko av det vi ventar på i tida framover.

Kjære landsmenn. Enda ein månad ligg for hell, og med litt andakt må det vore lov å seie den har vore god. Vi har fått servert ei rekke herlege eventyr i årets første vårmånad, og dei har bydd på alt frå todimensjonal utforsking, til djupe rollespel av god, gammal sort.

Obsidian lanserte endeleg sitt etterlengta rollespel Pillars of Eternity, og det falt absolutt i smak hos oss. Eit anna spel som verkeleg slo rot var blendande vakre Ori and the Blind Forest, medan bybyggjaren i oss fekk solide utfordringar i flotte Cities: Skylines. Battlefield: Hardline imponerte ikkje heilt, men om det er skyting du vil ha, gav Zombie Army Trilogy rikeleg med tidsfordriv. Sony har i tillegg lansert From Softwares brutale rollespel Bloodborne.

Med påska luskande rundt hjørnet er det derimot igjen på tide å sjå framover, og april byr på ei variert rekke med spel, sjølv om dei verkeleg store titlande uteblir denne månaden.

Dark Souls II: Scholar of the First Sin

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 3. april

Det blir nok ikkje lettare å leve når Dark Souls II blir større.

From Software har fått seg mange fans med dei utfordrande spela i Souls-serien, og i april lanserer dei ei ny utgåve av Dark Souls II. Scholar of the First Sin byr på mykje nytt innhald, og kjem med ei utvida historie, nye fiendar og oppgradert grafikk. Dette blir første gong serien lanserast på Xbox One og PlayStation 4. Om du enno ikkje har fått med deg Dark Souls II er dette ein gyllen sjanse for å få med deg eit utfordrande spel vi rosa opp i skyene ved lansering:

«Dark Souls II er eit av årets aller beste spel. Vanskegrada er til tider ekstrem, men kampsystemet er så finjustert at det er ei fryd å hoppe unna store sverd og fæle fiendar. Sjølv etter langt over 100 timar er eg framleis ikkje utlærd. Eg blir framleis most av enkle fiendar, og det er alltid min egen feil. Dark Souls II er eit spel som heile tida utfordrar deg som spelar, og det er heilt opp til deg korleis du vil møte den utfordringa.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dark Souls II: Schlar of the First Sin

Hearthstone: Blackrock Mountain

Plattform: Windows, Mac, iPad, Android
Ute: 3. april

Fleire kort er på veg til Hearthstone.

Blizzard har for vane å lage populære spel, og dette blei òg tilfelle då dei lanserte sitt eige kortspel i fjor. Med kjapt og lettvindt gameplay gjorde Blizzard det enkelt for folk å kome i gong med spelet, sjølv om det tek rikeleg med tid å bli skikkeleg god. I motsetning til ei rekke andre kortspel er det lite fokus på å sanke ressursar i Hearthstone, og som spelar er det i staden mykje viktigare å nytte dei du har på ein effektiv måte.

Denne våren lanserer Blizzard ei ny utviding til Hearthstone, og no tek vi turen til Blackrock Mountain. Utvidinga får eit stort fokus på dragar, og vi vil få ei rekke nye kort med eldsprutande beist. Blackrock Mountain vil lanserast over fleire episodar, og kan kjøpast for pengar eller gull du har tent i spelet.

Les også
Anmeldelse: The Perils of Man

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hearthstone: Blackrock Mountain

Mortal Kombat X

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 14. april

Mortal Kombat X blir enda meir brutalt enn før.

Når eit nytt Mortal Kombat-spel står for tur vil dei fleste ha ein solid idé om kva vi har i vente. Med Mortal Kombat X er bordet igjen dekka for brutale slagsmål der blodet flyt og kroppsdelar blir brukt til alt anna enn dei eigentleg er meint for. Med Mortal Kombat X lovar utviklarane hos Netherrealm enda meir groteske fatalitetar enn nokon gong før. I vår sniktitt meinte vi spelet kan vere eit verdig steg vidare for serien:

«Blod, gørr, snø og gamle damer har alle sin plass i dødens arena, og der dei gamle damene for det meste brukast som kastevåpen, står blodet og gørra nok ein gong i førarsetet. Og det er frykteleg blodig; det er frykteleg gørrete; og det er frykteleg, frykteleg brutalt. Men det er akkurat slik eit Mortal Kombat-spel skal vere.»

Sjå bliete, les artiklar og finn beste pris på Mortal Kombat X

Carmageddon: Reincarnation

Plattform: Windows
Ute: 23. april

Carmageddon: Reincarnation lovar blodspurt og galskap.

Om du var gammal nok til å spele spel på 90-talet må du nesten ha levd under ein stein om du ikkje fekk med deg Carmageddon. Dette høgst kontroversielle bilspelet snudde opp med på dei fleste sjangerkonvensjonane. Målet blei stort sett å skape med mogleg blodbad og øydelegging, noko bilar med roterande drillar, knivblad og sagtagga plogar gjorde ganske enkelt.

I år er Stainless Games tilbake med eit blodferskt Carmageddon-spel, og du kan vente deg mykje meir av det vi har sett i tidlegare utgåver. Her blir det eit blodbad utan like, køyrety som er mest for drapsmaskiner å rekne, og ein fysikkmotor som ikkje vil overlate mykje til fantasien når du køyrer gjennom ei folkemengde.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Carmageddon: Reincarnation

Mighty no. 9

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, PlayStation Vita, Xbox One, Xbox 360, Wii U, Nintendo 3DS, Windows, Mac, Linux
Ute: April

Kan Mighty no. 9 leve opp til Mega Mans glansdagar?

Mange utviklarar har gjort suksess på Kickstarter dei siste åra, men Mega Man-skapar Keiji Inafunes Comcept er eit av få japanske studio som har prøvd seg på folkefinansiering. Mighty no. 9 gjorde reint bord då utviklarane bad folket om pengestøtte, og resultatet blir ein andeleg oppfølgjar til Mega Man-serien. Her har Keiji Inafune samla mange av dei opphavelege utviklarane bak Mega Man-serien for å skape eit klassisk plattformeventyr stappfullt av action.

I spelet tek vi på oss rolla som Beck, ein fyr som kan forme om kroppen sin til mange slags våpen basert på sjefskampar han har kome seg heilskinna gjennom. Utover dette vil spelet by på solide mengder hopping og skyting i velkjend Mega Man-stil.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mighty no. 9

Japanske rollespel og taktisk strategi

Blir Xenoblade Chronicles like bra på 3DS som på Wii?

Dei resterade spela i april byr på litt av kvart. Her finn vi alt frå fargerike eventyr til vondskapsfull grottegraving. Det fenomenale japanse rollespelet Xenoblade Chronicles lanserast i ny versjon på 3DS, og det blir svært spanande å sjå korleis Nintendos vesle konsoll handterer dette storslagne eventyret. Litt mindre storslagent blir Bloodsports.tv, eit fleirspelarspel der du skal jakte ei mengd fiendar i ein postapokalyptisk versjon av Sverige.

Strategispelet Stardrive får seg ein oppfølgjar i Stardrive 2 denne månaden, og det same gjer Dungeon Keeper-inspirerte Dungeons. I Dungeons 2 får vi ta med oss vondskap og mørkre opp til landjorda for å spre litt misnøye blant folket der. Minst like interessant for Dungeon Keeper-fansen er War for the Overworld. Dette er ein Kickstarter-finansiert andeleg oppfølgjar til Bullfrogs klassiske strategispel.

Meir humor blir det i skytespelet Block N Load der du skal byggje offensive og defensive konstruksjonar for å halde fiendane unna.

Ein bunke spel kjem i tillegg til nye format i april. Lucas Arts-veteranen Bill Tillers The Perils of Man lanserast på PC. Det same gjer det avsluttande kapittelet i Tim Schafers Broken Age, og spelet lanserast i tillegg på PlayStation 4 og PlayStation Vita. I Tropico 5 kan du bli diktator på PlayStation 4. Racingspelet Ride får samstundes lansering på Xbox One og Xbox 360. Heilt til slutt er det verdt å merke seg at Grand Theft Auto V etter lang ventetid endeleg lanserast på PC.

Det var alt for denne gong, god speling.

Siste fra forsiden