Feature
(Bilde: Montasje Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i april

Tida held på å renne ut, og vi set nokre demonar på saka.

Mars kan på ingen måte seiast å ha vore ein travel månad. I den nokon lunde vesle samlinga med spel vi har fått servert, var det ikkje så alt for mykje å bite tak i. Nokre godbitar var det likevel å spore opp. Ubisofts store skytespel The Division fekk god mottaking hos oss, og om eg skal tru jungeltelegrafen er det fleire der ute som har svidd av ei imponerande mengde timar på spelet allereie.

Vi fekk i tillegg eit gjensyn med vår alles kjære helt Link, i nyversjonen av The Legend of Zelda: Twilight Princess HD. Vår mann meinte det ikkje framstod like friskt og nytt som det gjorde ved Wii-lanseringa i 2006, men det skal vel godt gjerast for et ti år gammalt spel.

No er det derimot atter ein gong tid for å sjå framover, og april i år bør by på noko stort og deileg for kvar ein smak.

Quantum Break

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 5. april

Du vil ikkje yppe med ein fyr som bokstavleg talt har tida på si side.
Du vil ikkje yppe med ein fyr som bokstavleg talt har tida på si side. Bilde: Microsoft

Finske Remedy har blitt eit respektert namn i spelverda av ein enkel grunn; del lagar særs gode spel. Difor er det all grunn til å sjå fram til deira ferskaste samarbeid med Microsoft; det tidsherjande skytespelet Quantum Break. Her får vi ei rekke heftige tidsbaserte krefter som hovudpersonen Jack Joyce kan bruke for å få mest mogleg ut av kulene sine. Samstundes blir historia fortalt både medan du spelar, samt gjennom ekte filmsekvensar. Vi tok ein kikk på det førre månad:

«Når alt kjem til, alt vil alt stå og falle på om Remedy klarar å skape nok variasjon og engasjement gjennom heile spelet. At eg etter ei to-tre-timars økt gjerne ville spele meir er eit godt utgangspunkt for det som – etter lengda på første akt å døme – vil fortone seg som eit rimeleg lineært spel på om lag 10-12 timer.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Quantum Break

Dark Souls III

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 12. april

Vil vi verkeleg dette då?
Vil vi verkeleg dette då? Bilde: From Software

From Software traff gull med sin «aleine mot overmakta»-formel, og er no klare med sitt femte spel etter den uventa suksessen dei hadde med Demon's Souls. Vi kan garantert vente oss fleire beinharde utfordringar mot alle tenkjelege monster og villdyr. Utviklarane har naturlegvis eit mål om å lage det beste spelet i serien, og vi finn snart ut om dei har klart det. Vi ville i alle fall berre spele meir etter at vi prøvde det:

«Etter mi meining er det den heilskaplege opplevinga som definerer Souls-spela. Historia, dialogen, monstra, musikken og alt anna kjem saman for å skape eit knippe uforgløymelege spel. Det er ingen av enkeltelementa som stikk seg noko særleg ut, men når dei setjast saman, blir resultatet rimeleg spektakulært.  Ein ting er i det minste heilt sikkert – eg gler meg noko heilt vanvittig til april.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dark Souls III

The Banner Saga 2

Plattform: Windows, Mac
Ute: 19. april

Ikkje terg ein berserker med to økser.
Ikkje terg ein berserker med to økser. Bilde: Stoic

The Banner Saga tok oss med storm då det blei lansert for nokre år sidan, og vi har sett fram til oppfølgjaren heilt sidan den tid. Det vikinginspirerte spelet blandar taktiske og turbaserte kampar med ansvaret for å halde eit massivt reisefølgje i live. Dine val både gjennom spelet og dialogar kan få fatale konsekvensar, og både heltar og sivile vil leve eller døy basert på kva du gjer.

I The Banner Saga 2 lovar utviklarane enda fleire vanskelege val, nye taktiske moglegheiter, og meir av den fascinerande visuelle stilen det første spelet blei kjent for. The Banner Saga 2 vil introdusere ei rekke nye heltar og fiendar, samt ein ny rase og eit mylder av nye måtar å vinne – eller tape – spelets mange utfordringar på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Banner Saga 2

Ratchet & Clank

Plattform: PlayStation 4
Ute: 20. april

Det er litt vanskeleg å seie nei til eit gjensyn med denne karen.
Det er litt vanskeleg å seie nei til eit gjensyn med denne karen. Bilde: Sony Computer Entertainment

Opp gjennom historia har vi fått mange spel basert på filmar, vi har endå med fått filmar basert på spel. Eit spel basert på ein film basert på eit spel, må vi moglegvis tilbake til det illeluktande Street Fighter: The Movie-spelet for å finne. Ratchet & Clank lanserast i tandem med den komande filmen om duen Ratchet og Clank. Spelet vil bli ei nytolking av det aller første spelet i serien, og skal introdusere plattformuniverset for eit nytt publikum.

I stor grad kan vi vente oss det same spelet som introduserte radarparet i 2003, men sjølvsagt med flunkande ny og vakker grafikk. I tillegg har utviklarane modernisert og endra mekanikkane for å samsvare med endringane serien har sett opp gjennom åra. På toppen av dette blir vi lova nytt innhald, blant anna nye fiendar og nye elleville våpen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ratchet & Clank

Star Fox Zero

Plattform: Wii U
Ute: 22. april

Star Fox på nye neoneventyr.
Star Fox på nye neoneventyr. Bilde: Nintendo

Kven har vel ikkje gleda seg til eit nytt Star Fox-spel? Dei ulike dyreheltane i desse romskipspela har sidan Super Nintendo-dagane vore lett gjenkjennelege blant alle Nintendo sine maskottar. Det har gått alt for mange år sidan førre spel i denne serien, og det er på høg tid med eit gjensyn.

Star Fox Zero er likevel eit av desse spela vil gler oss til sjølv om vi kanskje burde vite betre. Vi hadde svært lite godt å seie om spelet etter vår testrunde i fjor. Spelet tvingar deg inn i ein noko uvant kontrollmodus der du må sjå på ein skjerm for å styre eit romskip, og ein anna for å sikte med våpna dine. Vi fekk det ikkje heilt til å fungere då vi testa det, men vi satsar på at utviklarane har brukt tida godt sidan då på å polere opplevinga.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Fox Zero

Gammalt nytt?

Alienation er for deg som vil drepe mange, mange romvesen.
Alienation er for deg som vil drepe mange, mange romvesen. Bilde: Housemarque

Det er ikkje så frykteleg mykje «nytt» å spore om vi ser nærare på kalenderen for april. Vi finn til dømes konsollanseringar for rallyspelet DiRT Rally, rollespelet Lichdom: Battlemage, samt grottebyggjaren Dungeons 2.

Vidare finn vi derimot nokre spanande nye titlar. Fleire ventar kanskje på skytespelet Alienation til PlayStation 4. Denne stikkeskytaren kjem frå studioet bak festelege spel som Resogun og Super Stardust, noko som burde leggje lista ganske høgt.

I ei noko liknande gate finn vi Enter the Gungeon. I dette spelet skal ein ganske så lovlaus gjeng skyte seg veg gjennom den eine grotta etter den andre. Målet er å finne det ultimate våpenet; ein pistol som kan skyte bort fortida. Lovar bra.

Nights of Azure er på si side eit fargerikt rollespel frå utviklarane av Atelier-serien. I dette spelet kjempar heltane side om side med demoniske leigesoldatar.

Til slutt tek vi med det lekre actionrollespelet Stories: The Path of Destinies. Her skal du spele ein lur rev som eigentleg ikkje er så lur. Vi blir lova solide doser action, val og konsekvensar.

Det var det for denne gong. Kos deg.

Quantum Break Windows

Nights of Azure PS4

Nights of Azure Vita

Stories: The Path of Destinies Windows

The Banner Saga 2 Windows

DiRT Rally PS4

Lichdom: Battlemage PS4

Enter the Gungeon Linux

Enter the Gungeon Mac

Dark Souls III Windows

Dark Souls III XOne

Dark Souls III PS4

Star Fox Zero Wii U

Ratchet & Clank PS4

The Banner Saga 2 Mac

Enter the Gungeon PS4

DiRT Rally XOne

Enter the Gungeon Windows

Lichdom: Battlemage XOne

Alienation PS4

Stories: The Path of Destinies PS4

Nights of Azure PS3

Dungeons 2 PS4

Quantum Break XOne

Quantum Break Windows Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Remedy

Beste priser

Ikke på lager 249,- Til butikk
Ikke på lager 249,- Til butikk
Nedlasting 270,- Til butikk
Nedlasting 333,- Til butikk

Nights of Azure PS4 PS4 PS3 Vita

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 1. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utvikler: Gust Co. Ltd.

Nights of Azure Vita Vita PS3 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 1. april 2016
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utvikler: Gust Co. Ltd.

Stories: The Path of Destinies Windows Windows PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. april 2016
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Spearhead Games
  • Utvikler: Spearhead Games

Beste priser

Nedlasting 100,- Til butikk

The Banner Saga 2 Windows Windows Mac Android iPad iPhone XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. april 2016
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Versus Evil
  • Utvikler: Stoic

Beste priser

Nedlasting 140,- Til butikk
Nedlasting 180,- Til butikk

DiRT Rally PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4

Beste priser

Ukjent lagerstatus 445,- Til butikk
På lager 495,- Til butikk
Ikke på lager 548,- Til butikk
Ikke på lager 548,- Til butikk

Lichdom: Battlemage PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4

Enter the Gungeon Linux Linux Mac PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: Linux
  • Utvikler: Dodgeroll Games

Enter the Gungeon Mac Mac Linux PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: Mac
  • Utvikler: Dodgeroll Games

Dark Souls III Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. april 2016
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: From Software

Beste priser

Ikke på lager 299,- Til butikk
På lager 445,- Til butikk
Ikke på lager 449,- Til butikk
Ikke på lager 449,- Til butikk

Dark Souls III XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. april 2016
  • Plattform: Xbox One
  • Utvikler: From Software

Beste priser

På lager 297,- Til butikk
På lager 429,- Til butikk
På lager 429,- Til butikk
På lager 429,- Til butikk

Dark Souls III PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utvikler: From Software

Beste priser

På lager 428,- Til butikk
På lager 429,- Til butikk
Ikke på lager 429,- Til butikk
Ikke på lager 429,- Til butikk

Star Fox Zero Wii U Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. april 2016
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Platinum Games

Beste priser

På lager 295,- Til butikk
På lager 359,- Til butikk
Bekreftet lagerdato 359,- Til butikk
På lager 445,- Til butikk

Ratchet & Clank PS4 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 20. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Sony Comupter Entertainment
  • Utvikler: Insomniac Games

Beste priser

På lager 299,- Til butikk
Forventet lagerdato 323,- Til butikk
På lager 374,- Til butikk
På lager 375,- Til butikk

The Banner Saga 2 Mac Mac Windows Android iPad iPhone XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. april 2016
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Versus Evil
  • Utvikler: Stoic

Prisinformasjon kommer snart

Enter the Gungeon PS4 PS4 Linux Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utvikler: Dodgeroll Games

DiRT Rally XOne XOne Windows PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: Xbox One

Beste priser

På lager 379,- Til butikk
Ikke på lager 379,- Til butikk
Ikke på lager 379,- Til butikk
Ikke på lager 448,- Til butikk

Enter the Gungeon Windows Windows Linux Mac PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: Dodgeroll Games

Beste priser

Nedlasting 100,- Til butikk
Nedlasting 135,- Til butikk

Lichdom: Battlemage XOne XOne Windows PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. april 2016
  • Plattform: Xbox One

Alienation PS4 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Sony Computer Entertainment
  • Utvikler: Housemarque

Stories: The Path of Destinies PS4 PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Spearhead Games
  • Utvikler: Spearhead Games

Nights of Azure PS3 PS3 PS4 Vita

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 1. april 2016
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utvikler: Gust Co. Ltd.

Dungeons 2 PS4 PS4 Linux Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. april 2016
  • Plattform: PlayStation 4

Prisinformasjon kommer snart

Quantum Break XOne XOne Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. april 2016
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Remedy

Beste priser

På lager 153,- Til butikk
På lager 199,- Til butikk
På lager 349,- Til butikk
På lager 349,- Til butikk

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen