Feature

Desse spela gler vi oss til i august

Solslikkinga er nesten over, no skal det spelast!

Sommaren er på ingen måte heilt over enno, men for dei fleste er det slutt på fellesferien. Dette betyr sjølvsagt berre ein ting; spel. Lass på lass med saftige deilege spel som ventar på å bli køyrt godt i løpet av den neste månaden.

Vi kan likevel ikkje kaste oss heilt inn i den nye månaden før vi ser litt tilbake på kva juli har bydd på. Sjølv om dei fleste heilt sikkert har brukt mykje av tida på å slikke sol og gjere ting som strengt tatt blir litt vanskelege om vinteren med mindre du bur i Finland, har vi fått med oss nokre solide spel òg.

Sjølvsagt kjem vi ikkje utanom Lugi sine eventyr i Super Luigi U, men vi likte 3DS-rollespelet Mario & Luigi: Dream Team Bros enda betre. Det er derimot ikkje alle som diggar Mario, og for dei kunne det kanskje passe med den saftige Civilization V-utvidinga Brave New World. Dei som leitar etter gode eventyr har hatt god grunn til å kose seg med The Walking Dead: 400 Days og The Night of the Rabbit.

No er der derimot på tide å sjå framover, og for ein månad vi har i vente.

Alt klart for spenstige kampar i Tales of Xillia.

Tales of Xillia

Plattform: PlayStation 3 Ute: 9. august

Då er det atter på tide med eit nytt rollespel i den japanske Tales of-serien. Dette er ein av ganske få JRPG-seriar som framleis kjem med nye storspel til konsoll, og med Tales of Xillia prøvar Namco seg på ein del nytt. Den viktigaste endringa er at dei låste kameravinklane no er borte, og du får eit fritt kamera du kan styre som du sjølv vil.

I spelet møter vi den unge legestudenten Jude Mathis og den mystiske kvinna Milla Maxwell. Saman reiser dei ut på eit stort og omfattande eventyr der dei gradvis møter nye følgjevener, nye område, og mange monster som må knertast på vegen. Tales of Xillia byr på ei vidareføring av kampsystemet som har vore ein totempåle i serien sidan starten, samt solide islett av humor gjennom Skit-sekvensane som byggjer opp persongalleriet.

Les meir om Tales of Xillia

Det blir stor strategi i Europa Universalis IV.

Europa Universalis IV

Plattform: Windows Ute: 13. august

Om det er avansert og høgst detaljert strategi du er på jakt etter, kjem du ikkje utanom Europa Universalis-serien. I desse spela får du gjere strategiske val i Europa over eit tidsspann på fleire hundre år, og Europa Universalis IV er på ingen måte noko unntak. I dette spelet kan du prøve å kolonisere Amerika over dei tre hundre åra spelet varar.

Les også
Anmeldelse:

Spelet vil by på tusenvis av historiske hendingar som kan få konsekvensar i alle storleikar. Samtidig har spelet over 4000 monarkar du kan ha som statsleiarar. Desse monarkane kan på si side få svært mykje å seie for korleis nasjonen ditt utviklar seg. Spelet lovar å la deg styre din eigen framgangsmåte sjølv. Om du vil drive handel, diplomati eller hard krigføring blir heilt opp til deg.

Les meir om Europa Universalis IV

Sam Fisher er klar for nye oppdrag.

Tom Clancy's Splinter Cell: Blacklist

Plattform: Xbox 360, PlayStation 3, Wii U, Windows Ute: 22. august

Sam Fisher er snart tilbake. I Blacklist må han ta opp kampen mot terroristgruppa Ingeniørane. Dei trugar med å angripe fleire viktige mål i USA med mindre amerikanarane trekkjer dei militære styrkane sine ut av fleire land. I motsetning til Splinter Cell: Conviction vil Blacklist få eit mykje større fokus på sniking og planlegging enn kva den actionfylte forgjengaren bydde på. Vi har kika på spelet, og likte det vi såg:

«Det gler meg stort at snikedelen er tilbake i Splinter Cell. Den var totalt fråverande i Conviction, og det kjennest godt å kunne gøyme kroppar og kaste «sticky»-kamera rundt meg igjen. Actiondelen fungerte også veldig bra, og det kan virke som om Ubisoft har gjort nokre gode val med dei ulike spelestilane og poenga du kan tene.»

Les meir om Splinter Cell: Blacklist

Dette blir berre tull.

Saints Row 4

Plattform: Xbox 360, PlayStation 3, Windows Ute: 23. august

På tampen av Saints Row: The Third blei du president i USA. Det er kanskje litt vanskeleg å vite kvar ein skal gå når du i praksis har blitt sjefen for verda, men Volition har funne ut av det. I Saints Row IV får du som president blant anna kontroll over eit dubstep-våpen, noko som strengt tatt er heilt normalt i Saints Row-universet. Utviklarane har gått frå å la oss sprøyte rundt oss med innhaldet i ein septiktank, til å gi oss eit dildosverd.

Med Saints Row IV tek dei derimot det heile eit solid steg lenger. No får du superkrefter, og dei blir ganske nyttige i kampen mot ein invasjon frå rommet. Vi kan garantert vente oss toaletthumor i bøtter og spann, samt stor valfridom til å vere så vulgær som du berre vil. Det aller største spørsmålet blir vel strengt tatt korleis dei skal klare å overgå denne galskapen i sitt neste spel.

Les meir om Saints Row IV

Kan dette bli like bra som Rayman Origins.

Rayman Legends

Plattform: Xbox 360, PlayStation 3, PS Vita, Wii U og Windows Ute: 30. august

Oppfølgjaren til det suverene plattformspelet Rayman Origins frå 2011 skulle opprinneleg vere eksklusivt til Wii U, og skulle lanserast i februar. Dette meinte derimot Ubisoft var ein ganske dårleg plan, og utsette spelet til august slik at utviklarteamet kunne få tid til å lage det til fleire plattformer.

Den tida har dei tydelegvis brukt godt. Rayman Legends blir eit omfattande spel der du i tillegg til historia vil få spele heile 40 nivå frå Rayman Origins med oppussa grafikk. Her kan du vente deg sprelsk plattformaction der Rayman og venene hans hoppar, sprett og svingar seg gjennom fleirfaldige lekre nivå fulle av utfordringar. Om du vil kan du dra meg deg tre vener på moroa, eller fire om du spelar på Wii U.

Les meir om Rayman Legends

Brothers: A Tale of Two Sons blir noko utanom det vanlege.

Spelskredet

Noko av det første som skjer i august er at Microsoft sparkar i gong sin årlege Summer of Arcade-kampanje. I løpet av månaden vil fire flunkande nye spel dukke opp på Xbox Live Arcade, og blant dei finn vi nokre spel som ser ut til å bli solide godbitar. Frå svenske Starbreeze får vi ta del i historia om to brør på jakt etter medisin til far sin i eventyrspelet Brothers: A Tale of Two Sons. I vekene etterpå kjem det sideskrollande actionspelet Charlie Murder, før nytolkinga av klassikaren Flashback, samt Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows blir tilgjengelege.

Om du er Disney-fan har du store ting i vente. Capcom er omsider klare med sin nye versjon av det deilege plattformspelet DuckTales, og storsatsinga Disney Infinity er snart klart for butikken.

Har du behov for litt action og skyting vil du få det du treng her og. The Bureau: XCOM Declassified lovar å by på utanomjordiske utfordringar, medan Lost Planet 3 like godt sender oss av garden til ein iskald planet. Treng du litt meir gotisk underhaldning kjem omsider Castlevania: Lords of Shadow til PC. For japanske galskap kan du alltids prøve deg på Killer is Dead.

Eit anna spel som dukkar opp på PC er den nye versjonen av katastrofespelet Final Fantasy XIV. Square Enix har brukt dei siste åra på å byggje det heile opp frå grunnen av, og det blir spanande å sjå korleis det går med spelet i si nye form. Sist, men ikkje minst kan vi ikkje gløyme Wii U-spelet The Wonderful 101 frå Bayonetta- og Metal Gear Rising-utviklarane i Platinum Games.

No er det tid for å slike den sola som er igjen før sommaren er over.

God speling!

Siste fra forsiden