Feature

Desse spela gler vi oss til i august

Nyare tids varmaste sommar slepp taket, og ein bunke nye spel er på veg.

Montasje, Gamer.no

Eg vil hermed gi honnør til alle som har makta å trosse den tropisk varme sommaren vi har hatt, og i staden har benka seg framfor ein skjerm for å spele gjennom eitt eller fleire av dei spela vi ikkje rakk sidan førre sommar. Eg er sikkert ikkje den einaste som har vore nær i koma dei siste vekene, og det har strengt tatt vore svært positivt at det har skjedd uhyre lite på spelfronten den siste månaden.

Vi har riktig nok fått oss litt god underhaldning i form av Oddworld: Abe's Oddysee – New 'n' Tasty, og ei sterk avslutning på The Wolf Among Us, men utover det har det ikkje skjedd mykje på spelfronten dei siste vekene.

Den tradisjonelt varmaste sommarmånaden er derimot på hell, feriane er snart over, kulda gnissar med tennene i det fjerne, og ein ny spelhaust gnir seg i henda. August blir ikkje ein direkte travel månad, men vi får definitivt nok å bruke tida på.

Sacred 3

Sacred 3 byr på tradisjonell rollespelmoro.

Plattform: Windows, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 1. august

Om du treng litt solid rollespelhygge i nær framtid startar månaden godt for din del. Den populære Sacred-serien lev vidare sjølv om den originale utviklaren enda opp med å stenge dørene. I Sacred 3 ser vi ut til å få meir av det same gamle vi kjenner frå før. Det blir eit meir eller mindre tradisjonelt actionrollespel der vi ser alt ovanfrå, og du vil ikkje ta mykje feil om du samanliknar det med spel som Diablo og Torchlight.

Vi blir lova ei stor of variert verd full av fiendar, skattar og moglegheiter for å byggje opp karakteren din. Skulle du vere av typen som ikkje likar å spele aleine kan du i tillegg slå deg saman med tre vener for å ture rundt i fantasiverda Ancaria. Samarbeidsmodusen skal i tillegg ha eit konkurranseelement over seg, så her er det berre å slipe øksa.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sacred 3

King's Bounty: Dark Side

Taktikaren får sitt denne månaden.

Plattform: Windows
Ute: 14. august

Originale King's Bounty reknast som forfaren til den respekterte Heroes of Might & Magic-serien. I serien utviklar du ein helt, byggjer opp ei hær, og går til krig mot alt som skulle finne på å stå i din veg. Spela i denne serien har hatt ein tendens til å dytte oss inn i rolla som menneska, men dette vil endre seg med King's Bounty: Dark Side. I det nyaste spelet i serien får vi ta på oss rolla som demonen Neoleene, eller ein av heltane hennar, og med det tek vi styringa over orkar og alt som større er for å mose menneska.

Utover dette vil spelet by på mange nye soldattypar, gjenstandar og eigenskapar. Heile 15 nye områda vil bli tilgjengelege, samt over hundre nye oppdrag. Om du er ein fan av King's Bounty-serien tyder det meste på at du har ein god del å sjå fram til.

Les også
Anmeldelse: CounterSpy

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på King's Bounty: Dark Side

Risen 3: Titan Lords

Risen 3: Titan Lords satsar på å ete opp kvardagen din.

Plattform: Windows, Playstation 3, Xbox 360
Ute: 15. august

Etter piratspelet Risen 2 har Pirahna Bytes valt å gå tilbake til sine fantasy-røter med Risen 3: Titan Lords. I dette spelet har gudane stukke av og i staden møter vi ein krig mellom massive titanar. Vi blir lova eit tradisjonelt rollespel fullt av store område og endelause rekker med oppdrag du kan ta på deg for å byggje opp karakteren dine. Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år og hadde følgjande å seie:

«Det er absolutt positive ting å spore. Kampsystemet er, om ikkje bra, så i alle fall betydeleg mindre øydelagt enn i det føregåande spelet i serien. Om du går inn for å prøve deg frem vil det tidvis vere underhaldende. Spelet har også ein humoristisk sjarm, og du kan forvente å småhumre av artige kommentarar og oppdrag som er så tåpelege at sjølv spelfiguren din knapt kan tru det.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Risen 3: Titan Lords

Diablo III: Ultimate Evil Edition

Samarbeid er viktig i Diablo III.
Blizzard

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One
Ute: 19. august

I denne samlepakka dyttar Blizzard alt innhaldet dei har laga til Diablo III så langt inn på ein disk, og serverer det til konsollpublikummet. Vi får både Diablo III og Diablo III: Reaper of Souls i eit spel tilpassa den klassiske handkontrollen. Fleirspelarmodusen vil som vanleg i Diablo-serien bli svært viktig, og i konsollversjonen vil fire spelarar kunne spele saman på ei maskin, eller du kan eventuelt ta turen på nett om du vil ha skjermen din for deg sjølv.

PlayStation-versjonane av spelet vil i tillegg by på innhald inspirert av Sony-klassikarar som The Last of Us og Shadow of the Colossus. Nokre av fiendane i spelet vil vere henta ut av The Last of Us, medan du kan kle opp helten din i rustningar inspirerte av Team ICOs gigantmassakre Shadow of the Colossus.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Diablo III: Ultimate Evil Edition

Tales of Xillia 2

Fyrverki er som vanleg noko som skiljar Tales of-kampane godt.

Plattform: PlayStation 3
Ute: 22. august

August har etter kvart blitt månaden der Bandai Nacmo slepp eit nytt Tales of-spel i Europa. I fjor fekk vi det herlege Tales of Xillia, og i år kjem den direkte oppfølgjaren Tales of Xillia 2. I det første spelet brukte vi det meste av tida i verda Rieze Maxia, men etter kvart opna dørene seg til ei heilt anna verd, og denne vil bli hovudsete i oppfølgjaren.

Sjølv om spelet tek opp tråden etter fjorårets spel vil vi møte i ein ny hovudperson og eit knippe nye figurar. Naturlegvis vil vi møte kjende ansikt òg, men alt tyder på at den verkeleg store stjerna som vanleg vil bli kampsystemet som i spel etter spel har bydd på heidundrande god underhaldning.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tales of Xillia 2

Medan vi ventar på hausten

Plantene og zombiene krigar vidare.

Som du ser er det ei solid overvekt av rollespel i august. Det er strengt tatt ikkje uvanleg. Spelutviklarane har tydelegvis innsett at det finnest ingenting betre enn eit nytt skuleår distrahert med eit mykje viktigare spel å forsvinne inn i. Som om dei vi allereie har nemnt ikkje var nok vil Kickstarter-prosjektet Wasteland 2 omsider få si endelege lansering denne månaden, sjølv om noko konkret tidspunkt enno ikkje er klart. For interesserte har dette spelet likevel vore tilgjengeleg ei god stund gjennom Steam Early Access.

For dei som ikkje kunne brydd seg mindre om rollespel byr August på nokre få alternativ. Sony serverer det sideskrollande snikespelet CounterSpy på både stasjonære og portable plattformer, medan 4A Games gjer seg klare til å lansere ei pakke med oppussa versjonar av begge Metro-spela.

Om du i staden er på jakt etter hakket meir frilynt action kan PlayStation-publikummet glede seg over at Plants vs. Zombies: Garden Warfare omsider tek turen over på PlayStation 3 og PlayStation 4.

Dette var alt for denne gong. Vi sjåast når sola går ned, og regnet vaknar frå sommardvale.

Siste fra forsiden