Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Ein intens månad er over, men vi har framleis perler i vente.

Og der var det gjort. Årets drygaste månad er over. Skal eg vere heilt ærleg så er det med ei litt ambivalent kjensle eg skriv dette. Det eine ordet som sirkulerer i topplokket akkurat no er «verkeleg?». Er det verkeleg over? November med si lanseringsliste lang som fleire harde år har kome og gått, og no sit vi her med ein halvmeter høg stabel av kvalitetsspel..

Desember blir noko ganske anna. Der november bydde på opptil fleire nye, store spel kvar veke, er det lengre mellom lanseringane i årets siste månad. Det er forståeleg nok, folk skal gjerne få gjort unna julehandelen ei stund før julekvelden.

Vi får ikkje så mykje å velje i, men det vi får er både sårt etterlengta og svært lovande. Eit fantastisk spelår går mot hell, og her er dei aller siste spela vi ser fram til i 2011.

Klar for meir fantasy-action?

Infinity Blade II

Plattform: iPhone, iPad Ute: 1. desember

Det er ikkje ofte mobilspel hamnar på denne lista, men for Infinity Blade II gjer vi eit unntak. Grafiske maktdemonstrasjonar er ikkje noko vi ser mykje av i den portable verda, men Infinity Blade sperra opp mangt eit auge då det i fjor demonstrerte kva Unreal Engine kunne gjere på ein iPhone.

I den sjølvsagde oppfølgjaren lovast vi at alt blir større og betre, som seg hør og bør i ein oppfølgjar. I følgje Epic Games skal vi få djupare rollespelelement medan vi utforskar nye område og nye fiendar. I tillegg kjem spelet med fleirspelarmodusen Clash Mob som let deg kjempe mot andre spelarar for å vinne diverse våpen og gjenstandar.

Les meir om Infinity Blade II

Det kjem aldri til å ende bra.

Mario Kart 7

Plattform: 3DS Ute: 2. desember

Nintendo har eigentleg vore ganske trege med å få ut fingeren når det gjeld kvalitetsspel på 3DS. Klart Ocarina of Time er ei evig perle, men det er ikkje akkurat eit nytt spel, og det er nye spel vi har sakna. Det lovar dei å gjere noko med når Mario Kart 7 lanserast.

Som vanleg kan du vente deg spinnville kampar langs heilsprø baner der du skyt både det eine og det andre skjelpappeskalet mot konkurrentane dine. Den største nyvinninga i denne utgåva av den populære serien er nok at du kan skru saman dine eigne kjerrer før kvart meisterskap. Dette saman med litt skikkeleg rølperacing i full 3D bør kunne by på mange herlege timar i selskap med Nintendos vesle 3D-mirakel.

Les også
Anmeldelse:

Les meir om Mario Kart 7

Lekkert og magisk i eventyrland.

Trine 2

Plattform: PC, Mac, PS3, Xbox 360 Ute 9. desember

Om du treng litt sosial hygge i jula kan dette vere spelet for deg. Trollmannen, tjuven og riddaren frå det første spelet er tilbake, og klare for heilt nye eventyr. Til forskjell frå forgjengaren blir Trine 2 tilgjengeleg på konsoll i tillegg til PC og Mac, og tre spelarar kan samarbeide om å klare dei forskjellige utfordringane trekløveret blir stilt ovanfor.

Alle dei tre heltane har unike eigenskapar og for å kome seg gjennom spelet må desse eigenskapane brukast flittig. Spelar du aleine må du skifte mellom dei tre heltane ganske ofte, og om ein vel å spele saman med nokon må ein verkeleg samarbeide. Det første spelet var ei flott lita perle, og vi satsar på at Trine 2 lev opp til forgjengaren sitt gode namn og rykte.

Les meir om Trine 2

Sjølv ikkje ein flammekastar kan slå ein lyssabel.

Star Wars: The Old Republic

Plattform: PC Ute: 20. desembr

Eg ser ikkje heilt bort ifrå at dette er spelet som kjem til å oppnå flest sal i desember. Noko anna hadde eigentleg vore litt absurd med tanke på at det er BioWare og Star Wars vi snakkar om. Desse to har som dei fleste veit ei svært solid historie bak seg med Knights of the Old Republic, og forventningane til BioWare si første MMO-satsing er naturleg nok skyhøge.

Det blir uhyre spanande å sjå om BioWare klarar å innfri alt dei har lova, og om dette omsider blir ein verdig konkurrent til MMO-kongen World of Warcraft. Om nokon skulle klare det må det nesten vere Star Wars. Kven vil vel ikkje få seg eit romskip, ein lyssabel og ein ferietur til ein galakse langt, langt borte?

Les meir om Star Wars: The Old Republic

God jul

Dette er etter vårt syn dei viktigaste spela i desember. Som du ser blir det ein roleg månad, eg trur dei fleste kan ha godt av det etter ein svært hissig november.

Utover desse titlane kjem òg blant anna Assassin's Creed: Revelations omsider til PC. Vi får håpe Ubisoft er litt snillare med kopisperrene sine denne gong, slik at lovlydige borgarar for lov til å spele produktet dei har kjøpt.

Stort meir er det eigentleg ikkje å seie. Men treng vi eigentleg seie meir? November kom med så mange høgkvalitetsspel at det burde halde dei fleste i sving til langt ut på nyåret. Her i Gamer.no held vi framleis på med å prøve å kome oss gjennom alt, og du kan framleis sjå fram til mykje godt stoff frå oss i vekene fram mot jul.

Så kva skal du gjere i adventstida? Spele Skyrim, Skyward Sword, eller bit du negler medan du ventar på Star Wars: The Old Republic?

Siste fra forsiden