Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Årets siste spillmåned byr på noen skikkelege godbitar.

Nå er vi her igjen. Din tida på året du legg solide planar for korleis du skal få tid til å gjere ferdig alle dei 42 spela du ikkje fekk med deg tidlegare i året, i løpet av nokre få dagar betre kjende som juleferien.

Du veit planen kjem til å feile på alle punkt i år og, men det er lov å prøve seg. Det kjekke med desember er uansett at det sjeldan er ekstremt mange spel som skal ut til folket denne månaden. Sjansen for å kome seg i det minste halvvegs gjennom eitt spel er difor over middels. Når det kjem til innkjøp av splitter nye spel vil eg tru det stort sett er Valve sitt massive julesal som vil tømme lommebøkene til lesarane våre.

Vi er nett ferdige med det som må vere lov å kalle årets viktigaste månad. Med lanseringa av PlayStation 4 har Sony sparka i gong neste generasjon, og vi har dei siste vekene servert stoff om både maskina og spela den kjem med.

Tru det eller ei, men november har sett langt meir enn berre lanseringa av ein ny konsoll. Vi har som vanleg fått eit nytt Call of Duty-spel, men denne gongen imponerte det ikkje. Langt meir begeistra var vi over nyversjonane av Baldur's Gate II og XCOM. For musikkelskarane fekk vi i tillegg fantastiske Rocksmith 2014, eit spel vi meiner er det beste musikkspelet gjennom tidene.

Jula er no på veg, men før vi er heilt klare for ferien ser vi fram til nokre skikkelege godbitar som skal lanserast i desember.

Broken Sword: The Serpent's Curse

Plattform: Windows, Mac, Linux, Android, iOS, PS Vita
Ute: 4. desember

George Stobbard er snart tilbake.
George Stobbard er snart tilbake.

Vi sparkar i gong desember med den tredje oppfølgjaren til ein kjend og kjær peik og klikk-serie. Broken Sword-serien starta med kritikarrosa The Shadow of the Templars heilt tilbake i 1996. Den gong brukte utviklarane handteikna bakgrunnar og tradisjonell 2D-animasjon for å suge oss inn i det dramatiske eventyret. Seinare gjekk serien over til 3D, men med Kickstarter-finansierte The Serpent's Curse har utviklarane gått tilbake til røtene sine igjen.

I The Serpent's Curse møter vi atter ein gong den amerikanske advokaten George Stobbard og den franske fotojournalisten Nico Collard. Saman blir dei vitne til eit mord som sender dei ut på nok eit eventyr fullt av mysterium og konspirasjonar. Spelet blir delt i to episodar, og andre del kjem på nyåret.

Les meir om Broken Sword: The Serpent's Curse

Gran Turismo 6

Plattform: PlayStation 3
Ute: 6. desember

Ein av 1200 bilar.
Ein av 1200 bilar.Foto: Sony Computer Entertainment

Etter at lanseringa av Xbox One og Forza Motorsport 5 i Noreg blei utsett til våren, er det få spel som kan konkurrere mot Gran Turismo for å bli årets største og viktigaste bilspel. Gran Turismo 6 byr på heile 1200 bilar, og om du har ei over middels interesse for fresing av gummi skal det godt gjerast å ikkje finne noko som passar deg her.

Ved sidan av eit enormt bilutval byr Gran Turismo 6 på mange visuelle forbetringar. Nøyaktig simulering av stjernehimmelen vil sørgje for at du om du skulle ha tid til å sjå opp medan du køyrer midt på natta, vil sjå eit nøyaktig stjernebilete i forhold til kvar i verda racet skulle gå føre seg. Om det ikkje skulle vere nok kan du ta ein tur til månen, eller bryne deg på minispel der du til dømes kan teste ut kor langt du kan kome deg med lite drivstoff.

Les meir om Gran Turismo 6

Bravely Default

Plattform: 3DS
Ute: 6. desember

Om du har sakna eit verdskart å leike deg på for du i pose og sekk.
Om du har sakna eit verdskart å leike deg på for du i pose og sekk.

Om du meiner alt var betre før, og at dei japanske rollespela mista fotfeste etter dominansen dei hadde under PlayStation 1-tida, er Bravely Default spelet for deg. Her møter vi eit knippe meir eller mindre skikka heltar som reiser ut på eit digert eventyr for å rydde opp i problema i verda.

Spelet byr på ein spesiell grafisk stil som kombinerer 3D-grafikk med todimensjonale teikningar for å skape noko som lett kan minne om dei stilleståande bakgrunnsbileta rollespel var kjende for før i tida. Spelet let deg bygge opp heltane dine slik du sjølv vil ved å la deg setje saman eigenskapar frå mange forskjellige jobbar. I tillegg byr spelet på eit digert verdskart og det sjølvsagde luftskipet.

Les meir om Bravely Default

The Walking Dead: Season 2

Plattform: Windows, Mac, iOS, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: desember

Clementine hamnar i nye og særs prekære situasjonar.
Clementine hamnar i nye og særs prekære situasjonar.

Den første sesongen av The Walking Dead blei ein stor suksess både blant publikum og oss her i redaksjonen. Den gripande og intense historia om Lee og Clementine greip fatt om spelarane og slapp ikkje taket. I vår oppsummering av fjorårets beste spel meinte vi The Walking Dead hadde den klart beste historia, samt at det kom høgt opp på lista over dei beste spela for ein spelar.

Før året er omme får vi atter sjansen til å prøve å overleve zombieinfernoet. Historia held fram der sesong ein slutta, og dei vala du gjorde der vil få direkte innverknad på kva som skjer vidare. Utviklarane lovar å ha høyrt på all kritikk, og alt bør vere klart for ei intens og utriveleg oppleving i det julemørket senkar seg.

Les meir om The Walking Dead: Season 2

Grand Theft Auto: San Andreas

Plattform: Androis, iOS, Windows Phone
Ute: desember

Skjermbilete frå originalversjonen av San Andreas.
Skjermbilete frå originalversjonen av San Andreas.

At eit åtte år gammalt spel snik seg inn på lista over dei spela vi ser mest fram til høyrest kanskje litt snodig ut, men så er det tross alt snakk om ein ny versjon av klassikaren Grand Theft Auto: San Andreas. Dette spelet sprengde grenser då det dukka opp på PlayStation 2, Xbox og PC i 2005. Den massive verda bydde på enormt mange moglegheiter, og trollbatt spelarane.

Rockstar har gjort solid suksess med å lansere Grand Theft Auto-spela for mobile plattformer, og no er det San Andreas sin tur. Spelet har fått seg ei grafisk oppussing via betre lys og skugge, samt figur- og bilmodellar. Spelet vil naturlegvis by på rørslekontroll, men om dette ikkje er noko for deg støttar spelet handkontroll.

Les meir om Grand Theft Auto: San Andreas

Rubbel og bit

Om du likar stikkeskytarar kan Halo: Spartan Assault vere noko for deg.
Om du likar stikkeskytarar kan Halo: Spartan Assault vere noko for deg.

Når vi kjem til desember er som regel dei fleste av årets spel lansert. Følgjeleg er det ikkje så mykje meir å sjå fram til resten av året enn det vi allereie har nemnt.

Nokre spanande titlar finn vi likevel. Det populære spelet Terraria er til dømes på veg til PS Vita. I dette sideskrollande spelet skal du byggje deg både hus og utstyr medan du utforskar ei farleg verd full av sinte beist. Det heile kan minne ein del om Minecraft, bortsett frå den store forskjellen som kjem gjennom den grafiske presentasjonen.

Om du har Wii U eller 3DS kan du sjå fram til Scribblenauts Unlimited. Som med tidlegare Scribblenauts-spel må du lage gjenstandar ved å setje saman ulike ord.

Skulle du trenge litt meir action før året er omme lanserast stikkeskytaren Halo: Spartan Assault for Xbox 360 og Xbox One. Med mindre du har importert ein Xbox One må du nok ta til takke med Xbox 360-versjonen.

Lurer du på når et etterlengtet spill kommer i salg?
Bruk vår Spillkalender til å holde deg oppdatert »

The Walking Dead: Season Two PS3

Scribblenauts Unlimited Wii U

Scribblenauts Unlimited 3DS

Grand Theft Auto: San Andreas Android

Gran Turismo 6 PS3

The Walking Dead: Season Two iPad

Broken Sword: The Serpent's Curse Windows

The Walking Dead: Season Two X360

Broken Sword: The Serpent's Curse Mac

Grand Theft Auto: San Andreas iPhone

Bravely Default 3DS

Halo: Spartan Assault XOne

Terraria Vita

The Walking Dead: Season Two Mac

Broken Sword: The Serpent's Curse Android

The Walking Dead: Season Two Windows

Broken Sword: The Serpent's Curse iPad

Broken Sword: The Serpent's Curse Linux

Broken Sword: The Serpent's Curse Vita

Grand Theft Auto: San Andreas iPad

Halo: Spartan Assault X360

Grand Theft Auto: San Andreas WPhone

The Walking Dead: Season Two PS3 PS3 iPad Mac Windows X360 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 17. desember 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Scribblenauts Unlimited Wii U Wii U Windows 3DS

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. desember 2013
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Warner Bros.
  • Utvikler: 5th Cell

Scribblenauts Unlimited 3DS 3DS Windows Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. desember 2013
  • Plattform: Nintendo 3DS
  • Utgiver: Warner Bros.
  • Utvikler: 5th Cell

Grand Theft Auto: San Andreas Android Android PS2 Windows Xbox iPad iPhone WPhone X360 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. desember 2013
  • Plattform: Android
  • Utgiver: Rockstar
  • Utvikler: Rockstar North

Gran Turismo 6 PS3 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. desember 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Sony Computer Entertainment
  • Utvikler: Polyphony Digital

Beste priser

Nedlasting 109,- Til butikk
På lager 189,- Til butikk
På lager 219,- Til butikk
Forventet lagerdato 219,- Til butikk

The Walking Dead: Season Two iPad iPad Mac PS3 Windows X360 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 17. desember 2013
  • Plattform: iPad
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Broken Sword: The Serpent's Curse Windows Windows Mac Android iPad Vita Linux XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2013
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Revolution Software

Beste priser

Nedlasting 7,- Til butikk
Ikke på lager 170,- Til butikk

The Walking Dead: Season Two X360 X360 iPad Mac PS3 Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 17. desember 2013
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Broken Sword: The Serpent's Curse Mac Mac Windows Android iPad Vita Linux XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2013
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Revolution Software

Grand Theft Auto: San Andreas iPhone iPhone PS2 Windows Xbox iPad Android WPhone X360 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. desember 2013
  • Plattform: iPhone
  • Utgiver: Rockstar
  • Utvikler: Rockstar North

Bravely Default 3DS 3DS

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. desember 2013
  • Plattform: Nintendo 3DS
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Silicon Studio

Halo: Spartan Assault XOne XOne Windows WPhone X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. september 2014
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: 343 Industries

Terraria Vita Vita Windows PS3 X360 XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2013
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: 505 Games
  • Utvikler: Re-Logic

The Walking Dead: Season Two Mac Mac iPad PS3 Windows X360 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 17. desember 2013
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Broken Sword: The Serpent's Curse Android Android Windows Mac iPad Vita Linux XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2013
  • Plattform: Android
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Revolution Software

The Walking Dead: Season Two Windows Windows iPad Mac PS3 X360 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 17. desember 2013
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Beste priser

Nedlasting 41,- Til butikk
På lager 99,- Til butikk
På lager 100,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk

Broken Sword: The Serpent's Curse iPad iPad Windows Mac Android Vita Linux XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2013
  • Plattform: iPad
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Revolution Software

Broken Sword: The Serpent's Curse Linux Linux Windows Mac Android iPad Vita XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2013
  • Plattform: Linux
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Revolution Software

Broken Sword: The Serpent's Curse Vita Vita Windows Mac Android iPad Linux XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2013
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Revolution Software

Grand Theft Auto: San Andreas iPad iPad PS2 Windows Xbox iPhone Android WPhone X360 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. desember 2013
  • Plattform: iPad
  • Utgiver: Rockstar
  • Utvikler: Rockstar North

Halo: Spartan Assault X360 X360 Windows WPhone XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Januar 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: 343 Industries

Grand Theft Auto: San Andreas WPhone WPhone PS2 Windows Xbox iPad iPhone Android X360 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. desember 2013
  • Plattform: Windows Phone
  • Utgiver: Rockstar
  • Utvikler: Rockstar North

Kommentarer (46)

Forsiden akkurat nå

Til toppen