Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Spelrushet er over for i år, men årets siste månad er likevel ikkje fritt for spanande spel.

For ein månad! November svikta ikkje i år heller, og vi har fått ei god, lang rekke med saftige spel som har fukta spelappetitten vår, og vel så det. Vi har kosa oss med drakar og magi i Dragon Age: Inquisition, reist på fjelltur i Far Cry 4, og gjort vårt beste for å overleve krigen i This War of Mine.

Assassin's Creed Unity overbeviste oss, sjølv om mange spelarar har slite med tekniske feil. Det same kan seiast om samlepakka Halo: The Master Chief Collection som imponerte oss stort, men som har slite med å la spelarane gå til kamp mot kvarandre over nettet i tida etter lansering. Færre irritasjonar har vi vore ute for i spel som Call of Duty: Advanced Warfare, Fottball Manager 2015, Pro Evolution Socer 2015, og ikkje minst Grand Theft Auto V, som dukka opp på PlayStation 4 og Xbox One denne månaden.

Det har kort og godt vore ein fenomenal månad, og som vanleg har november vore månaden der sleppa av storspel stod tettast. Ikkje uventa blir difor desember ein noko spinkel månad i samanlikning, men nokre spanande titlar har vi likevel greidd å grave fram.

The Crew

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 2. desember

Gummi skal sviast i The Crew.
Gummi skal sviast i The Crew.

The Crew er eit massivt bilspel som blandar racing med rollespel og MMO. Tusenvis av bilførarar vil ta til vegane, rotte seg saman, og kome seg gjennom utfordringar enten aleine eller saman med andre. Spelet byr på ei enorm verd der vi får så og seie heile USA som boltreplass. Du kan køyre gjennom både villmark og landevegar, eller halde deg til svidd gummi i storbyane. Vi såg mykje potensiale i spelet då vi kika på det:

«Den reine og skjære storleiken på spelets versjon av USA er svært imponerande, og om flyten held seg jamn på tvers av dei førtiåtte ulike statane lovar dette godt for spelets endelege versjon. Berre tanken på å køyre nedover Route 66 i fred og fordrageligheit er forlystande, og det same gjeld også for moglegheita til å leike bajas i New Yorks gater. Håpet er då å finne ein bil ein kan bli ordentleg komfortabel med, og alt ligg an til at The Crew gjev deg nettopp denne moglegheita.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Crew

Game of Thrones

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows, Mac, iOS, Android
Ute: 3. desember

Sjefen sjølv er tilbake i Game of Thrones-spelet frå Telltale Games.
Sjefen sjølv er tilbake i Game of Thrones-spelet frå Telltale Games.

Om du er ein av dei mange som lengtar sårt etter neste sesong av suksesserien til HBO, vil du om kort tid vil få ei god dose Game of Thrones dei kan halde seg varme med gjennom vinteren. Når Telltale Games bryner seg på HBO-tolkinga av George RR Martins fantasyunivers set dei handling til tida mellom slutten på sesong tre, og byrjinga av seongs fem av TV-serien.

I Game of Thrones-spelet møter vi familien Forrester frå langt nord i Westeros. Handlinga veit vi ikkje mykje om, men vi vil følgje fem ulike personar, og dei vil vere spreidde over store delar av verda. Vi vil møte igjen kjende og meir eller mindre kjære fjes, og fleire av skodespelarane frå serien er med i spelet. Som vanleg frå Telltale Games kan du vente deg mange val og konsekvensar, og kva du gjer med ein person kan få ringverknader for dei andre.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Game of Thrones

Kingdom Hearts HD 2.5 ReMIX

Plattform: PlayStation 3
Ute: 5. desember

Klar for ein tur tilbake til Disneyland?
Klar for ein tur tilbake til Disneyland?

I fjor lanserte Square Enix Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX. Det var ei samlepakke der vi fekk oppussa versjonar av det første Kingdom Hearts-spelet, Kingdom Hearts: Chain of Memories, samt ein filmversjon av Nintendo DS-spelet Kindom Hearts: 358/2 Days. I år avsluttar Square Enix Kingdom Hearts bonanzaen med Kingdom Hearts HD 2.5 ReMIX.

I den komande samlepakka blir det nok av utfordringar for spelarar å bryne seg på. Vi får HD-versjonar av PlayStation 2-spelet Kingdom Hearts 2 og PSP-spelet Kingdom Hearts: Birth by Sleep, samt filmsekvensane frå mobil- og Nintendo DS-spelet Kingdom Hearts Re: Coded. Dei to fulle spela i pakka er bygde på dei japanske Final Mix-versjonane av spela, noko som på godt norsk betyr noko så enkelt som nytt innhald du aldri har spelt før. Om du treng ei dose eventyr og Disneymagi i jula, er dette eit trygt val.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kingdom Hearts HD 2.5 ReMIX

Lara Croft and the Temple of Osiris

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 9. desember

Lara Croft på nye eventyr.
Lara Croft på nye eventyr.

Sjølv om Crystal Dynamics har valt å spole tida tilbake for å la oss møte unge Lara Croft i sine Tomb Raider-spel, betyr ikkje det at dei har gløymt arkeologen slik vi kjenner ho. Den barske dama i hotpants og sportstrøye dukka for fire år sidan opp i det isometriske eventyrspelet Lara Croft and the Guardian of Light, og i år er det klart for nye eventyr i same stil.

I Lara Croft and the Temple of Osiris kan fire spelarar rotte seg saman for å stogge ein vond gud. Spelarane kan ta på seg rollene som Lara Croft, rivalen Carter Bell, samt dei egyptiske gudane Horus og Isis. Som i det første spelet kan vi garantert vente oss ei solid blandig av action og praktiske utfordringar som krev at spelarane samarbeider for å kome vidare.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Lara Croft and the Temple of Osiris

Elite: Dangerous

Plattform: Windows
Ute: 16. desember

Elite: Dangerous tek oss med til det ytre rom.
Elite: Dangerous tek oss med til det ytre rom.

Elite: Dangerous er oppfølgjaren til det 30 år gamle romskipspelet Elite. Som med mange andre spel no for tida blei Elite: Dangerous finansiert gjennom Kickstarter. Utviklarane lovar oss ei mildt sagt enorm verd du kan utforske frå cockpiten på romskipet ditt. Heile Melkeveien skal simulerast, og det betyr at vi vil få leggje auga på over 400 milliardar solsystem.

Å lande på nokon av dei milliardane av planetar spelet byr på vil ikkje vere mogleg i første omgang. Utviklarane satsar i staden på at spelarane får nok med å reise rundt i rommet for å livnære seg som alt frå handelsmenn til leigemordrarar og bytejegarar. Utviklarane satsar på å gjere spelet så realistisk som mogleg, noko som betyr truverdige natt- og dag-syklusar samt fysikk som gjer det den kan for å simulere reiser i vektlaus tilstand.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Elite: Dangerous

O jul med di glede

Robotfilosofi i The Talos Principle.
Robotfilosofi i The Talos Principle.

Dei resterande spela denne månaden byr på svært ulike opplevingar. I The Talos Principle skal du til dømes ta på deg rolla som ein robot i eit spel fullt av gåter og filosofiske undertonar, noko som kanskje er litt vanskeleg å tru når ein tenkjer over at spelet kjem frå skaparane av Serious Sam-serien.

Mindre seriøst er Tales from the Borderlands. Dette er lansert på PC og Xbox One allereie, men dukkar i desember opp på resterande plattformer. Andre spel som får nye versjonar er Metal Gear Solid V: Ground Zeroes som dukkar opp på PC, samt The Elder Scrolls Online som skal dukke opp på PlayStation 4 og Xbox One ein gong i løpet av månaden, sjølv om Bethesda har vore stille på den fronten den siste tida.

Halo-fansen får seg eit nytt eventyr i desember, om dei ikkje fekk nok med Halo: The Master Chief Collection. Halo: Spartan Strike er oppfølgjaren til stikkeskytaren Halo: Spartan Assault, og blir lansert på Windows 8 og Windows-mobilar. Om du treng litt zombier for å gjere månaden komplett, kan du ta ein kikk på det turbaserte zombiespelet Dead State.

Det var alt, ikkje berre for denne månaden, men for i år. Vi håpar du har kosa deg stort dette året òg, utan å ha blitt plaga for mykje av trenden med uferdige spel som blir lanserte for tidleg. Vi kjem tilbake med ei ny liste spel når det nye året brakar laus.

Nyt ferien, nyt jula, og ha eit riktig så godt nytt år.

The Talos Principle Mac

The Elder Scrolls Online XOne

The Crew X360

Dead State Windows

Halo: Spartan Strike WPhone

The Talos Principle PS4

Tales from the Borderlands PS4

Lara Croft And The Temple Of Osiris XOne

Elite: Dangerous Windows

Lara Croft And The Temple Of Osiris PS4

Lara Croft And The Temple Of Osiris Windows

Kingdom Hearts HD 2.5 ReMIX PS3

The Crew Windows

The Crew PS4

The Talos Principle Linux

Game of Thrones – A Telltale Games Series Mac

The Talos Principle Windows

Game of Thrones – A Telltale Games Series PS4

Tales from the Borderlands PS3

Game of Thrones – A Telltale Games Series Windows

Tales from the Borderlands X360

Game of Thrones – A Telltale Games Series X360

Halo: Spartan Strike Windows

Game of Thrones – A Telltale Games Series XOne

Metal Gear Solid V: Ground Zeroes Windows

Game of Thrones – A Telltale Games Series PS3

The Elder Scrolls Online PS4

The Crew XOne

The Talos Principle Mac Mac Linux PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. desember 2014
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Devolver Digital
  • Utvikler: Croteam

Beste priser

Nedlasting 359,- Til butikk

The Elder Scrolls Online XOne XOne Windows Mac PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. juni 2015
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: Zenimax Online Studios

Beste priser

Ikke på lager 349,- Til butikk
På lager 494,- Til butikk
På lager 495,- Til butikk
Forventet lagerdato 495,- Til butikk

The Crew X360 X360 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. desember 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Asobo Studio

Dead State Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Iron Tower Studio
  • Utvikler: DoubleBear Productions

Halo: Spartan Strike WPhone WPhone Windows iPhone

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. desember 2014
  • Plattform: Windows Phone
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Vanguard Games

The Talos Principle PS4 PS4 Linux Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Devolver Digital
  • Utvikler: Croteam

Beste priser

På lager 297,- Til butikk
På lager 298,- Til butikk
Forventet lagerdato 298,- Til butikk

Tales from the Borderlands PS4 PS4 Windows XOne Mac iPad iPhone PS3 X360 Android

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Gearbox Software
  • Utvikler: Telltale Games

Beste priser

På lager 199,- Til butikk
På lager 248,- Til butikk
På lager 545,- Til butikk

Lara Croft And The Temple Of Osiris XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. desember 2014
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Crystal Dynamics

Elite: Dangerous Windows Windows Mac XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 16. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: Frontier Development

Lara Croft And The Temple Of Osiris PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Crystal Dynamics

Beste priser

På lager 179,- Til butikk
Ikke på lager 299,- Til butikk
Ikke på lager 299,- Til butikk

Lara Croft And The Temple Of Osiris Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Crystal Dynamics

Beste priser

Ikke på lager 59,- Til butikk
Ikke på lager 59,- Til butikk
På lager 99,- Til butikk
På lager 248,- Til butikk

Kingdom Hearts HD 2.5 ReMIX PS3 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Beste priser

På lager 198,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk

The Crew Windows Windows PS4 XOne X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ivory Tower

Beste priser

Ikke på lager 209,- Til butikk
Ikke på lager 209,- Til butikk
På leverandørlager 237,- Til butikk
Forventet lagerdato 237,- Til butikk

The Crew PS4 PS4 Windows XOne X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ivory Tower

Beste priser

På lager 448,- Til butikk
På lager 449,- Til butikk
Ikke på lager 499,- Til butikk

The Talos Principle Linux Linux Mac PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. desember 2014
  • Plattform: Linux
  • Utgiver: Devolver Digital
  • Utvikler: Croteam

Beste priser

Nedlasting 359,- Til butikk

Game of Thrones – A Telltale Games Series Mac Mac Windows PS4 X360 XOne iPad iPhone PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. desember 2014
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

The Talos Principle Windows Windows Linux Mac PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Devolver Digital
  • Utvikler: Croteam

Beste priser

Nedlasting 359,- Til butikk

Game of Thrones – A Telltale Games Series PS4 PS4 Mac Windows X360 XOne iPad iPhone PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Beste priser

Ikke på lager 228,- Til butikk

Tales from the Borderlands PS3 PS3 Windows XOne Mac iPad iPhone PS4 X360 Android

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Gearbox Software
  • Utvikler: Telltale Games

Game of Thrones – A Telltale Games Series Windows Windows Mac PS4 X360 XOne iPad iPhone PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Tales from the Borderlands X360 X360 Windows XOne Mac iPad iPhone PS3 PS4 Android

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. desember 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Gearbox Software
  • Utvikler: Telltale Games

Game of Thrones – A Telltale Games Series X360 X360 Mac Windows PS4 XOne iPad iPhone PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. desember 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Halo: Spartan Strike Windows Windows WPhone iPhone

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Vanguard Games

Game of Thrones – A Telltale Games Series XOne XOne Mac Windows PS4 X360 iPad iPhone PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. desember 2014
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Beste priser

Ikke på lager 198,- Til butikk
Forventet lagerdato 360,- Til butikk

Metal Gear Solid V: Ground Zeroes Windows Windows PS3 PS4 X360 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 18. desember 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Konami
  • Utvikler: Kojima Productions

Game of Thrones – A Telltale Games Series PS3 PS3 Mac Windows PS4 X360 XOne iPad iPhone

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. desember 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Beste priser

På lager 149,- Til butikk
Forventet lagerdato 201,- Til butikk
På lager 218,- Til butikk
På lager 348,- Til butikk

The Elder Scrolls Online PS4 PS4 Windows Mac XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. juni 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: Zenimax Online Studios

Beste priser

På lager 249,- Til butikk
Ikke på lager 349,- Til butikk
Forventet lagerdato 391,- Til butikk
På lager 495,- Til butikk

The Crew XOne XOne PS4 Windows X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. desember 2014
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ivory Tower

Beste priser

På lager 158,- Til butikk
På lager 159,- Til butikk
På lager 179,- Til butikk
På lager 195,- Til butikk

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen