Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Du trudde året var over? Tru om att.

Montasje, Gamer.no

Då var vi her igjen. Ved vegs ende. Atter eit år er over, og vi kan sjå tilbake på eit temmeleg solid år for spelverda. Den siste månaden som har gått har òg bydd på ei solid dose underhaldning. Sjølv om Call of Duty: Infinite Warfare ikkje imponerte oss, fekk vi likevel nokre herlege spelopplevingar gjennom Watch Dogs 2, Dishonored 2 og avslutninga på det episodiske Hitman-spelet.

Hausten har med andre ord bydd på nok av ting du kan håpe hamner under juletreet om nokre veker. Året er derimot ikkje over. Sjølv om lista med spel som skal lanserast i desember er mykje slankare enn kva vi har sett dei førre månadane, betyr ikkje at at vi ikkje har nokre skikkelege godbitar i vente.

Steep

Kan Steep skape skikkeleg ekstremsportmagi?
Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 2. desember

Med Steep håpar Ubisoft å puste nytt liv inn i fjellsportsjangeren. Det treng vi. Etter eit ikkje heilt vellukka forsøk frå EA i å stable SSX-serien på beina igjen for nokre år sidan, har det vore stille rundt sjangeren. Er vi heldige kan Steep endre på dette. Her får vi enorme fjell som leikegrind, og du vil kunne utfordre venene dine til halsbrekkande utfordringar. Vi såg mykje potensiale i spelet då vi testa det tidlegare i år:

«Samanlikna med liknande spel i same sjanger verkar Steep hakket meir ambisiøst og samtidig komplisert. Fjellområda er større og farlegare enn nokon gong, med fleire idrettar og hundrevis av utfordringar du kan bryne deg på. Alt du gjer kan lastast opp og delast med vener, frå dei verste falla til dei kulaste hoppa.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Steep

Dead Rising 4

Frank West gjer det han kan best.
Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 6. desember

Frank West, helten frå det aller første Dead Rising-spelet er tilbake, og då veit vi kva som ventar; ei absurd zombiejakt full av teite våpen der berre fantasien set grenser. Utviklarane har gjort ei ganske drastisk endring ved å fjerne klokka som i tidlegare spel heile tida la press på deg, men ut frå vår tid med spelet, ser det til at Dead Rising-stemninga er godt bevart:

«Eg trur eg er klar for eit nytt Dead Rising. Etter The Walking Dead og The Last of Us tok zombie-relaterte situasjonar på alvor kjenner eg at det er greit å la pendelen svinge tilbake i motsett retning igjen. For Dead Rising har alltid vore ein ganske tullete serie. Julefeiringa i Willamette skal målast raud med zombieblod og Frank West er den rette mannen for jobben.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dead Rising 4

Les også
Anmeldelse: Dead Rising 4

The Last Guardian

Kan The Last Guardian leve opp til forventningane?
Sony

Plattform: PlayStation 4
Ute: 7. desember

Etter ein utviklingsprosess på heile ti år er det ikkje rart forventningane er skyhøge før lanseringa av The Last Guardian. Samstundes er det lett å bli litt uroleg over eit spel som har tatt så lang tid å bli ferdig. Kan det verkeleg bli så bra at det er verdt ventetida? Det herskar derimot ingen tvil om at utviklarane som tidlegare har gjeve oss ICO og Shadow of the Colossus har levert varene før. Vi testa spelet, og meiner at noko utanom det vanlege, det blir det uansett:

«Det gjenstår å sjå, men om alt går som det skal, er det ingen tvil om at The Last Guardian kan bli noko heilt spesielt. Eg merkar allereie at eg har rukke å bli glad i både guttunge og fabeldyr, og det er utvilsamt desse kjenslene som kjem til å spele den viktigaste rolla når vi omsider får sette oss bak spakane.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Last Guardian

The Walking Dead: A New Frontier

Clementine og Javier anar trøbbel i vente.
Telltale Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac, iPad, Android
Ute: 20. desember

Akkurat då vi var i ferd med å innfinne oss med at det ikkje ville bli nokon ny The Walking Dead-sesong før året er omme, sende Telltale Games ut ei pressemelding der dei avslørte at første episode av den tredje sesongen vil bli tilgjengeleg rett før jul. Det passar ganske bra, sidan det lett kan bli hakket for mykje kos i løpet av årets siste dagar.

I sesong tre møter vi den nye personen Javier, i ei verd der menneska prøvar å stable samfunnet på beina igjen. Han møter etter kvart Clementine frå dei tidlegare spela, og i løpet av sesongen vil vi få spele som begge desse to personane. Kva farar som ventar vitast ikkje, men bekmørkt og sørgjeleg blir det heilt sikkert.

Sjå bilete, les artiklar, og finn beste pris på The Walking Dead: A New Frontier

Noko attåt?

Det er eigentleg på tida at dvergane får skine litt i sola.
THQ Nordic

Stort meir er det ikkje å seie om desember. Vi finn nokre få spel til, men for dei aller fleste utviklarar er tanken om å lansere spel i desember, etter at alle har maska kredittkorta sine på Black Friday, ikkje særleg god.

Nokre få utviklarar prøvar seg likevel. THQ Nordic gjer seg til dømes klare til å lansere det taktiske rollespelet The Dwarves. Som du kanskje allereie har gjetta, handlar dette spelet om ein gjeng med dvergar som må kjempe mot diverse fantasikryp som blant anna orkar og mørke magikarar.

Vi finn òg eit par spel som allereie har sett lansering andre stader.

Furi er eit spel som handlar om å kjempe seg gjennom den eine sjefskampen etter den andre. Det har allereie hausta mykje ros på andre plattformer, og bør glede mange når det lanserast på Xbox One.

Herlege Bastion kjem òg til Xbox One i desember. Om du ikkje har fått med deg denne perla er du verkeleg i ferd med å gå tom for bortforklaringar no.

Det var alt for i år. Vi snakkast på nyåret. God jul!

Siste fra forsiden