Feature

Desse spela gler vi oss til i februar

Gløym nyttårstørka, dei neste 30 dagane renner det inn spanande spel.

Januar har kanskje ikkje vore den aller mest tettpakka månaden. Spesielt etter julerushet har det sett noko roleg ut dei siste vekene, men likevel har vi blitt slått i bakken av eit knippe fantastiske spel. På 3DS kunne vi leike oss med herleg skyteaction i Fractured Soul, og på PC har mystikk og stemninga binda oss fast til skjermen gjennom Kentucky Route Zero.

Januar var samtidig månaden demonar og englar i det herlege DmC: Devil May Cry. Det lenge etterlengta spelet The Cave frå Monkey Island-skaparaen Ron Gilbert dukka òg omsider opp.

Dette er berre nokre av godbitane vi har kosa oss med den siste tida. Verre skal det bli. Februar ser ut til å bli ein heftig månad med det eine storspelet etter det andre. Korleis du skal få tid til alt er ikkje vårt problem, men vi skal gjere vårt beste for å guide deg gjennom dei viktigaste spela i årets siste vintermånad.

Ingen som skrik i rommet her i garden.
Ingen som skrik i rommet her i garden.

Aliens: Colonial Marines

Plattform: Win, PS3, 360, Wii U
Ute: 12. februar

Frå Borderlands-studioet Gearbox kjem det som godt mogleg blir tidenes Alien-spel. Her møter vi dei barskaste soldatane som tenkjast kan, og i kampen mot xenomorphs ser vi føre oss at det blir mykje gladvald og bannskap. Du spelar som ein av fire marinesoldatar som har fått i oppdrag å finne ut kva som som har skjedd med romskipet U.S.S. Sulaco.

Du kan spele aleine om du skulle ynskje, men etter Gearbox sine erfaringar med samarbeid gjennom Borderlands-serien kjem det nok ikkje som eit sjokk at samarbeid står i sentrum her òg. Opp til fire spelarar kan rotte seg saman for å ta knekken på, eller overleve, romskipet infisert med blodtørstige beist. God fornøying.

Les meir om Aliens: Colonial Marines

Har du kjøpt nytt skjermkort i det siste?
Har du kjøpt nytt skjermkort i det siste?

Crysis 3

Plattform: Win, PS3, 360
Ute: 21. februar

20 år etter Crysis er vi tilbake I New York. Denne gong har ein enorm kuppel blitt bygd opp rundt byen, og resultatet er meir jungel enn by. Sidan det er Crytek vi snakkar om kan vi nok vente oss eit uhyre lekkert spel fullt av grafisk fiksfakseri. Blandinga av frodige naturlandskap og urbane miljø bør samtidig bli noko å feste auga på.

Utover det blir det meir av det herlege gameplayet vi kjenner frå før. Her blir det action i stor stil med mange spenstige eigenskapar du kan ta i bruk for å hamle opp med fiendane. Heftig action blir spleisa med ei meir filmatisk oppleving der utviklarane satsar på å ta pusten frå deg med massive eksplosjonar og intense sekvensar.

Les meir om Crysis 3

Octomom har ingenting på den dama her.
Octomom har ingenting på den dama her.

Metal Gear Rising: Reveangance

Plattform: PS3, 360
Ute: 21. februar

Utviklingsprosessen for dette actionspelet I Metal Gear-universet har vore lang og tidvis vanskeleg, men etter at Kojima hyra inn actionekspertane I Platinum Games til å ta over utviklinga har ting fått fart på seg. Metal Gear Rising lovar å by på nokre av dei mest spinnville kampane gjennom tidene, og det seier ganske mykje når vi har i tankane at utviklarane tidlegare leverte det bombastiske Bayonetta.

Du spelar som lysluggen Raiden, og sverdet er din beste ven. Du kan hakke opp det meste, og spelet inneheld til og med ein funksjon der du kan stogge tida for å kutte opp fiendane på kirurgnivå. Når ein i tillegg kan springe og danse på rakettar for å kome fram til helikopteret som fyrer dei laus, er vel det meste sagt.

Les meir om Metal Gear Rising: Revengance

Persona 4: Golden kjem endeleg til Europa.
Persona 4: Golden kjem endeleg til Europa.

Persona 4: Golden

Plattform: Vita
Ute: 22. februar

Lei av å vere ein barsk helt med store våpen? Kan det heller smake med å tre inn i rolla som ein skuleelev som er demonjegar på natta? I så fall er Persona 4: Golden spelet for deg. I denne oppussa versjonen av PlayStation 2-rollespelet frå 2009 må du sjonglere både skule, sosialt liv, og ikkje minst kampen mot alt det mørke som kryp fram om natta.

Spelet fekk svært god mottakinga då det dukka opp, og i PS Vita-utgåva har utviklarane gjort mykje for å gjere spelet enda betre. Grafikken har fått seg eit løft, vi får fleire dialogar mellom det spesielle persongalleriet, og spelet vil i tillegg by på nye monster og utfordringar du kan prøve deg på. Om du ikkje fekk med deg Persona 4 i første omgang, er dette ein gyllen sjanse til å få med seg eit unikt og engasjerande spel.

Les meir om Persona 4: Golden

Blir dette høgdepunktet i februar?
Blir dette høgdepunktet i februar?

Rayman Legends

Plattform; Wii U
Ute: 28. februar

Oppfølgjaren til Rayman Origins frå 2011 har tatt det dristige steget å bli Wii U-eksklusivt. Grunnen er derimot enkel. Heile spelet er bygd opp med Wiipaden i tankane, og dette sørgjer for at der vi stort sett finn ei maksgrense på fire spelarar i plattformspel, kan fem stykk ta del i moroa her. Medan ein til fire spelarar spring og hoppar på skjermen, kan den femte leike seg med dei forskjellige områda på kreativt vis. Nokre stadar må du fjerne hinder, andre stadar slå på trommer i takt med musikken.

Som forventa etter Rayman Origins tyder alt på at dette blir eit uhyre lekkert spel. Ubisoft har jobba vidare med animasjonsteknologien sin, og om det er sideskrollande plattformaction av gamlesorten du tørstar etter, skal det nok godt gjerast å finne betre kandidatar.

Les meir om Rayman Legends

Lekre Ni No Kuni.
Lekre Ni No Kuni.

Lang, lang liste

Februar månad er uvanleg hektisk i år. Trenden har derimot vore tydeleg dei siste åra. Der vi før såg eit skred av spel fram mot jul som kunne få den beste sparegris til å hyle i panikk, har skredet i seinare tid blitt meir som eit ras. Fleire og fleire har valt å dytte titlane sine over nyårsbjelken for å unngå den beinharde konkurransen med massive seriar som Call of Duty. Med andre ord blir det mykje snop på oss i vekene framover.

Først ut er Ni No Kuni: Wrath of the White Witch. Dette spelet skreiv vi om i januarsaka, men spelet blei av logistikkgrunnar utsett til 1. februar. Ventetida blei ikkje mindre vond av å lese Andrine sin rosande omtale av dette nydelege japanske rollespelet.

Den rake motsetning til Ni No Kuni er utan tvil Dead Space 3. Her blir det iskald action i snødekte landskap. No kan du spele saman med ein ven. Det er alltid kjekt å ha nokon å dele angsten med. Om vi skal halde oss i mørkret kan det kanskje smake med eit stykke Dark. I dette actionspelet tek du på deg rolla som ein fersk vampyr. Vi satsar på mykje blod, og svært lite glitter.

Blod får vi i alle fall i Fist of the North Star: Ken's Rage 2. Dette spelet frå Dynasty Warriors-studioet leverer ein-mot-alle-kampar med ei solid dose blod. Når spelet er basert på den blodige anime-serien med same namn kan vi vel ikkje vente anna. Berre for å drukne oss i masseslagsmål har Tecmo Koei valt å sleppe heile to ein-mot-alle-spel denne månaden. Dynasty Warriors 7: Empires er på veg til PlayStation 3, og eg er stygt redd det blir nokre søvnlause netter på meg.

Om dette høyrest totalt uinteressant ut har eg eit godt alternativ. Omerta: City of Gangsters er eit strategispel frå Tropico-gjengen. Her skal du byggje opp eit kriminelt imperium i New Jersey på 20-talet. Stilige dressar og blankpolerte hagler i eit turbasert kampsystem ventar. Meir turbasert moro får vi i Might & Magic Heroes VI-utvidinga Shades of Darkness.

Kva ser du mest fram til i månaden framover?

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen