Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

Nå blir det heltar og brutalitet om kvarandre.

Atter ein månad er forbi, og vi har som vanleg kosa oss. Vi har leika pang pang i Call of Juarez: Gunslinger, sosa oss gjennom mørkret i Metro: Last Light, og så har vi sanneleg fått med oss ei lita strategiperle òg i form Eador: Masters of the Broken World. No er det derimot andre bollar som gjeld.

Årets store spelmånad er snart over oss. Du lurer på kvifor den er så stor når alle dei største spela kjem til hausten? Jo, no skal du høyre. I juni er det E3, og E3 betyr kort og godt den mest intense veka for alle speleglade. Under denne messa som går av stabelen i Los Angeles 10.- til 13. juni kjem alle dei store spelselskapa til å vise fram sine skjulte prosjekt, og kva dei har planlagt for året vi har framfor oss.

I år er dette spesielt spanande sidan både Sony og Microsoft allerede har kunngjort sine nye konsollar, og E3 blir arenaen der dei vil vise fram kva spel vi har i vente.

Likevel finnest det nokre vågale skruar der ute som tør dytte nokre spel på oss, og juni ser absolutt ut til å bli ein månad vi bør få med oss. Sidan sommaren er i gong er det naturlegvis ikkje så frykteleg mange spel i vente, men dei som dukkar opp ser desto meir lovande ut.

Superheltar byr alltid på eksplosjonar.

Marvel Heroes

Plattform: Windows Ute: 4. juni

Marvel-universet har gått si sigersrunde dei siste åra. Den eine superheltfilmen etter den andre har håva inn enorme summar på kino, og det heile kulminerte med fjorårets monsterfilm The Avengers. Med slike suksessar endar vi naturlegvis opp med eit spel eller to. Marvel Heroes kjem frå skaparen av Diablo-serien til Blizzard, og lovar oss eit fleirspelarorientert actioneventyr fylt av superheltar i alle former og fasongar.

I spelet har Doctor Doom store planar om å øydeleggje verda, og om Marvel-heltane trengde ein grunn for å rotte seg saman er nok denne god nok. Utviklarane vil lage eit spel som er mykje lettare å kome i gong med enn andre fleirspelarspel i same gate, og vil ha eit stort fokus på action og spaning. Du må ikkje springe rundt på måfå for å samle inn eit knippe bær altså.

Se skjermbilder og videoer fra Marvel Heroes og finn beste tilbud

Kan dette bli den nye spelheltinna?

Remember Me

Plattform: Xbox 360, PlayStation 3, Windows Ute: 7. juni

I Remember Me reiser vi til Paris eit stykk inn i framtida. Vi møter Nilin som vaknar opp utan å hugse noko som helst. Ho har fått alle minna sine sletta, og med det byrjar ein kamp for å ikkje berre finne ut kven ho er, men òg for å nøste opp i nokre lugubre konspirasjonar. Spelet hentar inspirasjon frå klassikarar som Uncharted og Tomb Raider. Spelet prøvar seg likevel på nokre ganske originale knep der du til dømes tar kontroll over tankane til folk.

Les også
Anmeldelse:

Frå vår sniktitt:

«Spelet i seg sjølv tyder på å bli svært solid handarbeid. Kampsystemet er spenstig og lett å forstå, men samtidig utfordrande. Å kunne skru saman sine eigne komboangrep er ein liten genistrek, og eg er svært spent på å sjå kor stor valfridom ein får seinare i spelet på denne fronten. Navigeringa gjennom byen er òg engasjerande, der dei vande oppmerka stiane blir handterte på eit litt meir subtilt vis.»

Les vår sniktitt på Remember Me
Se skjermbilder og videoer fra Remember Me og finn beste tilbud

Animal Crossing er fargerikt som alltid.

Animal Crossing: New Leaf

Plattform: 3DS Ute: 14. juni

Animal Crossing-serien har lang fartstid på Nintendos konsollar. I serien startar du som regel med lite anna enn eit lite hus som heim, og herifrå står du fritt til å gjere som du vil. Klokka går kontinuerleg, og i løpet av månadane og åra som går kan du sysle med mange ulike aktivitetar som å samle gjenstandar, dyrke planter i hagen din, og sosialisere med andre innbyggjarar i byen.

Med New Leaf vil Nintendo introdusere mange nye element til serien. I motsetning til tidlegare spel vil du i New Leaf starte med berre eit lite telt som heim. Dette vil etter kvart som tida går bli oppgradert heilt til du kan bli borgarmeister. Samtidig kan du vitje andre spelarar sine byar, og dei kan i tur besøke din. Spelet lovar å by på mange måtar å skreddarsy både avataren din, samt heimen din.

Se skjermbilder fra Animal Crossing: New Leaf og finn beste tilbud

Dette blir nifse greier.
Sony Computer Entertainment

The Last of Us

Plattform: PlayStation 3 Ute: 14. juni

The Last of Us er det neste spelet frå skaparane av Uncharted-serien. Dette i seg sjølv burde vere nok til at dei fleste høyrer litt ekstra godt etter. I denne dystre framtidsvisjonen møter vi den eldre fyren Joel og den unge jenta Ellie. Saman må dei overleve i ei uhyre brutal verd som lovar å gjere sitt beste for å få deg til å sjå bort frå skjermen i avsky meir enn ein gong.

Vi har kika på spelet tidlegare, og fekk lyst til å sjå meir:

«Denne smakebiten har definitivt gjort at eg er svolten på å få spele heile spelet. Eg håpar at det vil innehalde masse dialog og at kampscenene framleis haldast på et lavt nivå. Dette bør vere historia om korleis Joel og Ellie overlev i eit ugjestmildt område, ikkje korleis dei slaktar seg på tvers av det amerikanske kontinentet. Finn Naughty Dog ein god balanse mellom utforsking, kamp og enkle gåter kan The Last of Us fort bli eit av 2013s største høgdepunkt.»

Les vår sniktitt på The Last of Us
Se skjermbilder og videoer fra The Last of Us og finn beste tilbud

Kald og hard vinter i Company of Heroes 2.

Company of Heroes 2

Plattform: Windows Ute: 25. juni

Company of Heroes frå Relic har klart å klatre seg til toppen på Metacritic-lista over tidenes beste strategispel. I oppfølgjaren satsar Relic på å gjere alt hakket betre. Vi har flytta oss frå Normandie til austfronten, og med det får vi bryne oss på mange nye utfordringar. Utviklarane vil skape eit uhyre realistisk spel der du med hjelp av eit dynamisk synssystem vil kunne planleggje angrep på heilt andre måtar enn før.

Frå vår sniktitt:

«Relic har finpussa på mange småting for å forbetre den allereie gode formelen presentert i det første spelet. Soldatane dine har no for eksempel moglegheita til å hoppe over gjerder, og dei kan ta over førarlause køyrety og ubemanna bombekastarstillingar. Slike små forbetringar gir til saman taktiske ringvirkningar i alle delar av spelopplevinga, og det blir spanande å sjå heile det taktiske landskapet i all si prakt når spelet kjem ut. Til då er det berre å glede seg – proletariatets seier er sikker, kameratar.»

Les vår sniktitt på Company of Heroes 2
Se skjermbilder og videoer fra Company of Heroes og finn beste tilbud

Sint kar på pryletokt.

Gammalt og nytt

Resten av juni er mildt sagt variert. Om du er fan av motorsykkelserien Sons of Anarchy kan det kanskje smake med litt brutal 60-tallsmoro i Ride to Hell: Retribution. Her skal du ta hemn over ein motorsykkelbande, og slikt blir det nok blodsprut av.

Om du føretrekk blodfri køyrebane når du hiv deg på sykkelen vil kanskje MotoGP 13 falle meir i smak. Her vil du som venta få byggje opp ei karriere i jakta på å bli verdsmeister.

Skulle du ikkje få nok av superheltar med Marvel Heroes kan kanskje Deadpool vere eit alternativ for deg. I dette spelet møter vi ein av dei mindre seriøse superheltane, og sidan skodespelaren bak maska er Nolan North som dei fleste kjenner best som den rappkjefta Nathan Drake frå Uncharted-serien, kan vi nok vente oss nokre spisse kommentarar.

Søker du litt meir mystikk og spaning kan Deadfall Adventures vere tingen. I dette førstepersons eventyrspelet, sterkt inspirert av Indiana Jones, vil du måtte løyse mange ulike gåter, og nedkjempe eit overnaturleg beist eller to.

Vi rundar av med ein gammal klassikar som snart er tilbake. Capcom kjem i juni med ein lettare oppussa versjon av Dungeons & Dragons: Chronicles of Mystara. I dette spelet får vi dei gamle arkadespela Tower of Doom og Shadow Over Mystara. Ingen av desse spela har tidlegare vore tilgjengelege i Europa, så om du er på jakt etter litt god gammaldags sideskrollande action har du flaks.

Det var alt for denne gong, sjåast i juli!

Siste fra forsiden