Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

Sola steiker og vi ser fram til E3 og ein bunke ferske spel.

Atter ein månad er i boks. I løpet av solvarme mai har vi fått kose oss med både det eine og det andre. Vakre Child of Light gav oss eit stemningsfullt eventyr utanom det vanlege, medan Mario tok oss med på ei glitrande golfrunde i Mario Golf World Tour.

I mai har vi fått klore tak i fleire etterlengta spel. Den gamle travaren Tex Murphy dukka opp igjen i Tesla Effect, medan Ubisofts storspel Watch Dogs endeleg blei lansert, etter opptil fleire utsetjingar. I tillegg blei den norske grøssaren Among the Sleep endeleg lansert.

Det var ikkje alle spel som leverte heilt dei vi hadde håpa på, og verken Wolfenstein: The New Order eller Transistor makta heilt å trollbinde oss. Eit spel vi storkosa oss med var derimot herlege Mario Kart 8.

Som vanleg er det på tide å sjå framover, og tradisjonen tru er det ikkje spela som sleppast i juni vi verkeleg gler oss til. Nei, juni er månaden då den årlege E3-messa går av stabelen. Der blir det pressekonferansar proppa fulle av nye kunngjeringar, samt ei rekke inntrykk frå spela på messegolvet. Vi vil sjølvsagt vere mannsterke til stade!

Men no er det likevel på tide med eit kjapt blikk på spela vi har å sjå fram til i juni.

Wildstar

Plattform: Windows
Ute: 3. juni

Wildstar er eit fargerikt innslag i MMO-sjangeren.

Wildstar er eit fargerikt MMO laga av ein bunke veteranar frå blant ann Blizzard. Dei lovar ei speloppleving som vil endre seg drastisk basert på kva klasse du vel. Du kan til dømes vere ein utforskar og tene erfaringspoeng på å oppdage nye område, eller vere ein krigar som først og fremst kjem seg opp og fram i verda gjennom å pryle fiendar. Vi har tatt ein kikk på spelet, og hadde følgjande å seie om det vi såg:

«Det er mykje som er veldig bra med Wildstar, og det merkast at det lagast av ei gruppe menneske som er godt kjende med spel i denne sjangeren. Mange av dei tinga som kan vere tungvinde og kronglete i andre spel er saumlaust integrerte i Wildstar. Det er eit spel laga av spelarar, som veit kva dei vil ha og i kva retning dei vil gå med spelet.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wildstar

Murdered: Soul Suspect

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 6. juni

Murdered: Soul Suspect meiner det finnest mykje rart mellom himmel og jord.
Les også
Anmeldelse: Murdered: Soul Suspect

I Murdered: Soul Suspect møter vi privatetterforskaren Ronan O'Connor. Det første som skjer er at han døyr, og deretter sender spelet deg ut på ei reise for å finne ut kven som drap deg, og ikkje minst kvifor. Dette blir ikkje eit ordinært actionspel, men i staden eit spel med fokus på historie, og løysinga av ei rekke gåter og mysterium. I vår sniktitt var det spesielt historia som framstod som ein vinnar:

«Ettersom historia utvikla seg gjennom det første kapittelet blei eg meir og meir engasjert. Det latar til at det ligg ei god og sterk historie under overflata. Allereie etter ein dryg time er det klart at seriemordaren, «The Bell Killer» har nokre motiv som det skal bli interessant å få eit djupare innblikk i. Etter å ha blitt vist eit seinare kapittel er eg veldig spent på kor djupt denne historia går.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Murdered: Soul Suspect

Divinity: Original Sin

Plattform: Windows
Ute: 20. juni

Divinity: Original Sin byr på tradisjonell rollespelmoro.

Sidan 2002 har Larian Studios gleda rollespelarar med ei rekke minneverdige spel. Dei har prøvd ut ulike nyvinningar opp gjennom åra, sjølv om dei stort sett har hatt eit solid fokus på valfridom og karakterbygging. Med Divinity: Original Sin går dei skikkeleg tilbake til røtene, og gir oss eit turbasert rollespel i ei fargerik fantasiverd. Vi var svært positive i vår sniktitt:

«Divinity: Original Sin er eit usedvaneg spanande prosjekt. På den eine sida hentar det verdiar frå fordums klassikarar, og på den andre sida forsøker det å gjere heilt nye ting. Fugleperspektiv, turbasert kamp og tonnevis av tekstbaserte dialogar kombinerast med ein nyskapande samarbeidsmodus eg ikkje trur vi har sett makan til i sjangeren. Larian er altså ikkje nøgd med å sjå seg tilbake og gjenskape dei klassiske rollespelas storleik, men vil ta sjangeren vidare i same slengen.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Divinity: Original Sin

Valiant Hearts: The Great War

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox 360, windows
Ute: 25. juni

Lekre Valiant Hearts: The Great War ser spanande ut.

Når vi tenkjer på krigsspel er det som regel action i eit høgt tempo som slår oss. Valiant Hearts: The Great War frå Ubisoft blir i så måte noko svært uvanleg. Dette er eit sideskrollande eventyrspel der du skal løyse ulike oppgåver og problem medan du driv historia vidare. I ein situasjon må du finne ut korleis du skal sprenge ei bru, i ein annan finne ut korleis du skal få i gong matserveringa til soldatane. Vi møter fem ulike heltar som alle har unike historie å fortelje. Vi blir lova både venskap, kjærleik og tragedier.

Valiant Hearts nyttar Ubisofts etter kvart velkjende UbiArt-motor som allereie har levert blendande vakre spel som Rayman Legends og Child of Light. Valiant Hearts blir atter eit nytt spel som viser korleis denne motoren kan brukast til å skape unike visuelle opplevingar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Valiant Hearts: The Great War

GRID Autosport

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360, Windows
Ute: 27. juni

Alt klart for å svi gummi i GRID Autosport.

Med GRID Autosport lovar Codemasters å gi oss ei langt meir autentisk køyreoppleving enn tidlegare. Bak rattet-synsvinkelen er tilbake, og køyrefysikken har fått seg ei solid oppjustering. For å få det heile så autentisksom mogleg har spelet blitt utvikla i samarbeid med profesjonelle førarar. I spelet får du tillegg på ei rekke bilar som varierer frå standarbilar i Touring Cars-klassen, til hyperbilar, GT-bilar og einsetarar.

I spelet blir vi lova å møte intelligente motstandarar som er tilpassa dei ulike disiplinane du bryner deg på. Om du heller vil spele mot andre kan du gjere dette via både delt skjerm og nettet. Spelet byr på over 100 ulike ruter, og 22 ulike miljø å svi gummi i.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på GRID Autosport

Noko for ein kvar

På tide å frakte litt tømmer i Spintires.

Om du ikkje fant noko på denne lista å glede deg over er det ingen grunn til å fortvile. Det er som vanleg langt fleire spel i vente, og dei varierer i både form og fasong. Ein versjon av Street Fighter IV er på veg i form av Ultra Street Fighter IV. Her ventar nye krigarar og forbetringar for slåssespelentusiasten. Meir slåssing blir det i EA Sports UFC, der barske kampkjemper daskar kvarandre rundt i ringen.

Ei noko anna form for action får vi i Enemy Front, der vi reiser tilbake til andre verdskrig for å krige bak tyskaranes linjer. Om du likar skyting, men likar deg best i bakgrunnen kan Sniper Elite 3 vere noko for deg. Her kan du vente deg avrettingar med millimeterpresisjon. Noko heilt anna får vi i gjørmekøyringspelet Spintires. Om frakting av tømmer er di greie, er dette spelet for deg.

På tampen tek vi med nokre hakket meir fargerike spel. Kunstnaren i deg kan få leike seg med Pokémon Art Academy, medan Tomodachi Life er ein livstilsimulator der du tek med deg Mii-figurar til ei øy for sosial hygge. For alle med grøne fingrar bør det passe godt at Plants vs. Zombies: Garden Warfare blir lansert for Windows.

Siste fra forsiden