Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Det blir action, eventyr og hacking i grunnnlovsmånaden.

April 2014 har stått i dei tradisjonelle eventyrspelas teikn. Heile tre peik-og-klikk-eventyr har sigla inn på maskinene våre denne månaden. Sjølv om kvaliteten har variert litt, sit vi igjen med ei god kjensle. Gabriel Knight-skaparens Moebius: Empire Rising innfridde ikkje heilt, men det gjorde absolutt The Blackwell Epiphany. I tillegg fekk vi endeleg avslutninga på Broken Sword-heltane George og Nicos ferskaste eventyr.

Ved sidan av dette har det ikkje skjedd så alt for mykje denne månaden. Vi fekk eit noko skuffande tilskot på Trials-treet i form av Trials Fusion, medan LEGO-byggjarane i TT Games sende oss tilbake til Midgard i LEGO The Hobbit.

Litt speltørke har nok ikkje skada nokon denne solrike månaden, men mai ser ut til å fyre på alle sylindrar igjen. Her blir det noko for ein kvar smak.

Tesla Effect: A Tex Murphy Adventure

Tesla Effect byr på eit filmatisk eventyr av den gamle sorten.
Tesla Effect byr på eit filmatisk eventyr av den gamle sorten.

Plattform: Windows, Mac
Ute: 7. mai

Det første spelet om Tex Murphy dukka opp så langt tilbake i tid som 1989. Smak litt på den. Etter det første spelet kom det til saman fire spel om privatetterforskaren Tex Murphy jamt og trutt over fleire år. Etter Tex Murphy: Overseer frå 1998 sa det derimot stopp. Det var ikkje før etter ein Kickstarter-kampanje i 2012 at vi såg ut til å bli sikra eit nytt spel, og no er det snart lanseringsklart.

I Tesla Effect vil vi få eit nytt gjensyn med seriens særeigne stil. Historia blir fortalt gjennom filmsekvensar der ekte skodespelarar dukkar opp på skjermen i rollene som diverse figurar. I spelet vil du sjå alt frå førsteperson medan du navigerer deg gjennom spelets område, snakkar med folk, og løyser ei lang rekke gåter. Utviklarane lovar ei historie som vil blir endra av vala dine.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tesla Effect: A Tex Murphy Adventure

Wolfenstein: The New Order

Det blir flåsete naziaction i Wolfenstein: The New Order.
Det blir flåsete naziaction i Wolfenstein: The New Order.

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Windows
Ute: 20. mai

Wolfenstein har ei svært lang historie. Det første Wolfenstein-spelet reknast som den første skikkelege førstepersonskytaren, og etter det har vi sett ei lang rekke spel der vi kjempar mot nazistar i fiktive verdsscenario. Wolfenstein: The New Order blir skrudd saman av svenske MachineGames, og vi blir sende til ein variant av 60-talet der nazistane vann andre verdskrig. I vår sniktitt meinte vi det blir eit ganske flåsete spel, som definitivt kan bli verdt tida di:

«Så langt verkar spelet lovande, og det er lett å skimte arva frå Starbreeze-gjengen her og der. Litt The Darkness og litt The Chronicles of Riddick: Assault on Dark Athena skin gjennom i designet. Det tyder på at vi kan vente oss ei god einspelaroppleving når spelet dukkar opp i butikkane.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wolfenstein: The New Order

Transistor

Transistor lovar meir stemningsfull action frå Bastion-studioet.
Transistor lovar meir stemningsfull action frå Bastion-studioet.Bilde: Supergiant Games

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 21. mai

Transistor er det ferskaste spelet til Supergiant Games, gjengen bak herlege Bastion. I Transistor møter vi ei ung dame som mistar stemma si etter møtet med ein ufin gjeng. Ho endar derimot opp med eit snakkande sverd, og saman må dei to snodige partnerane finne svar på kva som har skjedd med ho. Spelet byr på eit unikt kampsystem og lekker grafikk. Audun stilte seg positiv etter å ha sett nærare på spelet tidlegare i år:

«Medan Bastion i stor grad handla om å finne ut av apokalypsen og den ruinerte verda, handlar Transistor tilsynelatande om å la seg fortape i ein fantastisk framtidsvisjon. Supergiant Games spelar på mange av de same notane som tidlegare, med eit isometrisk perspektiv, eit spelområde der ein må knerte fiendar som dukkar opp på vegen, og eit heilt nydelig estetisk utrykk.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Transistor

Watch Dogs

Aidan Pearce har ikkje mykje til overs for stormakta.
Aidan Pearce har ikkje mykje til overs for stormakta.

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Windows
Ute: 27. mai

Watch Dogs frå Ubisoft har sigla fram som eit svært lovande spel heilt sidan kunngjeringa under E3-messa i 2012 har. I ei opa verd tek du på deg rolla som hackaren Aiden Pearce. I ein framtidsvariant av storbyen Chicago får han springe fritt rundt, medan han kjempar mot overmakta. Så og seie alt i byen blir styrt av eit sentralt operativsystem, og dette kan han kople seg til for å manipulere alt frå mobiltelefonar til gatelys.

Spelet blir eit actioneventyr ikkje heilt ulikt Assassin's Creed-serien, og i tillegg til å manipulere områda og folka rundt deg, blir det solide doser action. Om behovet skulle vere der, kan du til dømes få trafikksperrer til å skyte opp frå vegane, slik at dei som følgjer etter deg krasjar godt. Deretter er det berre å trekke fram pistolen og skyte fritt. I tillegg til ein omfattande einspelarmodus, vil spelet by ei rekke utfordringar over nettet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Watch Dogs

Mario Kart 8

Wario er ein av mange Nintendo-figurar som gjer seg klar for å køyre deg av vegen.
Wario er ein av mange Nintendo-figurar som gjer seg klar for å køyre deg av vegen.

Plattform: Wii U
Ute: 30. mai

Heilt sidan Super Nintendo-dagane har Mario Kart-serien hatt ein heilt spesiell plass i hjarta hos mang ein gamer. At serien er populær finnest det ingen tvil om når vi ser at det er spel nummer åtte som snart står for tur. Som vanleg vil du få velje blant ei rekke kjende Nintendo-figurar, før du plantar rumpa di i ei kjerre, og jagar etter konkurrentane. Her skal det skytast skjel, kastast bananskal, og helst vinne løpet, koste kva det koste vil.

Nytt i Mario Kart 8 er at spelet no vil utfordre deg i fleire dimensjonar. I tillegg til å køyre under vatn og fly gjennom lufta, vil du no kunne køyre langs veggar, og opp ned på undersida av bretta. På toppen av dette lovar Nintendo dei beste og mest omfattande fleirspelarmodusane serien nokon gong har sett.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario Kart 8

Gamle perler om att

Kan du styre ein bananrepublikk i Tropico 5?
Kan du styre ein bananrepublikk i Tropico 5?

I løpet av mai får vi gjensyn med eit par perler av litt eldre dato. Yngst av desse er Borderlands 2 som dukkar opp på PlayStation Vita. God of War Collection tek òg turen til PlayStation Vita. For strategispelarane vil nok mai bli ein stor månad sidan det glimrande strategispelet Age of Mythology dukkar opp på PC i ein oppussa versjon.

Meir strategi får vi i Tropico 5. Her skal du som vanleg ta styringa over ein bananrepublikk, men no får du styre republikken din over eit langt større tidsrom. I tillegg byr spelet på fleirspelarmodusar både for dei som vil spele mot andre, og for dei som vil spele med andre.

Windows-publikummet får action i form av ein PC-versjon av det absurde spelet Killer is Dead, medan PlayStation 3 får gleda av eit nytt spel i flyserien Ace Combat. Enda større doser action kan du vente deg i rollespelet Bound by Flame, som kjem frå skaparane av artige Of Orcs and Men.

Om du treng litt Nintendo kvar dag for å halde deg gåande, blir det ein god månad. I tillegg til Mario Kart 8 får vi to Nintendo-spel på 3DS. I Mario Golf World Tour skal du som namnet avslører spele golf i Mario-universet. Om du heller vil kose deg med litt god, gammaldags plattforming, kan du sjå fram til Kirby: Triple Deluxe.

Med det seier vi takk for denne månaden, og ser fram til den neste.

Watch Dogs X360

Wolfenstein: The New Order Windows

Tropico 5 Windows

Watch Dogs PS4

Tropico 5 X360

Watch Dogs PS3

Tesla Effect: A Tex Murphy Adventure Windows

Watch Dogs Wii U

Tropico 5 PS4

Wolfenstein: The New Order PS3

God of War Collection Vita

Ace Combat: Infinity PS3

Transistor PS4

Tropico 5 Linux

Age Of Mythology Extended Edition Windows

Watch Dogs Windows

Tesla Effect: A Tex Murphy Adventure Mac

Mario Kart 8 Wii U

Borderlands 2 Vita

Wolfenstein: The New Order PS4

Mario Golf World Tour 3DS

Wolfenstein: The New Order X360

Kirby: Triple Deluxe 3DS

Transistor Windows

Tropico 5 Mac

Killer is Dead Windows

Watch Dogs X360 X360 PS3 Windows PS4 XOne Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 27. mai 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Beste priser

På lager 149,- Til butikk
På leverandørlager 149,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk
På lager 479,- Til butikk

Wolfenstein: The New Order Windows Windows PS4 PS3 XOne X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 20. mai 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: MachineGames

Tropico 5 Windows Windows Linux Mac X360 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 23. mai 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Kalypso Media
  • Utvikler: Haemimont

Beste priser

Nedlasting 69,- Til butikk
På lager 118,- Til butikk
Nedlasting 170,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk

Watch Dogs PS4 PS4 PS3 X360 Windows XOne Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 27. mai 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Beste priser

På lager 195,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk
På lager 259,- Til butikk
Ikke på lager 259,- Til butikk

Tropico 5 X360 X360 Windows Linux Mac PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Kalypso Media
  • Utvikler: Haemimont

Watch Dogs PS3 PS3 X360 Windows PS4 XOne Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 27. mai 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Beste priser

På lager 149,- Til butikk
På lager 199,- Til butikk
På leverandørlager 199,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk

Tesla Effect: A Tex Murphy Adventure Windows Windows Mac

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 7. mai 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Atlus
  • Utvikler: Big Finish Games

Beste priser

Nedlasting 10,- Til butikk
Nedlasting 190,- Til butikk

Watch Dogs Wii U Wii U PS3 X360 Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2014
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Beste priser

På lager 195,- Til butikk
På leverandørlager 274,- Til butikk
Forventet lagerdato 274,- Til butikk

Tropico 5 PS4 PS4 Windows Linux Mac X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. april 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Kalypso Media
  • Utvikler: Haemimont

Beste priser

Ikke på lager 369,- Til butikk
Ikke på lager 398,- Til butikk

Wolfenstein: The New Order PS3 PS3 PS4 XOne X360 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 20. mai 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: MachineGames

Beste priser

Ikke på lager 148,- Til butikk
På lager 149,- Til butikk

God of War Collection Vita Vita PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. mai 2014
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: SCEI

Ace Combat: Infinity PS3 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. mai 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Project Aces

Transistor PS4 PS4 Windows iPad iPhone

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. mai 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Supergiant Games

Tropico 5 Linux Linux Windows Mac X360 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2014
  • Plattform: Linux
  • Utgiver: Kalypso Media
  • Utvikler: Haemimont

Age Of Mythology Extended Edition Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 8. mai 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Skybox Labs

Watch Dogs Windows Windows PS3 X360 PS4 XOne Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 27. mai 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Tesla Effect: A Tex Murphy Adventure Mac Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 7. mai 2014
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Atlus
  • Utvikler: Big Finish Games

Beste priser

Nedlasting 190,- Til butikk

Mario Kart 8 Wii U Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 30. mai 2014
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Nintendo

Beste priser

På lager 399,- Til butikk
Forhåndsbestill 399,- Til butikk
Forhåndsbestill 399,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk

Borderlands 2 Vita Vita Windows PS3 X360 Mac

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Mai 2014
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: 2K Games
  • Utvikler: Gearbox Software

Wolfenstein: The New Order PS4 PS4 PS3 XOne X360 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 20. mai 2014
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: MachineGames

Beste priser

På lager 129,- Til butikk
Forventet lagerdato 179,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk

Mario Golf World Tour 3DS 3DS

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. mai 2014
  • Plattform: Nintendo 3DS
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Camelot Software

Beste priser

På lager 279,- Til butikk
På lager 325,- Til butikk
Ikke på lager 328,- Til butikk
Forventet lagerdato 333,- Til butikk

Wolfenstein: The New Order X360 X360 PS4 PS3 XOne Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 20. mai 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: MachineGames

Kirby: Triple Deluxe 3DS 3DS

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 16. mai 2014
  • Plattform: Nintendo 3DS
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: HAL Laboratories

Beste priser

Ikke på lager 399,- Til butikk

Transistor Windows Windows PS4 iPad iPhone

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. mai 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: slettmegtakk
  • Utvikler: Supergiant Games

Beste priser

Nedlasting 40,- Til butikk
Nedlasting 140,- Til butikk

Tropico 5 Mac Mac Windows Linux X360 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2014
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Kalypso Media
  • Utvikler: Haemimont

Killer is Dead Windows Windows PS3 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 23. mai 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Deep Silver
  • Utvikler: Grasshopper Manufacture

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen