Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Kom mai, du skjøne gavmilde mai.

Det er så kjekt med månader der kvalitetsspela berre renn over oss. April har vore ein strålande månad der spelbransjen har diska opp med noko for så og seie ein kvar smak. Alle som likar leiken moro har fått herlege Ratchet & Clank, medan fans av hakket meir seriøs underhaldning kunne fordrive tida med Quantum Break og Dark Souls III.

Hakket meir stiliserte opplevingar har vi fått i den intense skytefesten Enter the Gungeon, medan det taktiske eventyret The Banner Saga 2 har gjeve oss den spanande fortsetjinga på vikinghistoria til BioWare-avhopparane hos Stoic. Ein særs god månad altså.

Neste månad blir derimot eit heilt anna beist, sjølv om kvaliteten etter alt å døme framleis vil halde seg på eit høgt nivå. No skal det skytast, og kulene ligg laust i avløpet.

Battleborn

Battleborn byr på fargerik action.
Gearbox Software

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 3. mai

Gearbox Software har gjort enorm suksess med sin Borderlands-serie. Der skrudde dei i hop ei samarbeidsoppleving heilt i toppsjiktet, og dette er erfaringar dei tek med seg i sitt komande skytespel Battleborn. Med Battleborn får vi framleis servert samarbeid og billege vitsar, men denne gong er det ikkje ein diger rollespelkampanje som står for tur.

Gearbox har henta inspirasjon frå den svært populære MOBA-sjangeren, og har skrudd saman eit skytespel der du vel deg ein figur med unike eigenskapar, og kastar deg ut i lagbaserte kampar. Ved sidan av å kunne konkurrere mot andre spelarar, byr Battleborn på ein kampanjemodus du kan suse gjennom aleine, eller saman med nokre vener.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Battleborn

Uncharted 4: A Thief's End

Nathan Drake i sitt rette element; gjørme.
Naughty Dog

Plattform: PlayStation 4
Ute: 10. mai

Endeleg er den her; avslutninga på Naughty Dog's saga om eventyraren Nathan Drake. Uncharted-serien har vore ein enorm suksess for Naughty Dog og Sony, og alt tyder på at utviklarane vil ta det heile til nye høgder med Uncharted 4. Her får vi større og friare område, innanfor dei stramt regisserte rammene Naughty Dog tidlegare har levert med stil. Vi likte svært godt det vi såg i ein fersk sniktitt, og gler oss til å få spelet i hende:

«Etter å ha prøvd Uncharted 4: A Thief’s End er det to ting som er heilt klart, basert på mi korte stund med spelet: Dette kjennest som Uncharted, men med nok av nye og spanande ting til at det ikkje vil vere for likt sine tre forgjengarar. Dette ser ut til å bli ei fullverdig avslutning på Uncharted-eventyret i ei svært blankpolert klasse som vil bli hugsa i mange år framover.»

Les også
Anmeldelse: Overwatch

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Uncharted 4: A Thief's End

Doom

id Software vil tilbake til Dooms demoniske røter.
Bethesda

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 13. mai

Det skal godt gjerast å kalle seg ein skikkeleg gamer om du ikkje har ein varm stad i hjartet reservert for Doom. Serien som i si tid for alvor fekk skyteaction ut til folket er no tilbake, og denne gong går utviklarane tilbake til røtene. Visst får du møte demonar og Satan i helvete, men den trege og skumle stemninga frå Doom 3 er borte. I staden har id Software skrudd saman eit spel inspirert av det som gjorde Doom til ein klassikar; rask og heftig action.

Doom-veteranar kan sjå fram til glade gjensyn med eit legendarisk våpenarsenal som inkluderer verdas mest kjende motorsag, samt verdas kanskje største handvåpen; BFG. Du kan bere med deg alle våpna samtidig om du vil, og moderne helseregenerering kan du sjå langt etter. Spelet byr på både ein kampanjemodus og fleirspelaraction.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Doom

Overwatch

Kan Overwatch bli ein ny kassasuksess for Blizzard?
Blizzard Entertainment

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 24. mai

For ei stakka stund har Blizzard sett seg lei av å teikne orkar, alvar, romvesen og innbyggjarane i hetens vugge. I staden har dei valt å skape ein kjapp og intens arenaskyter med nokre element knabba frå MOBA-sjangeren. Her blir det ei lang rekke svært ulike heltar å velje mellom, og alt og alle er gjennomsyra av Blizzards unike auge for stilfull presentasjon. Vi blei frå oss av begeistring etter å ha prøvd betaen:

«For første gong på 18 år prøvar Blizzard seg på noko anna enn Warcraft, StarCraft og Diablo. Det er berre rett og rimeleg at dei er litt nervøse, men det er det ingen grunn til. Denne betatesten beviser nok ein gong at Blizzard har ein eksepsjonell kvalitetskontroll. Eg har ikkje opplevd nokon problem, og Overwatch kunne fint ha vore utgjeve i si noverande form.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Overwatch

Total War: Warhammer

Dette er ikkje Total War heilt slik du kjenner det.
Creative Assembly

Plattform: Windows, Mac
Ute: 24. mai

Den kanskje mest naturlege samansmeltinga spelverda har sett på mange år, blir ein realitet denne månaden. Den svært populære PC-strategiserien Total War inngår ekteskap med det like så populære miniatyrspelet Warhammer. Opp gjennom åra har vi fått ei rekke Warhammer-spel, men det byrjar å bli nokre år sidan førre gong vi fekk eit skikkeleg strategispel, noko Creative Assembly no gjer noko med.

I Total War: Warhammer får vi Total War-gameplay slik vi kjenner det, men med orkar, alvar og andre humanoidar som møtest til brutale slag. I tillegg til å hente fram din indre taktikar, vil spelet by på eksplosiv magi, og enorme krigsbeist. Om du er ein erfaren Total War-spelar, er det liten tvil om at du vil få ei rekke nye utfordringar å bryne deg på i Total War: Warhammer

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Total War: Warhammer

Kuler i vinden

Romkamp frå Paradox.
Paradox Interactive

Det blir mykje skyting i mai, og meir skal det bli. I tillegg til arenaskytarar som går til åttak på kvarandre, får vi enda meir skyting i Homefront: The Revolution. Dette spelet har hatt ein utfordrande utviklingsprosess der eigarskapsskifte er berre eitt av hindra som har stått i vegen for utviklarane.

Vidare får vi erfare skyting av eit litt anna kaliber i Valkyria Chronicles Remastered. Dette er ein oppussa PlayStation 4-versjon av det herlege og taktiske eventyret som kom til PlayStation 3 for nokre år sidan. Om dette ikkje er noko for deg kan kanskje nyversjonen av solide Shadow Complex freiste meir når den landar på PlayStation 4 i mai.

Om du ikkje fekk med deg PC-versjonen av norske Funcoms skrekkspel The Park, får du ein ny sjanse når det lanserast på PlayStation 4 og Xbox One denne månaden. Eit anna spel med solide doser spaning er Sherlock Holmes: The Devil's Daughter. Her blir det garantert fleire mord og mysterium for stjernedetektiven.

For strategen som ikkje heilt likar smaken av orkar og dvergar kan svenske Paradox freiste med sitt ambisiøse romstrategispel Stellaris.

Heilt til slutt tek vi med eit rykande ferskt actionspel frå actionmeistrane hos Platinum Games. Denne gong har dei bryna seg på muterte skjelpadder i Teenage Mutant Ninja Turtles: Mutants in Manhattan. Vi får håpe dei har makta å snikre i hop eit spel som endeleg viser skjelpaddene rettferd.

Det var alt for denne gong. Kos deg.

Siste fra forsiden