Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Årets første vårmånad byr på ei solid blanding smått og godt.

Montasje Gamer.no

Velkomen tilbake! Februar ligg bak oss, og med det vågar eg påstå at det offisielt no er vår! Våren bringer ikkje berre med seg sol og hakket meir varme, men òg eit dryss nye spel, som vanleg.

Bak oss ligg ein rimeleg typisk vinter etter norske forhold, og eg reknar med dei fleste har brukt den på å ploge veg gjennom dei nye spela utviklarane har velsigna oss med. Februar var ein etter forholda god månad, sjølv om ikkje alt levde opp til forventningane.

Ubisoft leverte steinaldervarer med sitt Far Cry Primal, og om det blir ein suksess blant folket får vi håpe utviklarane tek til vet og lagar eit spel om dinosaurar neste gong. Nyversjonen av Gravity Rush falt absolutt i smak her hos oss, men vi kosa oss aller mest med den taktiske perla XCOM 2.

Men no er det som vanleg tid for å sjå framover. Her er spela vi ser fram til i månaden som kjem.

The Legend of Zelda: Twilight Princess HD

Link er tilbake, litt kjekkare enn før.
Nintendo

Plattform: Wii U
Ute: 4. mars

The Legend of Zelda: Twilight Princess blei lansert for heile ti år sidan. Spelet blei som vanleg for eit Zelda-spel ein stor suksess, og no har Nintendo funne ut at tida er inne for eit gjensyn. I HD-utgåva får vi betre grafikk, Amiibo-funksjonalitet, samt nye spelsekvensar som ikkje var med i originalen. Om du er usikker på om dette er noko du bør med deg, kan du berre ta ein kikk på vår rosande omtale av originalen:

«Twilight Princess har alt. Det ser vidunderleg ut, det høyrest vidunderleg ut og det tilbyr eit enormt eventyr beståande av grandiose kampar, kjensleladde augneblikk og frydefull utforsking. Det er eit mykje mørkare eventyr enn vi fekk med Wind Waker – og ofte nettopp difor meir genuint medrivande for et vaksent publikum – og det er mindre umiddelbart enn dei fleste Zelda-spel før det, men framfor alt er det godt. Fantastisk godt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Legend of Zelda: Twilight Princess HD

Tom Clancy's The Division

The Division lovar solid action i New York.
Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 8. mars

I Tom Clancy's The Division får vi nøyaktig det scenarioet folk flest vil ha; ei øydelagd framtid. Her reiser vi til ein noko dyster versjon av New York der eit øydeleggjande virus har tatt knekken på det meste som kan krype og gå. Her må du saman med andre spelarar kjempe deg gjennom ei rekke utfordringar. I vår sniktitt meinte vi at The Division har potensiale til å bli eit solid stykke skytespel.

Les også
Anmeldelse: Hitman

«Uansett er det […] vanskeleg å fornekte kor spanande og unikt The Division er. Dei ulike enkeltelementa er kanskje henta og låna frå ei rekke andre stadar, men når det heile slåast saman på denne måten, med ingen ringare enn Ubisoft ved roret, let eg meg lett engasjere.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tom Clancy's The Division

Hitman

Agent 47 på jakt etter nye offer.
Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 11. mars

Det var ikkje alle som sette like stor pris på Hitman: Absolution frå 2012. I sin iver etter å fornye serien gjorde danske IO Interactive ein del endringar diverse spelarar fekk ein sur smak i kjeften av. Med sitt nye Hitman-spel har utviklarane lytta til fansen, og har teke nokre steg tilbake. No er det igjen først og fremst fridomen til å utføre snikdrap på kreative måtar som står i fokus. Dette falt i smak då vår mann nyleg tok ein kikk på spelet.

«Det er fridomen som gjer seg så godt i nye Hitman. Når spelet lanserast i mars er det i utgangspunktet kun som den første episoden av ei lang rekke med forskjellige oppdrag. Kva dette til sjuande og sist kjem til å bety for opplevinga er framleis ikkje godt å seie, men om kvar episode har tre-fire av desse oppdraga, med like stor gjenspelingsverdi og fridom, då har eg eigentlig ikkje så mye å klage på.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hitman

Pokkén Tournament

Pikachu er klar til kamp, er du?
Nintendo

Plattform: Wii U
Ute: 18. mars

At det skulle ta fullt så lang tid er ganske imponerande, men no er det altså her; Pokémon-slåssespelet. I Pokkén Tournament får vi denge laus på kvarandre i form av 16 ulike Pokémon. Spelet blir utvikla av ingen ringare enn nettopp dei same folka som skapte og utviklar Tekken-serien, så om du trur dette blir ein fattig manns slåssespel, ser det ut til at du må tru om att.

For at Pokémon-fans som ikkje har mykje erfaring med slåssespel skal kunne more seg, har spelet større fokus på action enn på teknisk brillianse. Du vil kunne utføre ei rekke spesialangrep frå Pokémon-serien, inkludert Mega Evolutions. Om du lenge har drømt om å gi Pikachu ein på tygga, har du sjansen no.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokkén Tournament

Trackmania Turbo

Galskapen er på plass i nye Trackmania.
Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 22. mars

Endeleg! Etter ei årrekke med sprelske utgjevingar på PC-fronten, kjem Trackmania-serien til konsoll. Som vanleg i serien er det galskap og urealistisk racing som står i sentrum. Spelet kjem med heile 200 baner du kan bryne deg på, og om det ikkje skulle vere nok, kan du berre trykkje på ein knapp for å få maskina til å skru saman ei ny for deg.

Sjølvsagt vil du òg kunne byggje dine heilt eigne baner opp frå grunnen av, og om populariteten på PC er noko å døme etter, vil vi i tida framover kunne sjå fram til ei rekke vanvittige baner som viser fingeren til fysikkens lover. Om du er ekstra modig kan du ta på deg VR-briller for å kome deg enda lengre inn i sona. Berre pass på å ha eit brett smertestillande og ein spypose innan rekkevidde først.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Trackmania Turbo

PC-versjonar og relanseringar

Black Desert Online vil gjerne trollbinde deg med sitt vakre ytre.
Daum Games

I den resterande bunken spel for mars finn vi ei solid dose spel som allereie er ute på andre plattformer. Det blodferske steinalderspelet Far Cry Primal kjem til PC, og det same gjer fjorårets racingspel Need for Speed. I same gruppe med ferske titlar finn vi førstepersonskytaren Superhot som dukkar opp på Xbox One.

Vidare finn vi nokre litt eldre spel som får nytt liv. Quantic Dreams store PlayStation 3-suksess Heavy Rain kjem i ein hakket penare versjon på PlayStation 4, medan Capcoms Resident Evil 6 prøvar å finne sin plass på både Xbox One og PlayStation 4. Resident Evil 4 og 5 vil få den same behandlinga seinare i år.

Den siste av månadens nyversjonar er førstepersonskytaren Screencheat. Dette er i utgangspunktet eit ordinært skytespel designa for delt skjerm, men sidan alle motstandarane er usynlege må du sjå på skjermane deira for å finne ut kvar dei er.

Til slutt denne månaden tek vi med kampsportspelet EA Sports UFC 2, og ikkje minst MMO-et Black Desert Online frå Sør-Korea. Dette MMO-et har allereie fått ein del merksemd for sin nydelege grafikk, og då spesielt dei svært detaljerte og avanserte verktya du får bruke for å skape karakteren din.

Dette var dett for denne månaden, god speling!

Siste fra forsiden