Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Gløym alt som heiter skule, jobb og sosial omgangskrets den komande månaden.

November er ein vanskeleg månad. Eg blir redd. Tanken på alt som ramlar inn døra av spel er nok til å få lett panikkangst av, og når store delar av det i tillegg har ein stygg tendens til å vere av så god kvalitet at det bør spelast, og spelast lenge, då går det hardt utover det meste som heiter liv og sunt folkevett.

Det kjem så uhorveleg mange storspel denne månaden at det er umogleg å få plass til alt. Oktober starta kanskje hausten for alvor med perler som Dark Souls, Batman: Arkham City og Battlefield 3, men hallo, dette er ingenting. No kjem det eine spelet etter det andre og det å velje ut nokre viktige kandidatar for denne lista er ein jobb eg hatar å måtte gjere. Eg veit at uansett kva eg gjer, så vil nokon reagere.

Difor har eg tenkt å gjere ein liten vri. Eg skal utvide den typiske dosa med spel med noko sånt som 200% berre for at du skal få litt meir å lese om, og jeg kastar ikkje bort meir tid på å snakke om alt det koselege som skjedde i oktober.

Put a ring on it!
Put a ring on it!

Uncharted 3: Drake's Deception

Plattform: PS3
Ute: 2. november

Årets, største, viktigaste og mest kritikarroste PlayStation 3-spel lev tydelegvis opp til forventningane. Vår mann Nathan kastar seg ut i atter ei ny klimasone og vitjar denne gongen den gloheite ørkenen. Som vanleg kan du vente deg eit spel som igjen sprenger grensene for kva PlayStation 3 kan yte reint teknisk. Det herskar ingen tvil om at Naughty Dog kan sine grafiske saker, og dei er ikkje redde for å vise det.

Utover det blir det som vanleg spretten akrobatikk i diverse miljø, nokre tapre turar på utsida av eit fly, eit drukningsforsøk, og ikkje minst intense skyteepisodar mot folk som verkeleg ikkje likar eventyrarar. Det er godt vi har Nathan og Elena si kjærlege krangling til å halde motet oppe i slike tøffe tider.

Les meir om Uncharted 3: Drake's Deception

Heftig animeaction.
Heftig animeaction.

BlazBlue: Continuum Shift 2

Plattform: 3DS og PSP
Ute: 4. november

Det er ikkje nok solide slåssespel på våre kjære handkonsollar, men no får vi ei lita vitamininnsprøyting. BlazBlue er kanskje ikkje blant dei mest kjende slåssespelseriane for folk flest, men tru meg, det er ein av dei beste. Serien ofrar 3D og fancy schmancy teknologi til fordel for todimensjonale og lekkert animerte figurar. Det er all grunn til å tru serien vil kome til sin rette på 3DS og PSP.

BlazBlue: Continuum Shift 2 byr på eit fargerikt persongalleri med figurar du berre finn i Japan. Det blir spanande å sjå korleis spelet sitt kontrollsystem taklar overgangen frå konsoll til dei må portable maskinene. Ein ting er i alle fall sikkert, BlazBlue: Continuum Shift 2 vil bli eit fargerikt og annleis tilskot til slåssespelbiblioteket.

Les meir om BlazBlue: Continuum Shift 2

Blir dette tidenes Ringenes Herre-spel?
Blir dette tidenes Ringenes Herre-spel?

The Lord of the Rings: War in the North

Plattform: PC, Xbox 360 og PS3
Ute: 4. november

Dette er godt mogleg det spelet eg gler meg mest til i heile haust, og det er ikkje fordi vi reiser tilbake til Midgar. Nei du, dette spelet er høgst lovande av heilt andre grunnar, for det er Snowblind Studios som står bak utviklinga, og har tidlegare laga Baldur's Gate: Dark Alliace, eitt av tidenes beste spel for sofasamarbeid.

Samarbeid blir viktig i War in the North òg. I denne blodige vinklinga på Tolkien si verd kan du spele saman med opp til to andre spelarar, der kvar person inntek ei spesiell rolle, og samarbeid blir uhyre viktig. Her gjeld det å bruke sine individuelle eigenskapar for alt dei er verd om ein skal overleve fjelltroll og orkar. Eg prøvde det for noko over eitt år sidan, og allereie då var det ei fantastisk oppleving.

Les meir om The Lord of the Rings: War in the North

Kan Activision toppe fjorårets suksess?
Kan Activision toppe fjorårets suksess?

Call of Duty: Modern Warfare 3

Plattform: PC, Xbox 360 og PS3
Ute: 8. november

No skal det bere eller breste. Sjølv om Infinity Ward har hatt ei solid innvendig krise sidan Modern Warfare 2 har ikkje det hindra dei frå å vere fullstendig klare over at større alltid er betre. Om du trudde du hadde sett krigføring før får du tru om igjen. No skal verdas store og flotte byar bli kaotiske krigssoner, og det herksar vel fint lite tvil om kor vidt dette blir ei eksplosiv affære.

For å få spelet ferdig har Infinity Ward fått med seg det nyoppstarta Sledgehammer Games som har eit par tidlegare Dead Space-gründerar bak roret, så det herskar ingen tvil om at det er nok av talent som sørgjer for å styre Call of Duty-skyta trygt i hamn i år òg. Ekstra spanande blir det derimot å sjå om Battlefield 3 har prestert å lage skrammer i lakken til Activisions blankpolerte limmo.

Les meir om Call of Duty: Modern Warfare 3

Einsam kjempe søker make for lange turar i skogen.
Einsam kjempe søker make for lange turar i skogen.

The Elder Scrolls: Skyrim

Plattform: PC, Xbox 360 og PS3
Ute: 11. november

Få vestlege rollespelseriar møter større respekt enn Bethesda sin smått legendariske Elder Scrolls-serie. Heilt sidan Arena blei lansert i 1994 har fantasiverda Tamriel bydd på massive verder med så mykje å gjere at du kunne bruke hundrevis av timar og likevel ikkje få med deg alt.

Om Skyrim byr på det same gjenstår å sjå, men om ein ting er sikkert så er det at dette definitivt set ny grafisk takhøgd for serien. Vi reiser til det kalde nord der vikinglandsbyar og mektige dragar er blant hovudingrediensane, og med drageblod i årane reiser du ut på eventyr. I Skyrim kan du gjere alt frå å kjempe mot alskens beist og utyske i grotter og mørke skogar, til å gifte deg. Som vanleg kan vi vente oss sideoppdrag og ekstrainnhald som rivaliserer hovudhistoria, så det er berre å kjøpe inn proviant for nokre veker, for dette kan ta tid.

Les meir om The Elder Scrolls: Skyrim

Får vi ei verdig avslutning?
Får vi ei verdig avslutning?

Assassin's Creed: Revelations

Plattform: PC, Xbox 360 og PS3
Ute: 15. november

No skal vi endeleg få vite alt! Den mystiske historia om Ezio er i ferd med å møte sin slutt, og no skal alt avslørast, trur vi i alle fall. Ubisoft har gjort eit lite kunststykke med Assassin's Creed-serien. Ikkje berre har dei kome seg inn i ein solid rytme der dei dyttar ut eit nytt spel kvart år, men i tillegg har kvart spel vore betre enn det førre. Om så er tilfelle med Revelations har vi all grunn til å glede oss.

Denne gong legg vi turen til Konstantinopel, og vi møter ein eldre Ezio. Alder er derimot inga hindring for akrobatikk som kanskje høyrer meir heime i dei Olympiske Leikar. Vi gler oss stort til å sjå kva nyvinningar og kreativt påfunn Assassin's Creed har å by på i denne omgang.

Les meir om Assassin's Creed: Revelations

Her skal det hoppast!
Her skal det hoppast!

Halo: Combat Evolved Anniversary

Plattform: Xbox 360
Ute: 15. november

Det bør eigentleg ikkje stort meir til enn «Truth and Reconciliation» og «Warthogjump» for at ein kvar oppegåande, sunn og anstendig person i høg nok alder til å ha erfart Halo blir sveitt i buksa. Halo er tilbake folkens, og eg snakkar ikkje om eitt nytt spel i Halo-universet. Eg snakkar om Halo, spelet som omdefinerte fysikk med sine fantastiske granatar som fekk mekaniske farkostar til å fly som kanonkuler gjennom lufta.

Kanonkuler og det beste nattbrettet gjennom historia er to grunnar aleine til at du bør overnatte utanfor næraste sjappe før lanseringa 15. november. Halo er tilbake, og eg ser fram til å atter ein gong vie meiningslaust mange timar på youtube for å studere betre framgangsmåtar for å få til det perfekte granathoppet med Warthog.

Les meir om Halo: Combat Evolved Anniversary

Kommentarer (56)

Forsiden akkurat nå

Til toppen