Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Gløym alt som heiter skule, jobb og sosial omgangskrets den komande månaden.

1: Side 1
2: Side 2
Spørs om det er nok å stå heilt stille.

Jurassic Park: The Game

Plattform: PC, Xbox 360 og PS3
Ute: 15. november

For alle som var unge og lovande då Jurassic Park storma over kinolerreta i vår langstrakte land er 15. november eitt av årets store høgdepunkt. For ein serie som har vore kriminelt oversett dei siste åra er det no endeleg på tide med eitt gjensyn. Heldigvis har ikkje Telltale Games valt den billege og kjipe løysninga med å lage eit generisk skytespel der vanlege folk skal skyte raptorar med minigun.

Telltale ser ut til å ha forstått essensen av Jurassic Park. Vanlege folk i møte med noko spektakulært. Ein kamp for å overleve, i staden for rein krigføring. I Jurassic Park: The Game må du løyse mange utfordringar og problematiske situasjonar som dukkar opp, og om du feilar er aldri skarpe og sagtagga tenner langt unna.

Les meir om Jurassic Park: The Game

Finnest det noko betre enn ein lat søndag og strategi?

Anno 2070

Plattform: PC
Ute: 17. november

Anno-serien har tradisjonelt handlar om svunne tider, men no tek serien eit hopp inn i framtida. I staden for seglskuter og hest med påfølgjande kjerre blir det no morgondagens teknologi og aktuelle problemstillingar. I Anno 2070 møter du mange økologiske utfordringar i ei verd der klimaendringar og forureining har øydelagt mange tidlegare fruktbare område.

Korleis du vel å takle desse problema vil få mykje å seie for korleis sivilisasjonen din utviklar seg. Både innbyggjarane sine ynskje og behov, samt korleis bygningane ser ut vil alle bli forma av dine val og gjerningar. Samtidig er du ikkje aleine i verda, og vi møter to forskjellige fraksjonar som ser heilt ulikt på korleis verdssituasjonen bør handterast.

Les meir om Anno 2070

EA satsar på å få adrenalinet ditt til å pumpe.

Need for Speed: The Run

Les også
Anmeldelse:

Plattform: PC, Xbox 360 og PS3<
Ute: 17. november

Dette spelet kan nok skape litt konflikt i racingmiljøet. Her er det ikkje nok med å tråkke pedalen gjennom golvet i god Flåklypa-stil, men her skal du faktisk springe til fots gjennom knappetrykkesekvensar òg. Kor omfattande denne biten er vitast ikkje, men vi veit den er der, og vi ser litt skeptisk på den.

Utover det har The Run mykje spanande å by på. Det følgjer tett i spora til Need for Speed: Hot Pursuit og byr på mykje av dei same systema, i tillegg til at autologgen er tilbake. Forskjellane er likevel tydelege. Her skal du kome deg frå ein ende av USA til den andre, og du må gjennom fleire ganske så halsbrekkande situasjonar. Å fyre laus turboen medan du fresar gjennom eksplosive steinras på eit snødekt fjell er kanskje ikkje den typiske definisjonen av ein søndagstur, men her er det berre oppvarminga.

Les meir om Need for Speed: The Run

Berre i Saint's Row, berre i Sain'ts Row.

Saint's Row: The Third

Plattform: PC, PS3 og Xbox 360
Ute: 18. november

Årets mest smaklause spel! Kan nokon eigentleg krangle på det når vi snakkar om eit spel som let seg sjølv promotere på E3-messa i Los Angeles ved å hyre inn ein flokk med kriminelt vakre jenter i lilla bikini for å vakse bilar? Det var det eg trudde.

Det er vanskeleg å vite kva ein skal seie om dette spelet. Det er Grand Theft Auto sitt forskrudde og beksvarte får, og det viser ikkje respekt for noko som helst bortsett frå spelaren som utviklarane ser ut til å forgude. Om du kan finne eit spel med større moglegheiter for å skreddarsy din eigen figur fortener du ein saftig premie. Dette spelet handlar om pupp, vald, vulgær humor på eit krakilsk fjortisnivå. Berre sjå føre deg seksualundervisninga i 10. klasse etter at alle gutane har sprunge rundt i Steelport og daska prostituerte med ein gigantisk, lilla dildo. Eg gret for framtida.

Les meir om Saint's Row: The Third

O fagre, grøne skogar.

The Legend of Zelda: Skyward Sword

Plattform: Wii
Ute: 18. november

Det er høgtid kvar gong eit nytt Zelda-spel er på veg. Link er den eldste og viktigaste eventyrhelten vi har i bransjen, og med tanke på den kvaliteten som stort sett pregar alt han er med i, er det ikkje rart at alle hjarte gler seg akkurat no.

Skyward Sword er derimot ganske spesielt. Dette er det første Zelda-pelet som er utvikla utelukkande for Wii og Wiimoten. Twilight Princess var originalt berre eit GameCube-spel som fekk ein Wii-versjon. At Nintendo kan sine saker veit vi frå før, men det blir likevel uhyre spanande å sjå kva resultatet blir når dei kjem med eit spel som satsar på å bye på skikkeleg sverdfekting med Wiimoten. I tillegg lovast det at spelet blir heilt enormt, så om du enno ikkje har nok å fylle hausten med er det berre å planleggje sjukedagane.

Les meir om The Legend of Zelda: Skyward Sword

Årets lekraste spel!

Rayman Origins

Plattform: Xbox 360, PS3 og Wii
Ute: 24. november

Rayman har utfordra seg i mang ein sjanger og dimensjon. Det er derimot veldig lenge sidan han har fått lov til å utfolde seg i eit skikkeleg todimensjonalt plattformeventyr. No er tida derimot komen, og Ubisoft med Michel Ancel i spissen lovast vi eit heidundrandes eventyr så vakkert at kjeften din godt mogleg treff parketten med eit smell.

Utviklarteamet har bygd opp sitt eige animasjonssystem som let dei skape nydelege animasjonar i ei todimensjonal verd, og det herskar liten tvil om at det er dette som først og fremst vekker oppsikt med spelet. Det er nok derimot meir til dette spelet enn innpakninga. Rayman Origins ser ut til å by på skikkeleg kvalitetsplattform med mange utfordringar, og ein solid fleirspelarmodus der du anten kan samarbeide eller konkurrere mot vener eller fiendar. Rayman er tilbake, og det er ikkje for tidleg.

Les meir om Rayman Origins

Vi er i fyr og flamme over haustens JPRG-satsing.

Tales of the Abyss

Plattform: 3DS
Ute: 25. november

Det einaste japanske rollespelet i november er strengt tatt ikkje heilt nytt, men det er derimot knallbra. Dette PlayStation 2-spelet kom aldri til Europa i si originale form, og det er difor gledeleg at vi omsider får lov til å ta del i moroa, til og med før amerikanarane som ikkje får spelet før på nyåret.

I Tales of the Abyss møter vi Luke von Fabre, ein litt egoistisk ung mann som i god tradisjon må leggje ut på eit omfattande eventyr for å redde både det eine og det andre. I typisk Tales of-tradisjon kan vi vente oss eit fargerikt og sprekt eventyr med eit solid persongalleri, mykje humor og eit fantastisk og intenst kampsystem. Det har vore ei solid JRPG-tørke så langt i år, så dette vil bli eit fint plaster på eit ope og blødande sår.

Les meir om Tales of the Abyss

Vi i Gamer.no er alltid klare for å ete litt sopp, hoppe på kassar, og samle ting som skin. Nei, vent no litt.

Super Mario 3D Land

Plattform: 3DS
Ute: 25. november

Ikkje berre får vi eit nytt Zelda-spel i år, men Mario er tilbake òg. Ikkje at han har vore lenge borte, men spela hans plar vere noko for seg sjølv, og forhåpentlegvis blir ikkje Super Mario 3D Land noko unntak. Dette spelet kombinerer tradisjonell 2D-plattforming med 3D og vil la oss springe rundt i eit sideskrollande landskap på jakt etter den kjende og kjære flaggstanga på enden av nivået.

Som i alle Mario-spel med respekt for seg sjølv blir det nok solide utfordringar og diverse kreative gjenstandar som gjev Mario nye eigenskapar. Vi kan vente oss gjensyn med både eldblomen stjerna, men eg lurer eigentleg litt på kvar det blir av kappa frå Super Mario World. Historia er som vanleg ikkje noko vi eigetnleg bryr oss om, men om du på død og liv må vite det så har Bowser kidnappa prinsesse Peach... igjen.

Les meir om Super Mario 3D Land

Overdose

Som du ser er det ikkje akkurat få spel på veg i november, og lukke til med å få tid til alt. Det blir faktisk enda verre, for vi er ikkje ferdige! Det er mange spel som ikkje har fått plass på vår liste, og mange av dei kunne sikkert ha vore der. Spesielt ABBA: You Can Dance har eg stor tru på.

Av meir obskure titlar finn vi derimot GoldenEye 007: Reloaded som tek den oppussa Wii-versjonen av klassiske GoldenEye og pussar den opp enda litt til. Raving Rabbids er tilbake for enda litt meir sosial galskap, og for born og vaksne i alle aldrar er Sonic tilbake i Sonic Generations der du får spele både i gammal sideskrollande stil, og i tredjeperson.

Meir skal det derimot bli. L.A. Noire kjem ut til PC, herlege Cave Story kjem til 3DS, Kirby rullar over skjermen i Kirby's Adventure Wii, og vi kan banke kvarandre gule og blå i både Ultimate Marvel vs. Capcom og The King of fighters XIII.

Er du sugen på enda litt meir godt frå Japan kjem skytehelvetegalskapen i DoDonPachi Ressurection Deluxe til Xbox 360. Er det ikkje nok med eitt japanske rollespel i Tales of the Abyss, blir omsider Persona 2: Innocent Sin tilgjengeleg på PSP.

Og der var det på tide å ta seg ein lang og velfortent pust i bakken for min del. Kos deg i november, og eg er tilbake med neste oppsummering før årets siste månad.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden