Feature
(Bilde: Activision/Blizzard/Bethesda/Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i november

Hald deg fast, dette blir ein hard månad for lommeboka di.

For ei fager tid vi lev i, er du ikkje einig? Når det største problemet ein har er å velje kva spel ein skal bruke slantane på, då har ein det ganske bra. Med det i tankane har vi hatt ein ganske utfordrande månad bak oss. Vi fekk eit fagert gjensyn med Uncharted-serien, ei knakande god utviding til The Witcher 3, og ikkje minst eit flunkande nytt og saftig spel i Halo-serien.

Ikkje at det stoppa der. Rock Band har vakna frå dei døde, og har atter ein gong sjarmert oss i senk med sine plastikkinstrument. Alt har derimot ikkje vore like rosenraudt i gamingland. WRC 5 var, for å seie det enkelt; skuffande. Assassin's Creed: Syndicate fann sin plass i same bås, og det er kanskje på tide at Ubisoft tek seg ei runde i tenkeboksen før dei dyttar enda eit spel på oss.

Framtida er likevel lys, og her er nokre av spela vi ser aller mest fram til i månaden som ligg framfor oss. 

Call of Duty: Black Ops III

Macho, macho man.
Macho, macho man. Bilde: Activision

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 6. november

Call of Duty-serien ser ikkje ut til å ta kvelden heilt med det første. I år er det atter ein gong tid for eit nytt tilskot, og no har utviklarane hos Treyarch gått inn for å sprøyte nytt liv inn i serien. Med ei rekke nye eigenskapar skal spelarane få ein god grunn til å kjøpe årets utgåve, og vi likte det vi såg i vår sniktitt:

«Den verkeleg store nyhenda er spesialist-systemet, der ein ikkje berre får velje korleis ein skal sjå ut, men også kva framtidsretta superkrefter som lurer under topplokket. Ni ferdiglaga personligtypar tilfører morosame spesialeigenskaper til Black Ops IIIs fleirspelar, og moglegheita for å hoppe tilbake til der ein var for to-tre sekunder sidan, eller slå frå seg med ein hendig handkanon, kjem som ei rekke friske pust i den til tider stilleståande skytespelserien.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Black Ops III

StarCraft II: Legacy of the Void

Vil Legacy of the Void by på ei god avslutning til serien?
Vil Legacy of the Void by på ei god avslutning til serien? Bilde: Blizzard

Plattform: Windows, Mac
Ute: 10. november

Er StarCraft II det mest ambisiøse strategispelprosjektet i historia? Godt mogleg, det som starta med StarCraft II: Wings of Liberty, og heldt fram med Heart of the Swarm,  når snart sin ende med trilogiens tredje spel; Legacy of the Void. I dette spelet får vi det som godt mogleg blir det endelege kapittelet i historia om Jim Raynor og Sarah Kerrigan.

Der det på den eine sida er ei avslutning, er Legacy of the Void starten på noko anna. StarCraft II er eit viktig spel i E-sportmiljøet, og Legacy of the Void kjem nok ikkje til å endre på dette. Med ei rekke nye modusar for både konkurranse og samarbeid, samt nye soldatar og balanseendringar, er det duka for mykje moro på nett i tida framover.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på StarCraft II: Legacy of the Void

Fallout 4

Så aude, så vakkert.
Så aude, så vakkert. Bilde: Bethesda

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 10. november

At Fallout 4 er eit av haustens aller mest etterlengta spel herskar det ingen tvil om. Fallout-serien har stått i høg kurs sidan slutten av 90-talet, og populariteten blei berre større etter at Bethesda tok serien i ein ny retning med Fallout 3. Vi kan vente oss eit massivt rollespel fullt av valfridom, og vi likte det vi såg då vi tok ein kikk på det:

«Fallout 4 ser ut til å bli gjenkjenneleg for dei fleste som har spelt nokre av dei føregåande to spela. Den store endringa, i tillegg til det tidligare annonserte systemet for bygging og busetjingar, er skytemekanikkane som har fått seg ei real overhaling. Vent deg eit djupare førstepersonsskytespel, meir responsive kontrollar, moglegheit for å bruke siktemidla på våpna, og markant mindre loking i V.A.T.S.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fallout 4

Rise of the Tomb Raider

Lara Croft på nye eventyr.
Lara Croft på nye eventyr. Bilde: Square Enix

Plattform: Xbox One, Xbox 360
Ute: 13. november

Med Tomb Raider frå 2013 starta Crystal Dynamics serien om Lara Croft på ny. Der fekk vi møte ei ung og uerfaren kvinne som for første gong måtte kaste seg ut i eit eventyr med livet som innsats. I Rise of the Tomb Raider møter vi naturlegvis Lara Croft igjen, men denne gong i ei litt eldre og meir erfaren form. I dette spelet skal vi få sjå den verkelege starten på hennar eventyrlyst.

Vi blir lova eit langt større spel enn forgjengaren, og der spelet frå 2013 gjekk føre seg på ei enkelt øy, vil du no få reise til fleire stader i verda. Denne gong reiser ho blant anna til Sibir og Syria på jakt etter edle skattar. Ved sidan av dette skal oppfølgjaren la deg bygge diverse utstyr, og bryne deg på skiftande vêrforhold.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rise of the Tomb Raider

Star Wars Battlefront

Stjernekrig for alle penga!
Stjernekrig for alle penga! Bilde: EA

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 19. november

Dette er det største året for Star Wars på mange år. Ikkje berre får vi ein film som held fram historia frå dei første filmane, og hentar tilbake gamle heltar, men vi får eit flunkande nytt Battlefront-spel frå svenske DICE. Her kan vi vente oss stormtroppar og opprørarar i heftige kampar med Tie Fighter- og X-Wing-skip herjande i skylaget. Vi var fulle av lovord i vår sniktitt:

«Å få tilgang på køyrety midt på kartet er ein spanande vri; dei mobile slagmarkene er utruleg interessante, og tempoet er kraftig skrudd opp i forhold til vanleg Battlefield. Kruna på verket er likevel det konstante preget av Star Wars, med autentiske effektar, herlig nostalgi og stjernekrig for alle penga. Ein føler seg som ein del av seriens univers, og det er antakeleg dette som kjem til å vere den viktigaste ingrediensen på spelets leiting etter suksess.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Wars Battlefront

Racing og dansing

Galskap og dansing i Persona 4: Dancing All Night.
Galskap og dansing i Persona 4: Dancing All Night. Bilde: Atlus

Det er litt færre spel på plakaten denne månaden enn vi kanskje er vande med, men det har nok si naturlege forklaring. Fleire av dei alle største spela har det med å lanserast i november, og det betyr hard konkurranse om pengane dine. Sjansen er difor stor for at mange utgjevarar i år har gitt opp å konkurrere med gigantane.

Nokre spel er likevel igjen på lista, og fleire av dei kjem nok òg til å selje godt. Kva seier du til dømes til eit flunkande nytt Need for Speed-spel? I denne utgåva skal du få utvikle din eigen køyrestil medan du byggje opp ditt eige rykte i spelverda.

Football Manager 2016 vil på si side gje fotballfolket noko å bruke vintertida på, og Bloodborne: The Old Hunters satsar på å gjere hausten, mørk, nifs og ikkje minst smertefull.

På ei litt anna side av spelspekteret finn vi Rodea the Sky Soldier som kjem til 3DS og Wii U. Dette er eit plattformeventyr frå Yuji Naka, som i si tid stod for programmeringa av det første Sonic-spelet til SEGA.

Om det ikkje var fargerikt nok lanserast Persona 4: Dancing All Night. Som du kanskje gjetta ut frå tittelen er dette eit rytmespel som handlar om å, vel, danse heile natta gjennom.

Avslutningsvis har Ubisoft eit par titlar til oss. Assassin's Creed Syndicate lanserast på PC, og det same gjer eit nytt spel i strategiserien Anno. I Anno 2205 reiser vi atter ein gong til framtida, og vi kan blant anna byggje koloniar på månen.

Det var det for denne månaden, spelast!

Fallout 4 Windows

Rodea the Sky Soldier 3DS

StarCraft II: Legacy of the Void Mac

Bloodborne: The Old Hunters PS4

Persona 4: Dancing All Night Vita

Need for Speed XOne

Rise of the Tomb Raider XOne

Call of Duty: Black Ops III PS3

Star Wars Battlefront (2015) PS4

Football Manager 2016 Windows

Star Wars Battlefront (2015) XOne

StarCraft II: Legacy of the Void Windows

Star Wars Battlefront (2015) Windows

Fallout 4 PS4

Call of Duty: Black Ops III PS4

Fallout 4 XOne

Call of Duty: Black Ops III Windows

Call of Duty: Black Ops III X360

Call of Duty: Black Ops III XOne

Rise of the Tomb Raider X360

Assassin's Creed: Syndicate Windows

Anno 2205 Windows

Need for Speed PS4

Rodea the Sky Soldier Wii U

Fallout 4 Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: Bethesda Game Studios

Beste priser

Nedlasting 207,- Til butikk
Ikke på lager 264,- Til butikk
Ikke på lager 299,- Til butikk
På lager 378,- Til butikk

Rodea the Sky Soldier 3DS 3DS Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. november 2015
  • Plattform: Nintendo 3DS
  • Utgiver: NIS America
  • Utvikler: Prope

Beste priser

Forventet lagerdato 393,- Til butikk
På lager 449,- Til butikk

StarCraft II: Legacy of the Void Mac Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2015
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Blizzard Entertainment
  • Utvikler: Blizzard Entertainment

Beste priser

Ikke på lager 348,- Til butikk
På lager 349,- Til butikk

Bloodborne: The Old Hunters PS4 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. november 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Sony Comupter Entertainment
  • Utvikler: From Software

Persona 4: Dancing All Night Vita Vita

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. november 2015
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: Atlus
  • Utvikler: Atlus

Beste priser

På lager 379,- Til butikk
På lager 449,- Til butikk
På lager 468,- Til butikk

Need for Speed XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. november 2015
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: EA
  • Utvikler: Ghost Games

Beste priser

På lager 249,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk
Ikke på lager 249,- Til butikk
Ikke på lager 249,- Til butikk

Rise of the Tomb Raider XOne XOne X360 Windows PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. november 2015
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Crystal Dynamics

Beste priser

På lager 244,- Til butikk
Nedlasting 267,- Til butikk
På lager 299,- Til butikk
På lager 345,- Til butikk

Call of Duty: Black Ops III PS3 PS3 PS4 Windows XOne X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. november 2015
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Treyarch

Beste priser

Ikke på lager 199,- Til butikk
På lager 299,- Til butikk
På lager 299,- Til butikk
På lager 299,- Til butikk

Star Wars Battlefront (2015) PS4 PS4 XOne Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. november 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: EA Games
  • Utvikler: Dice

Beste priser

På lager 248,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk

Football Manager 2016 Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: SEGA Europe
  • Utvikler: Sports Interactive

Beste priser

Nedlasting 124,- Til butikk
På lager 149,- Til butikk
På lager 160,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk

Star Wars Battlefront (2015) XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. november 2015
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: EA Games
  • Utvikler: Dice

Beste priser

På lager 219,- Til butikk
På lager 219,- Til butikk
På lager 219,- Til butikk
På lager 219,- Til butikk

StarCraft II: Legacy of the Void Windows Windows Mac

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Blizzard Entertainment
  • Utvikler: Blizzard Entertainment

Beste priser

Nedlasting 216,- Til butikk
På lager 238,- Til butikk
På leverandørlager 329,- Til butikk
På lager 348,- Til butikk

Star Wars Battlefront (2015) Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: EA Games
  • Utvikler: Dice

Beste priser

Nedlasting 197,- Til butikk
På lager 199,- Til butikk
På lager 226,- Til butikk
På lager 229,- Til butikk

Fallout 4 PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: Bethesda Game Studios

Beste priser

På lager 378,- Til butikk
På lager 379,- Til butikk
Ukjent lagerstatus 389,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk

Call of Duty: Black Ops III PS4 PS4 Windows XOne PS3 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. november 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Treyarch

Beste priser

Ikke på lager 398,- Til butikk
På lager 399,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk
På lager 449,- Til butikk

Fallout 4 XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2015
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: Bethesda Game Studios

Beste priser

På lager 368,- Til butikk
På lager 379,- Til butikk
På lager 379,- Til butikk
På lager 379,- Til butikk

Call of Duty: Black Ops III Windows Windows PS4 XOne PS3 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Treyarch

Beste priser

Nedlasting 63,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk
Ikke på lager 233,- Til butikk
På lager 399,- Til butikk

Call of Duty: Black Ops III X360 X360 PS4 Windows XOne PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. november 2015
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Treyarch

Beste priser

Ikke på lager 199,- Til butikk
På lager 299,- Til butikk
Forventet lagerdato 387,- Til butikk
På leverandørlager 489,- Til butikk

Call of Duty: Black Ops III XOne XOne PS4 Windows PS3 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. november 2015
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Treyarch

Beste priser

På lager 399,- Til butikk
På lager 399,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk
På lager 448,- Til butikk

Rise of the Tomb Raider X360 X360 XOne Windows PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. november 2015
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Crystal Dynamics

Beste priser

På lager 249,- Til butikk
På lager 435,- Til butikk
På leverandørlager 442,- Til butikk
På lager 449,- Til butikk

Assassin's Creed: Syndicate Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Ubisoft Entertainment
  • Utvikler: Ubisoft

Beste priser

Nedlasting 126,- Til butikk
På lager 229,- Til butikk
Ikke på lager 266,- Til butikk
På lager 298,- Til butikk

Anno 2205 Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Ubisoft Entertainment
  • Utvikler: Blue Byte

Need for Speed PS4 PS4 XOne Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. november 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: EA
  • Utvikler: Ghost Games

Beste priser

På lager 249,- Til butikk
På lager 295,- Til butikk
På lager 299,- Til butikk
Ikke på lager 349,- Til butikk

Rodea the Sky Soldier Wii U Wii U 3DS

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. november 2015
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: NIS America
  • Utvikler: Prope

Beste priser

Forventet lagerdato 440,- Til butikk

Kommentarer (34)

Forsiden akkurat nå

Til toppen