Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Sommaren er forbi og spelinga tek over.

Gratulerer! Du kom deg gjennom ein sommar som har bydd på minst to solskinsdagar her på det fagre vestlandet. Om du ikkje har blitt sengeliggande grunna solstikk, flåttbitt og andre kjære naturfenomen er det godt mogleg du har fått krampe i både det eine og det andre frå ekstremspeling.

August har vore ein saftig månad på alle måtar. Spela har velta over oss, og vi har fått servert ei gripande historie i Brothers: A Tale of Two Sons, og pur galskap i Saints Row IV. Dette er strengt tatt berre toppen på kransekaka i ein månad som har gjeve oss perler på snor nesten like saftige som dei du får når du tek eit strå og trer på velmodne blåbær.

Vi harr fått smakfull strategi i Europa Universalis IV, flagrande fiendar i Dynasty Warriors 8, ubeskriveleg lekker plattforming i Rayman Legends, og eit herleg rollespel med Tales of Xillia. Noko for ein kvar smak altså. Om det så er romvesen i The Bureau: XCOM Declassified eller slesk flørting i Killer is Dead.

Med ein så solid månad bak oss ligg lista høgt framfor årets først haustmånad, men du kan vere sikker på at stortitlane berre ligg og ventar.

Solid strategi i Total War: Rome II.
Solid strategi i Total War: Rome II.

Total War: Rome II

Plattform: Windows
Ute: 3. september

I Total War: Rome II får vi ein oppfølgjar til eit av dei mest kritikarrosa spela i Creative Assemblys Total War-serie. I Rome II tek du på deg rolla som leiaren for ein romersk familie, og målet er å få så mykje makt du berre kan. Her er det berre å gjere seg klar for krigføring og diplomati på høgt – og ikkje minst utspekulert – nivå.

Spelet blir lova å vere mykje større og friare enn dei tidlegare spela i Total War-serien. Kampanjen vil gi deg svært frie tøylar for korleis du vil går fram. Som vanleg vil spelet blande turbasert strategi på verdskartet, før du klaskar i hop i sanntid når du går til kamp. Her blir det millimeterstrategi og mektige utfordringar for dei små grå.

Les meir om Total War: Rome II

Blir dette det mest realistiske krigsspelet så langt?
Blir dette det mest realistiske krigsspelet så langt?

ArmA III

Plattform: Windows
Ute: 12. september

Når det kjem til militærsimulatorar er det få seriar som kjem med eit like stort detaljnivå som ArmA-serien til Bohemia Interactive. I ArmA III får vi leike oss på to massive øyer der den eine er 20 kvadratkilometer, medan den andre er på massive 270 kvadratkilometer. Spelet blir i første omgang lansert utan nokon einspelarkampanje, noko som er gjort for å sørgje for at spelet er så polert og velgjort som mogleg i tide til lansering.

ArmA III kan spelast i både førsteperson og tredjeperson, samtidig som det let deg ta styringa over mange ulike køyrety. Spelet har eit stort fokus på fleirspelarmodusen som har vore i beta ei god stund allereie, og som støttar over 100 spelarar samtidig.

Les meir om ArmA III

Medan vi ventar på Kingdom Hearts III får vi eit gjensyn med denne gjengen.
Medan vi ventar på Kingdom Hearts III får vi eit gjensyn med denne gjengen.

Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX

Plattform: PlayStation 3
Ute: 13. september

For godt over ti år sidan fikk vi det første spelet i Square Enix og Disney sin Kingdom Hearts-serie. Her blir japanske rollespel og vestlege teiknefilmfigurar blanda saman til noko heilt spesielt som har sett sitt preg på mang ein barndom. No er det første spelet i serien, oppfølgjaren Chain of Memories, samt ein filmversjon av DS-spelet 358/2 Days pussa opp og klart for lansering i ei og same pakke. Det vesle vi har fått prøve av spelet lovar godt:

«Om du er ein svoren Kingdom Hearts-fan har du ingenting å frykte. Dette er nøyaktig det same spelet du kjenner frå før, berre penare. Dei endringane som er gjort er utelukkande til det betre, og gjer eventyret gjennom dei ulike Disney-rika til ei smertefri oppleving full av eventyr og fargerike lokasjonar.»

Les meir om Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX

Kor mange kriminelle handlingar vil GTA V få skulda for?
Kor mange kriminelle handlingar vil GTA V få skulda for?

Grand Theft Auto V

Plattform: Xbox 360, PlayStation 3
Ute: 17. september

At Grand Theft Auto V er blant årets definitivt største og viktigaste lanseringar herskar det ingen tvil om. Sidan Grand Theft Auto III har kvart spel i denne serien hausta enorm popularitet både blant publikum og kritikarar. Serien har spesialisert seg på å gi spelaren solid valfridom i ei diger sandkasse full av moglegheiter. Samtidig er Grand Theft Auto notorisk for å by på kontroversielle element.

I Grand Theft Auto V tek Rockstar det heile eit solid stykke vidare. Her får vi ikkje berre ein, men heile tre hovudpersonar vi kan veksle mellom når som helst. Dette kan utnyttast strategisk for å løyse oppdrag på smarte måtar, men og for å få eit innblikk i liva deira. Grand Theft Auto V vil i tillegg bli det største spelet i serien så langt. Det vil by på enorme landområde der du kan reise på tur i fjella, sigle over sjøen, og dykke under havet.

Les meir om Grand Theft Auto V

Alt klart for nye veddemål og basketak.
Alt klart for nye veddemål og basketak.

FIFA 14

Plattform: Windows, Xbox 360, PlayStation 3, PS Vita, PlayStation 2, Wii, 3DS
Ute: 26. september

Ein av verdas aller største sportar dukkar igjen opp på ein skjerm nær deg. FIFA er som vanleg tilbake, og som vanleg kan vi vente oss ei rekke forbetringar på formelen. Blant anna vil FIFA 14 by eit mykje smartare forsvar som ikkje vil sleppe motstandarane like lett igjennom som tidlegare.

Ein naturleg konsekvens av dette er sjølvsagt at motstandarane har blitt smartare òg. Ein annan ny detalj er korleis farten til ballen vil variere etter kor hardt spelaren rører ballen, i staden for å halde ei bestemt avstand til spelaren. Spelet vil utføre fire gongar så mange kalkulasjonar som tidlegare, og vil med det leggje opp til mykje meir nøyaktig speling. Kan dribling få ein ny dimensjon i FIFA 14?

Les meir om FIFA 14

Kan konsollversjonen av Diablo III hamle opp med PC-versjonen?
Kan konsollversjonen av Diablo III hamle opp med PC-versjonen?

Haustskredet startar

Som vanleg har den komande månaden mykje meir å by på enn dei fem høgdepunkta vi allereie har lista opp. Til dømes fyrer vi laus månaden med konsollversjonen av Diablo III. Det herlege Brothers: A Tale of Two Sons kjem samtidig til nokre nye plattformer, slik at fleire kan få erfare eventyret.

Om du treng meir action kan kanskje skytespelet Killzone: Mercenary vise musklar på PS Vita, medan flya skyt bomber i World of Warplanes. Eventyrlystne kan kaste seg ut i sprelske eventyr i Deadfall Adventures, medan tilhengjarar av gamle plattformperler forhåpentlegvis kan kose seg med nyversjonen av Mikke Mus-spelet Castle og Illusion.

På toppen av dette kjem atter eit nytt Angry Birds-spel. Denne gongen er det spel nummer to i Star Wars-drakt som står for tur. Om dette blir hakket for simpelt for deg kan det kanskje smake med litt grøss i Amnesia: A Machine for Pigs, medan Disgaea D2: A Brighter Darkness byr på endelause utfordringar for rollespeltaktikarane. Skulle du ikkje få metta sportsbehovet kan kanskje NHL 14 vere det rette for deg.

Som du ser blir det nok å bite fast i medan vi ventar på november då Sony endeleg vil sende PlayStation 4 ut i butikkane.

Kommentarer (33)

Forsiden akkurat nå

Til toppen