Feature

Desse spela gler vi oss til

Hausten er den store sesongen for dyrt smågodt. Får du tid til alt?

1: Side 1
2: Side 2

Jurassic Park: The Game

Ute: 3. kvartal

Stå heilt i ro, så går nok dette bra.

Utruleg nok er det snart 20 år sidan Jurassic Park dukka opp på kino. Vi har sett nokre spel sidan den tid, men det er lenge sidan sist, og det er på høg tid med eit nytt eventyr. Denne gong er det verken action eller utfordringane ved å byggje ein park som står i fokus. Får Telltale Games kjem eit mørkt spel med fokus på karakterar og historie.

Du vil måtte løyse mange problematiske situasjonar medan du prøvar å kome deg levande gjennom parken, og trugselen frå svoltne dinosaurar er konstant. Spelet hentar ein del inspirasjon frå Heavy Rain, men gjer òg mykje på sin eigen måte. Telltale lovar eit spel som vil viske linjene mellom eit spel og ein TV-serie, og sidan det knapt finnest noko tøffare enn store dinosaurar ventar vi i spaning.

Les meir om Jurassic Park: The Game.

Might & Magic Heroes VI

Ute: 13. oktober

Strategi på den gode gamle måten.

Heroes-serien er ein av dei store seriane med ei lang historie. Naturleg nok er det alltid høge forventningar når det kjem eit nytt spel, og Heroes VI er ikkje noko unntak. Vi har sett spelet i aksjon, og det lovar absolutt bra. Som vanleg får vi turbaserte og svært taktiske kampar blanda med eit smart rollespelsystem i kampen mellom det vonde og det gode.

Utviklarane har gjort ei rekke små og store endringar for å bringe serien inn i vår tid, og har i størst grad fokusert på å bevare essensen av kva Heroes er, ikkje nødvendigvis å gjere det heilt likt dei førre spela. Om dette er eit smart trekk får du lese om her på Gamer.no når spelet blir lansert i oktober.

Les meir om Might & Magic Heroes VI.

Minecraft

Ute: 11. november

Blir fenomenet enda større?

Å putte dette på liste over spela vi ser fram til verkar kanskje noko pussig i og med at millionar verda over har hatt stor glede over spelet i lang tid allereie. Likevel, dette spelet har så langt vore i ein temmeleg offentleg testfase, og no er det snart klart for full lansering. Kan fenomenet bli enda større enn det allereie er?

I Minecraft får du praktisk talt byggje di eiga verd. Med ei hakke set du i gong og byggjer deg ein heim før du går vidare på større prosjekt. Det er eit spel som må sjåast før ein verkeleg trur det. Folk har laga alt frå truverdige versjonar av Midgard til hyllestar til forskjellige spel. Kreativiteten ser ikkje ut til å ha nokon ende for dei som spelar Minecraft, så det er berre å henge seg på.

Les meir om Minecraft.

Rage

Ute: 7. oktober

iD imponerer som vanleg med grafikkprestasjonane sine.

id Software er ei udiskutabel legende innan spelindustrien, og det er alltid store forventningar når dei kjem med eit nytt spel. Rage er deira første nye varkemerke sidan Quake, og forventningane blir på ingen måte mindre av det. I tillegg blir spelet flaggskipet for den nye Tech 5-motoren som har imponert oss stort.

Der id er best kjende for å lage konsentrerte skytarar i til dels klaustrofobiske område blir Rage noko heilt nytt. Her må du køyre over raud sand og vidstrakte sletter med ein doning du kan skru saman sjølv. Spelet lovar ei dramatisk historie og heftige kampar med ein kunstig intelligens som godt mogleg ler jula inn når det ser kva andre spel har å by på.

Les meir om Rage.

The Elder Scrolls V: Skyrim

11. november

På tide med ein liten ferie kanskje?

Det er alltid store forventningar kvar gong Bethesda kjem med eit nytt rollespel, og Skyrim er ikkje noko unntak. Denne gongen tek den høgt elska Elder Scrolls-serien oss med til det kalde nord der vi møter snø, kulde og massive dragar. Desse dragane vil få ei stor rolle i spelet, og du kan i tillegg få forskjellige krefter frå dei.

Vi kan vente oss eit nytt og stort eventyr med mange sideoppdrag og forskjellige laug vi kan alliere oss med. Spelet byr på eit nytt kampsystem og ein grafikkmotor som endeleg får folka til å kome til live på ein truverdig måte. Det er berre å pakke ryggsekken, her kjem du til å bli ei stund.

Les meir om The Elder Scrolls V: Skyrim.

Star Wars: The Old Republic

Ute: 3. kvartal

I ein galakse for lenge sidan ville alle vere jedi.

Dette har potensiale til å bli eitt av dei største massive nettspela i nyare tid. Om det kan ta opp konkurransen mot World of Warcraft er ikkje sikkert, men det finnest få fiktive univers som har ei så trufast og enorm tilhengjarskare som Star Wars. At BioWare står som utviklar er heller ikkje til å kimse av. Dei har funne gull i fjerne galaksar før, og ein skal ikkje sjå bort frå at dei vil gjere det igjen.

Utfordringane er sjølvsagt mange, og konkurransen er hard. BioWare har derimot deomnstrert før at dei verkeleg veit å produsere kvalitetsvare når dei set alle klutar til. Med eit enormt univers og ei bakhistorie som får vår eiga tid på planeten Tellus til å sjå ut som småtteri, har The Old Republic potensiale til å bli eit fenomen i seg sjølv.

Les meir om Star Wars: The Old Republic.

The Lord of the Rings: War in the North

Ute: 4. november

Blir dette Ringenes Herre-spelet vi har venta på?

Det er ikkje ofte vi har god grunn til å glede oss til lisensspel, men dette er eit unntak like stort som Mount Everst. Utviklarane er ikkje låst til å følgje ein film, og har difor hatt tid på seg til å gjere spelet bra, i staden for å få det ut i tide med ein storfilm. Samtidig har utviklarane ei solid merittliste, der samarbeidsperla Baldurs Gate: Dark Alliance står som den største stjerna.

War in the North lovar å by på eit mørkare og hardare innblikk i Tolkiens verd. Her blir det mykje blodig action i tredjeperson, kroppsdelar som flyg og den eine intense kampen etter den andre. I tillegg er samarbeid veldig viktig, og tre spelarar kan spele saman for å kveste dei patetiske styrkane til Sauron.

Les meir om The Lord of the Rings: War in the North.

Trackmania 2 Canyon

Ute: 14. september

Då var det tid for å byggje baner igjen.

Det er ei stund sidan sist Trackmania tok verda med storm, men du skal ikkje sjå bort i frå at det snart skjer igjen. I utgåve nummer to lovar utviklarane hos Nadeo eitmykje større og betre spel. Vi får rask og intens racing over baner du og alle andre spelarar kan lage sjølv. Dette blei vanvittig populært med det første spelet i serien, og det vil bli svært spanande å sjå om dette vil slå an enda betre i desse Minecraft-dagar.

Nytt for dagaen er ein «Ghost»-modus som vil la deg sjå dei andre som spelar spelet, utan at du kan kollidere med dei. Fokuset blir dermed på å køyre best mogleg, og du kan vente deg ganske stiv konkurranse når Nadeo hevdar at over 200 spelarar kan køyre mot kvarandre samtidig.

Les meir om Trackmania 2 Canyons.

Uncharted 3: Drake's Deception

Ute: 1. november

Er det berre meg, eller har Drake blitt eldre og rundare sidan sist?

Få spel står vel høgre på radaren til PlayStation-fansen i år enn Uncharted 3: Drake's Deception. Det tredje eventyret til den kjepphøge opporunisten Nathan Drake lovar å by på enda meir action, humor, og blendande vakre miljø. Det er få i bransjen som kan scenografi betre enn Naughty Dog, og det tredje spelet i serien har ein høg standard å leve opp til.

Skal vi tru Naughty Dog rett har vi nok eit nytt mysterium i vente fullt av konspirasjonar, action, og akrobatiske utfordringar. Eit spanande og stort spørsmål før spel nummer tre er om Nathan igjen vil gje uttrykk for at han ikkje likar våpen, før han massakrerer nokre hundre soldatar berre for å få tak i ein antikvitet.

Les meir om Uncharted 3: Drake's Deception.

Warhammer 40,000: Space Marine

Ute: 9. september

Du er ikkje mann før du har tatt deg ein tur til dette universet.

Dette er bestepappaen til alle store, sterke og påtatt barske machomenn i romdrakt. Kanskje er dette det første verkelege actionspelet i Warhammer 40,000-universet, men soldatane spelet hentar namnet sitt frå har ei lang fartstid eldre enn dei fleste lesarane på Gamer.no. Space Marine har altså svært mykje å leve opp til. Det skal ivareta eit heftig univers, og det skal i tillegg by på heftig action som kan konkurrere mot dagens største actionspel.

Her blir det kompromisslaus action. Med jern i nasa og betong i magen handlar det om konstant action. Å gå i dekning er for pyser, og om helsa blir skral er det berre ein ting å gjere; drepe meir. Korleis du går fram avhenger av situasjonen, men du vil ha massive skytevåpen og rivande motorsager til din disposisjon.

Les meir om Warhammer 40,000: Space Marine.

Konklusjon

Det kjem enormt mange spel kvar haust, og det er vanskeleg å få plass til alt. Det har vi heller ikkje gjort i vår liste, men vi har prøvd å få fram litt av mangfaldet som blir å velje i dei komande månadane. Det kjem som vanleg svært mange spel som dyttar eit stort skytevåpen i nevane dine, og minst like mange spel er ein oppfølgjar. Dei nye og unike konsepta er difor ikkje alltid like lette å få auge på, men i år er det som du kan sjå likevel ein del å velje i.

Om du saknar noko på lista er det fult forståeleg, vi har jo berre så mykje plass å velje i, og det er mange andre spanande spel i vente. Til dømes kjem dei humoristiske talenta i Double Fines med Sesame Street-spelet Once Upon a Monster, Anno tek turen inn i framtida med Anno 2070, vi kan skyte zombier i både Resident Evil: Operation Raccoon City og Dead Rising 2: Off the Record, i tillegg til at Halo: Combat Evolved er tilbake i november i ein nyoppussa versjon.

Og nei, vi har ikkje gløymt Driver: San Fransisco, Saint's Row: The Third eller Burnout Crash heller. Dette er berre eit utval av dei spela vi ser mest fram til, sjekk spelkalenderen vår for full oversikt. God haust, og nyt spela!

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden