Feature

Dei beste HTC Vive-spela i 2016

Desse VR-spela bør du få med deg

Mikkjell kårer dei beste HTC Vive-spela frå 2016.

Halfbrick Studios Pty Ltd, Indimo Labs LLC, Gamer.no, montasje av Gamer.no

2016 har vore eit viktig år for Virtual Reality. Det har vore slepp av forbrukarversjonar av Oculus Rift, HTC Vive og PlayStation VR, som har gitt oss eit innblikk i kva me kan vente oss av teknologien.

Det er framleis veldig tidleg i livssyklusen til VR, men det har kome mange spel og appar til plattformene allereie. Sjølv om dei fleste diverre er meir reine opplevingar enn spel, er det nokre få titlar som er verdt å kome seg igjennom for dei som har skaffa seg HTC Vive.

Denne lista kjem til å inkludere spel som er i Early Access og ikkje er offisielt ute enno. Grunnen til dette er at det er få fullverdige spelopplevingar til HTC Vive, og det er enno færre av dei som ikkje er Early Access (viss ein ser bort i frå tekniske demonstrasjonar som The Lab).

5. Fruit Ninja VR

Fruit Ninja VR.
Halfbrick Studios Pty Ltd

Eg blei litt overraska over meg sjølv då eg fann ut at eg ville ha eit mobilspel på denne lista, men Fruit Ninja VR er eit av VR-spela eg har brukt aller mest tid på. Konseptet er veldig enkelt, nemleg at ein bruker eitt eller to sverd til å kutte opp ymse frukter som blir kasta bort til deg. Det høyres kanskje ikkje så veldig interessant ut, men tru meg, her forsvinn timane som minutt.

Spelet imponerer meg først og fremst med kor finpussa det er. HTC Vives kontrollar blir om til eit sett med sverd i spelet, noko som verkar særs tilfredsstillande. Første gongen eg prøvde spelet, blei eg overrumpla over å ikkje ha meir vekt i handa da eg såg sverda, for dei kjenst verkelege. Sverdsporinga er utan tvil den beste eg har prøvd i noko VR-spel så langt, som gjer det enkelt å leve seg inn i opplevinga.

Det er noko avgrensa med innhald til spelet. Spelet har ei handfull modusar, og det kjem nok litt ned til kvar enkelt om kor lenge ein er interessert i spelet. Hovudpoenget er uansett at alle saman er morosame, og det verkar givande å klatre oppover spelets rangeringsliste, både mot vener og mot tilfeldige spelarar på nettet.

Fruit Ninja VR er ei avslappande oppleving med roleg musikk, gode kampmekanikkar og er i lengda ei solid treningsøkt. Ein blir noko sår i armane etter lengre periodar med spelet, men musklane venner seg fort til det. Viss ein er ute etter eit uformelt, givande og billig spel til å bruke tid på, er Fruit Ninja VR svaret. Det er simpelt, men latterleg mykje moro. Ein glimrande måte å kople ut på.

4. Climbey

Climbey.
Brian Lindenhof

Har du nokon gong drøymt om å bli god i parkour og klatring, men orkar ikkje treninga? Då er kanskje Climbey noko for deg. Spelet lar ein hoppe, klatre, gå og springe rundt i store områder, som er både varierte og velbygde.

Klatrespel har blitt ganske populære i VR, då ein enkelt kan simulere hendene til ein person via kontrollarane til HTC Vive. Climbey er det desidert beste klatrespelet, der ein får kose seg både aleine og saman med vener. Enkle modifikasjonsverktøy har gjort at det er fleire hundre brukargenererte nivå tilgjengelege, så ein skal halde på ei stund før ein har vore gjennom alt innhaldet. Til dømes kan ein bryne seg på den første verda til Super Mario Bros., eller ein bygning inspirert av Assassin’s Creed.

I utgangspunktet trudde eg Climbey var meir eit konsept enn eit faktisk spel, men i etterkant har eg sett at dette definitivt ikkje er tilfellet. Tida rasar vekk mens ein klatrar med vener, og det har blitt ein æressak for meg om å kome meg først fram til mål i Climbey. Sjeldan har eg brydd meg så mykje om å vise at eg er betre enn venene mine, for eg lever meg så inn i spelet at eg knapt ensar at eg står med eit VR-visir på meg. Eg kunne like godt vore i klatreveggen på treningssenteret mitt (sjølv om Climbey ikkje er fullt like fysisk krevjande).

Som Fruit Ninja VR, er dette moro for alle, uansett alder. Det openberre unntaket er vel dei som har høgdeskrekk. Eg har ikkje sett ofte ned når eg har vore oppe i klatreveggane, for å seie det slik. Ein merkar fort høgda, og det skal litt til for å overtale hjernen om at det ikkje er ekte.

3. Vanishing Realms: Rite of Steel

Vanishing Realms.
Indimo Labs LLC

Steam har i det siste året blitt fullstappa av halvferdige VR-rollespel. Det har kome ei lang rekkje med spel der ein får svinge sverd og skyte med boge, men det er knapt nokon av desse som får til dette spesielt bra. Ordet som best skildrar mange av desse «spela», er søppel.

Vanishing Realms er det einaste nokolunde fullverdige og finpussa rollespelet utvikla til VR. Ein blir kasta inn i eit univers med magi og monster, der ein får kjempe mot enorme kolossar, skjelett væpna med både armbrøst og sverd, samt ymse trollmenn som sender flammekuler i aust og vest. Alle fiendane er skalert slik dei skal vere, som gjer at det er ei heller skremmande oppleving når ein slåst mot ein fem meter høg kjempe. Når sant skal seiast, hadde eg augo mine godt planta i golvet under den seansen.

Utviklaren har lagt mykje arbeid i kampsekvensane. Ein kan dukke frå sverdslag, blokkere med skjold, og parere angrep frå motstandaren med sverd, alt med HTC Vive-kontrollarane. Det er lett å skifte frå sverd til boge eller tryllestav, takka vere eit intuitivt inventarsystem. Så lenge ein ikkje hakkar blindt på fiendane, vil ein sette pris på dei tilfredsstillande kampane.

Vanishing Realms har ikkje akkurat noko imponerande historie enno (det er framleis under utvikling), men det er først og fremst kult å spele. Det er få andre plassar eg har opplevd noko liknande, og då har det berre vore oppe i hovudet mitt mens eg har lest ei bra fantasy-bok. Spelet handlar nemleg mykje om å leve ut eins eigne fantasiar, og lage ei eiga forteljing. Sjølve universet er så godt gjennomført, at eg kan sette meg inn i ei mykje meir interessant forteljing enn det utviklaren har lagt opp til, berre ved å ta litt annleis val enn det som er tiltenkt. Det er ei openberr rute som utviklaren vil ein skal ta, men det er fint mogleg å snu ruta på hovudet.

Spelet er eit nødvendig kjøp for alle med HTC Vive.

2. Onward

Onward.
Downpour Interactive

Eg høyrer det klikkar i AWM-skarpskytarrifla. Med ei øva rørsle, tar eg ut det tomme magasinet med den simulerte handa mi, og hentar eit nytt frå beltet mitt. Eg klikkar det på plass, og vender rifla for å trekkje i boltmekanismen. Kula legg seg i kammeret, klar for å ta ut fleire fiendar. Handteringa av våpena i Onward er noko av det tøffaste eg har prøvd i eit spel, nokosinne.

Militærsimulatorspel som Arma-serien har aldri interessert meg spesielt mykje. Eg har ikkje brydd meg om realisme, men heller kor mykje moro eg har med eit spel. Med Onward er det noko heilt anna, for dette spelet tar sjangeren til eit heilt nytt nivå. Der kompliserte militærsimulatorar har irritert meg med absurde hurtigtastkombinasjonar, er Onward mykje enklare, og på same tid vesentleg meir komplekst. Innlevingskjensla er på eit heilt anna plan enn eit vanleg spel vil kunne klare. Dette er spelet eg viser fram kvar gong venene mine er på plass for ein demonstrasjon av VR.

Fleirspelaren går ut på at to lag kjempar mot kvarandre, tre mot tre. Det angripande laget må memorere ein kode, som dei kan laste opp på angrepspunktet, mens det forsvarande laget må prøve å drepe fiendane før dei får gjort dette. Det er ein relativt enkel spelmodus, men det verkar godt. Mitt einaste verkelege problem med spelet, er at på nokre av karta kan avstandane bli ganske store, og eg slit med å sjå fiendar på lang avstand. Oppløysinga er litt for låg til langdistansekampar, og det kan kjennast frustrerande å døy utan ein gong å sjå fienden. Eg må bruke mykje tid på å justere visiret mellom kvar runde, for å kunne sjå motstandarar i distansen. Til tross for dette, er Onward mekanisk sett eit av dei beste VR-skytespela tilgjengeleg, uansett plattform. Det er framleis i Early Access, så eg vil tru at spelet blir betre optimalisert i framtida, slik at ein kan skru opp oppløysinga og detaljnivået.

For dei som likar spel som Call of Duty, Battlefield eller Counter-Strike, er det ingen tvil om at Onward er eit av dei første kjøpa ein må gjere til VR.

1. Arizona Sunshine

Arizona Sunshine.
Vertigo Games

Arizona Sunshine er så mykje betre enn alle andre VR-spel, at det knapt er noko konkurranse. Det er antakeleg det første VR-spelet med ein samarbeidsmodus i historiedelen, og byr på titals timar med underhaldning.

Det er andre spel som gjer visse ting betre enn Arizona Sunshine, men det er det første VR-spelet eg har prøvd som klarer å halde eit gjennomgåande høgt nivå på spelmekanikkar, forteljing, lyd og grafikk. Spelet er sett til Arizonas golde ørken, der du må nedkjempe hordar med amerikanarar, oppstått frå dei døde. Forteljinga tar oss med over store opne sletter, tettbygde områder og skumle, mørke gruvegangar. Sjølv med den låge oppløysinga i VR, er Arizona minneverdig og vakkert. Det er eit glimrande utgangspunkt for spelets historie.

Historiemodusen er ei ganske alminneleg zombieforteljing, der hovudpersonen må leite etter folk i ei elles død verd. Det er ikkje nemneverdig vanskeleg å sjå kvar historia endar opp, men ved hjelp av humor og ein truverdig forteljar, klarar utviklaren å dra forteljinga i land. Eg hygger meg gjennom heile historiemodusen, men den openberre styrken til spelet er kampen mot zombiane.

Skytinga er utruleg bra, der ein får eit vidt arsenal av pistolar, maskinpistolar, ein «minigun» og nokre få skarpskyttarrifler. Sistnemnte treng litt polering, men dei vanlege våpena kjenst akkurat slik dei skal. Eit stort glis breier seg utover ansiktet mitt kvar gong eg maltrakterer hovudet til ein zombie med ei kule. Eg koser meg så til dei grader når eg får gå laus på horden med ein revolver i kvar hand.

Arizona Sunshine er eit av dei få VR-spela som står til AAA-kvalitet, ved sia av Ubisofts Eagle Flight, som enda opp som ei skuffande oppleving. Indieutviklar Vertigo Games har verkeleg imponert meg med zombieskytespelet sitt, og eg gleder meg sjukt til spelets utviding. Undead Valley skal ta oss med til Las Vegas, ei reise eg knapt kan vente på.

Fekk du med deg Gamer.nos kåring av årets beste spel?

Siste fra forsiden