Feature

Det beste fra Gamescom 2009

Kåring av journalistene

Våre største minner fra Europas viktigste spillmesse.

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Øystein Furevik:

Majin: The Fallen Realm.

MAJIN: THE FALLEN REALM (360/PS3)

Utgivelse: 2010

Det var svært lite eg eigentleg fekk sett av dette spelet, og alt eg fekk sjå var ein trailer på Namco Bandai Partners sin pressekonferanse. Det eg såg, sette likevel alt anna i skuggen. Game Republic har levert spel av varierande kvalitet før, men det magiske Folklore demonstrerte ei evne til å formidle noko heilt unikt.

Majin: The Fallen Realm ser ut til å følgje i desse fotspora. Spelet er sterkt inspirert av japansk kultur og mytologi, og byr på ein visuell presentasjon som er direkte fengslande. I spelet vil vi følgje ein ung tjuv, som saman med ei diger kjempe reiser ut på eventyr. Av og til skal det ikkje så mykje til for å få siklet til å renne nedover haka, og dette presterte Majin: The Fallen Realm å få til på eksemplarisk vis.

Alan Wake.

ALAN WAKE (360)

Utgivelse: Våren 2010

Thriller-mysteriet til Remedy har for alvor sett i gong promo-maskineriet, og det ser betre og betre ut for kvar vesle detalj utviklarane avslører. Historia til forfattaren Alan Wake latar på alle måtar til å gjere noko veldig spesielt, og vi skal ikkje sjå bort frå at den kan setje ein støkk i dei fleste. Samtidig vågar Remedy å gjere nye ting med ein gammal sjanger.

Lys har ofte vore eit viktig element i spel, men aldri før har det vore ein så essensiell del av dine daglege syslar som det er akkurat her. Den fantastiske grafikken, det herlege skodespelet, og den etter alt og døme nifse historia vitnar om at vi skal få oss ein solid støkk når spelet endeleg blir tilgjengeleg til våren.

Dark Void.

DARK VOID (PC/360/PS3)

Utgivelse: Januar 2010

Den siste kreasjonen frå Capcom kan gå begge vegar. Eg har etter kvart blitt vand med at ting som lovar veldig bra, ikkje alltid leverer varene (host, Stormrise, host). Dark Void ser likevel ut til å ha noko heilt spesielt på gang.

Det er eit spel der du ikkje er låst fast til noko som helst. Du kan springe på bakken, fly som ein rakett gjennom lufta, eller berre sveve over bakken for å danse rundt fiendane. Ikkje minst er det moro å spele det. Sjå for deg Gears of War med jetmotor, og du er på riktig spor. Det skadar heller ikkje at musikken er frå geniet Bear McCreary.

Dante's Inferno.

DANTE'S INFERNO (PC/360/PS3)

Utgivelse: 2010

Jada, det er ein blåkopi av God of War, eg veit det, men kom an. Om du nokon gong har hatt lyst til å reise til Helvete, har du sjansen no. Spelet byr på intens og heftig action i aller beste hakk-og-slå-stil, og eg likar den stilen. Det er den type hjernedaud moro som lett kan halde meg gåande i fleirfaldige timar, utan at eg på noko punkt får lyst til å gjere noko anna.

Å dele dei makabre fiendane i Dante's Inferno i to, med ei gigantisk sigd, er det eg ser på som kvalitetsunderhaldning, og eg gledar meg stort til å kløyve fleire skallar når eg endeleg kan ta turen til helvete i januar.

Dead to Rights: Retribution.

DEAD TO RIGHTS: RETRIBUTION (360/PS3)

Utgivelse: 2010

Dei tidlegare spela i serien har kanskje ikkje gjort det komande spelet fortent til ein plass på denne lista, men det eg såg i Köln lovar svært godt. Vi har eit aktivt og dynamisk kampsystem som let deg vere eksepsjonelt valdeleg, og til og med gjere det saman med vår beste ven; hunden.

Medan du sit der bak ein betongmur og fyrer laus mot fiendane, spring hunden og hentar ammunisjon til deg. I tillegg er han eit blodtørstig beist som gjerne ommøblerar fiendane litt. Det er slikt vi likar. Hovudpersonen ser kanskje ut som om han har ete eit par muskeldrops for mange, men vi lar det gå så snart vi ser skallen til ein fiende lage skrubbsår på knokane hans.

Avslappende stemning hos EA.

BESTE UTGJEVAR/UTVIKLAR

Å tre inn i EA sine lokale var som å kome inn i ein oase. Eit tropisk paradis i ein elles kaotisk jungel. Der resten av messeområdet var prega av støy og sterke fargar frå tallause selskap som alle kjempa om merksemda di, hadde EA rigga opp eit behageleg rekreasjonsrom, der det var sitteplass til alle. Du kunne sjå på akkurat dei spela du ville, og måtte ikkje ein gong ordne dei ein avtale. Det var eit herleg avbrekk frå dei andre utgivarane, der det var umogleg å få innpass, eller du var heldig om dei stressa skrankedamene fant namnet ditt på første forsøk.

Vi fikk en unyttig presentasjon av Divinity 2: Ego Draconis.

SKAMMEKROKEN

Eg hadde gleda meg til å sjå Divinity 2: Ego Draconis og Venetica hos dtp, men blei veldig skuffa. Der eg trudde eg skulle få ein halvtime med kvart spel, blei det omlag tjue minutt samanlagt. To damer som etter alt å døme for første gong hadde sett spela dagen før, gjor sitt beste for å vise kva dei to spela gikk ut på. Dei hugsa ikkje namn, hugsa ikkje funksjonar, og hugsa ikkje kva filer dei skulle laste for å vise spesifikke ting. Det enda opp med at eg ikkje såg noko eg ikkje fekk sjå i fjor, og eg var blodig skuffa.

VERDT Å NEMNE

Det er dei små gledene som står høgst. For min del var det ei lita hending etter ein ekstremt kjapp og overflatisk rundgang av Capcom sine komande spel. Eg og ein mann utan namn, enda opp med å setje oss ned for å ta eit slag Tetsunoko vs. Capcom, og eg vann. Eg vann så hardt at eg ikkje kunne gjere noko anna enn å sleppe ut eit brøl, og kaste knyttneven i lufta. Det var meir enn ein person som såg rart på meg, så eg bestemte meg for å la den lekre slåssestikka til Wii-en ligge, og gå vidare.

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Siste fra forsiden