Last ned denne Skyrim-modifikasjonen – no!

Enderal: The Shards of Order er ein fantastisk modifikasjon.

Tre år har gått sidan hendingane i Nehrim, og verda er kasta ut i kaos og borgarkrig. Karakteren min er blitt flyktning frå sitt eige heimland, og må ta seg til den einaste staden som enno ikkje er prega av krig og elendigheit, Enderal. Situasjonen er ikkje heilt den store der heller, for ein sjukdom har byrja å bre seg utover landet som gjer at folk blir gale og dreper sine næraste. Det er din jobb å kome fram til kva som ligg bak, og det er ein lang veg dit. 

Enderal er det mest ambisiøse og omfattande modifikasjonsprosjektet til The Elder Scrolls V: Skyrim til no. Eg har vore igjennom mods som Falskaar, Moonpath to Elsweyr og Wyrmstooth, men ingen av dei kjem i nærleiken av kva Enderal strekkjer seg etter. Modifikasjonen er ein total overhaling av Skyrim, og er ein oppfølgjar til den store The Elder Scrolls IV: Oblivion-modifikasjonen Nehrim frå 2010.

Gripande utforsking

Han likte IKKJE den pila.
Han likte IKKJE den pila. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Opningssekvensen set i stor grad tonen for resten av spelet. Ein blir kasta inn i ein mørk og uhyggeleg draum, om at hovudpersonen har drepe både systera og mor si – noko du kan sjå i toppvideoen. Enderal er eit mykje meir vakse spel enn det Skyrim er, og har henta inspirasjon frå fantasyunivers som Game of Thrones.

Eg måpte då eg såg den fyrste filmsekvensen, som er milevis betre enn noko anna eg har sett i ein modifikasjon før. Historieformidlinga er såpass allsidig at ein lett kan forveksle Enderal med eit storbudsjettsspel. 

Sjølve reisa byrjar som blindpassasjer på eit skip på veg til Enderal. Reisekameraten min verkar som ein sympatisk type, og eg legg spesielt merke til det imponerande stemmeskodespelet. Me gøymer oss i lasterommet til det store skipet, då me ikkje har råd til reisa til Enderal. Det lineære skipsopphaldet er ein kortvarig affære, før ein kjem ut i den enorme villmarka. 

På same måte som Skyrim byggjer Enderal på gleda av å oppdage nye ting. Verda er enorm, og det er nye utfordringar rundt kvart hjørne. Det er ikkje lengre mogleg å teleportere seg rundt som ein vil, ein må bruke skilt, magi eller gigantiske fuglar for å kome seg kjapt rundt. Nett som i The Witcher 3 merkar eg at det får meg til å bruke meir tid på utforsking, og det får ein mykje igjen for. 

Enderal er vakkert, særs vakkert.
Enderal er vakkert, særs vakkert. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Utviklarane har skapt særs vakre omgivnadar, som går langt over det ein ser i det vanlege spelet. Landet har ein imponerande mangfaldig fauna, samt ein skjønn flora. Ein får rett og slett lyst til å berre tusle rundt for å nyte utsikta.

Bare ein knapp time inn i spelet kjem eg opp på eit fjell. Nordljoset leikar over havet, ein bekk sildrar til høgre for meg. Karakteren min tuslar seg nedover ein sti langs fjellet, då eg brått høyrer ei høg buldring. Ut av ingenting kjem eit stort steinras, der den eine steinen stikk av med mesteparten av livspoenga mine. Eg sprintar ned mot eit tre og søker ly. Treet er omringa av ei blomstereng, full av fargar. Dusinvis av sommarfuglar fyk med eitt i eit virvar rundt meg, krona av vakker musikk. Fleire gongar har eg tatt meg sjølv i å stirre på skjermen og nyte det visuelle og det musikalske. 

Kva i all verda er dette for ein skapning?
Kva i all verda er dette for ein skapning? Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det aller mest gjennomførte aspektet av Enderal er det glitrande lydsporet, og stemninga som lydane frå omgivnadane gir. Komponisten har tatt opp arva etter The Elder Scrolls-veteran Jeremy Soule, og laga eit lydspor som byggjer opp om miljøet ein går rundt i. Alt verkar å vere i harmoni, alt går i eitt. Lydsporet komplimenterer handlinga og miljøet i ein slik grad at ein kan sjå vekk i frå visse svakheiter.

Stemmeskodespelet er også imponerande. Dei viktige karakterane i historia har langt betre stemmeskodespel enn omtrent alle karakterane i Skyrim. Det er derimot nokre klare unntak, spesielt med barn. Mitt fyrste møte med ein unge fekk meg til å lure på om stemmeskodespelaren hadde tatt opp dialogen gjennom ein didgeridoo. 

Overhaling av sentrale mekanikkar

Slik ser ferdigheitsoversikta ut.
Slik ser ferdigheitsoversikta ut. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Enderal endrar mykje i Skyrim, spesielt kampsystemet. Monstera ein kjemper mot har litt klarare angrepsmønster, slik at det no er mogleg å føresjå angrep på same måte som i Dark Souls-serien. Snikangrep er ikkje fullt like bra lengre, då fiendane kan sjå viss venane deira døyr. Sniking med boge er framleis givande, men ikkje fullt like enkelt. Magi og nærkamp er dei mest effektive verkemidla. 

Blokkering med skjold verkar mykje meir nyttig, og det er nye ferdigheitar som gjer defensive strategiar betre enn i Skyrim. Eg har aldri sett noko behov for å bruke eit skjold i Skyrim, anna enn når eg har hatt ein modifikasjon som gjer det betre. Dei er rett og slett ubrukelege i det vanlege spelet. 

Måten ein får tilbake liv er også endra. Viss ein skal drikke ein «potion» får ein noko som heiter «Arcane Fever», som gjer at ein før eller seinare blir gal og døyr. Difor må ein nyte slike drikkar med måtehald. Magi som gir deg liv vil også føre til ein slik feber viss ein bruker det for mykje. For å vere heilt ærleg er det sjeldan ein får noko problem med akkurat dette, men det er likevel ein kul mekanikk. 

Dette så da kjend ut..
Dette så da kjend ut.. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ingen form for skalering etter nivå, så alle oppdraga er delt inn i vanskelegheitsgrad. Det fyrste vanskelege oppdraget mitt endte med at eg brukte omtrent 150 piler på eit troll, for så å finne ut at det kunne lækje seg sjølv når ein slutta å skade det. Eg gjorde eit iherdig forsøk med sverd, men lasteskjermen viste seg etter den fyrste treffen frå trollet. Å bryne seg på noko som er vanskeleg tyder stort sett sjølvmord i byrjinga. 

Ein kan få hjelp til å forstå verda og oppdraga igjennom dialogane til dei forskjellege karakterane. Dialogane i Enderal er delt opp på same måte som i Skyrim, der ein har fleire val. Går ein djupt nok inn i dialogane med viktige karakterar kan ein lære mykje nyttig om speluniverset, samt at ein får erfaringspoeng.

På same måte som i Telltale Games sine spel har dialogvala dine ein verknad på karakteren du snakkar med. Dette gjer at ein må fylgje med på standpunkta til karakterane, slik at dei ikkje blir fornærma. Eg har sett litt vel mange tilfelle av «X likte ikkje dette».  

Store tema

Enderal er inspirerte av Telltale Games.
Enderal er inspirerte av Telltale Games. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Enderal er eit teokrati, styrt av mektige trollmenn som folket trur er gudar. Modifikasjonen tar for seg mange omfattande tema, deriblant religion, fattigdom og rasisme.

Noko av det fyrste ein gjer er å utføre ein etterforsking av ei forsvinning, der ein må finne eit sett med dagbøker som omhandlar livet til ein aktivist. Personen som er vekke har hatt eit politisk prosjekt om å innføre gratis mat til fattige i byen, som skulle finansierast av dei rike. Det blir fort mykje motstand mot dette prosjektet, som endar med at kona til personen blir drepen av rikfolket.

Enderal har klare element av samfunnskritikk. Det verkar nokre gongar litt overflatisk, men det er nok til å gjere inntrykk. 

Massiv modifikasjon

Enderal: The Shards of Order er eit enormt prosjekt, som har tatt utviklarane fem år å gjere ferdig. Historia har nokre flosklar her og der, men for å vere ein modifikasjon er den rett og slett eminent. Det er vanskeleg å tru at dette er gjort av eit utviklarteam på hobbybasis. 

Det er lett å anbefale Enderal. Alle som likar Skyrim vil utvilsamt få mykje ut av modifikasjonen. SureAI har klart å få fram den same fridomskjensla for utforsking i meg, som då eg fyrst spelte Skyrim i 2012. Modifikasjonen er stor, vakker og framfor alt særs underhaldande. Last den ned. No.

Enderal er tilgjengeleg gratis til alle som eig The Elder Scrolls V: Skyrim på PC. Modifikasjonen kan lastast ned på SureAIs nettstad. 

Falskaar er ein annan modifikasjon på storleik med ei utviding. Me skreiv om den i 2015. 

The Elder Scrolls V: Skyrim Windows Windows PS3 X360 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. november 2011
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Bethesda Softworks
  • Utvikler: Bethesda Softworks

Beste priser

Nedlasting 135,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen