Feature

Dette får du med PSP Go

Digital revolusjon?

Er Sony si «nye» plattform eit steg tilbake, eller eit blikk inn i framtida?

Kunngjeringa av PSP Go blei møtt med både sunn skepsis og den barnslege iveren ei ny plattform alltid greier å mane fram. Her kjem Sony fleire år etter at PSP-maskina først kom på marknaden, med ei relansering som ikkje berre omdesigna heile maskina, men samtidig fjerna heile fundamentet for korleis folk stort sett har spelt spel på den; UMD-disken.

For min eigen del må eg innrømme eg var noko skeptisk. Sjølv om spelsamlinga mi er i ferd med å vakse meg ut av huset, har eg framleis eit ømt punkt for den gode gamle boksen i hylla. Mistar eg denne, mistar eg nesten beviset på at eg har kjøpt og betalt noko. I tillegg er det naturleg å ikkje heilt sjå verdien i å kjøpe ei maskin som ikkje ein gong kan spele av dei spela eg allereie har, noko Sony enno har til gode å kome med ei god løysing på.

Kva står vi då igjen med? Ei gammal maskin i ny innpakning som du ikkje kan nyte samlinga di på. Er det verdt det?

Ein ekte lekkerbisken

Verdien i PSP Go kjem først og fremst frå designen. Det er ei svært lekker maskin som ikkje er stort større enn ein iPhone, og den får lett plass i ei lomme. Dette gjer umiddelbart PSP Go til ei mykje meir bærbar maskin enn den ordinære PSP-versjonen. Du kan ta den med deg overalt, den veg nesten ingenting, og den stilige slide-skjermen gir deg den gode kjensla av å ha litt tøff teknologi mellom henda.

Generelt sett er den nye designen veldig vellukka. Maskina ser bra ut i samanslått form, knappane sit godt, og er faste og presise sjølv om dei har blitt litt mindre. Samtidig har fleire knappar på maskina blitt flytta på, noko som gjer det heile mykje meir oversiktleg enn før. Til dømes ligg Start- og Select-knappane rett ovanfor kvarandre ved sidan av analogstikka, og du justerer volumet på ryggen av maskina.

Det einaste som ikkje fungerer heilt er plasseringa av analogstikka. Den er litt mindre enn før, og den ligg så langt inn på maskina at tommelen din ligg nesten midt under skjermen når du spelar. Det er ikkje heilt ideelt, og kan raskt bli årsak til nokre stive ledd.

Samtidig har Sony valt å bytte ut Memory Stick Duo, med den fysisk mindre M2-brikka. Dette kan nok ergre nokon om dei har store minnebrikker til sin gamle PSP, med mykje innhald, men det er ikkje verre enn å overføre til ein PC, før du kopierer over til PSP Go igjen. Sannsynlegvis er det likevel berre dei mest aktive nedlastarane som får bruk for minnebrikker, sidan PSP Go kjem med 16 GB innebygd harddisk. Eit fullt PSP-spel tek gjerne noko i overkant av 1GB, noko som bør gjere det lett å avgjere om dette er nok for ditt generelle forbruk eller ikkje.

Av reint praktisk omsyn er PSP Go eit svært vellukka steg for Sony, og eg merkar sjølv godt at der PSP før stort sett låg på hylla mellom økter med speling, er den no alltid med ut, enkelt og greitt grunna at den no er mykje meir praktisk å ta med seg. Den fungerer godt som ei multimediamaskin, og du kjem lett til å få plass til ein del musikk og bilete i tillegg til spela dine.

Digital distribusjon

Det mest avgjerande for PSP Go sin suksess er eit godt distribusjonsnettverk for spel, og akkurat no er denne tenesta alt for dårleg. Utvalet fulle PSP-spel du kan laste ned er i skrivande stund latterleg dårleg, og du er på ingen måte garantert å finne noko som passar din smak. For at PSP Go skal fungere må spel kome opp på PlayStation Network samtidig som dei er ute i butikkane. Elles vil mange føle seg «straffa» for å velje digitale versjonar av spel.

Det er riktig nok eit greitt utval av PSOne-spel og dei nye Minis-spela, men dette tilbodet er heller ikkje optimalt. Dei nye Minis-spela er til dømes litt for dyre i forhold til kva vi får. Du veit aldri kva du kjøper. Om Sony er smarte vil dei implementere eit demo-system tilsvarande det Microsoft brukar for Xbox Live Arcade-spel. Å bruke 50 kr på eit lite minispel som endar opp med å vere noko skit, er ikkje det nokon ser på som godt brukte pengar. Akkurat her er det kanskje ei lita løysing på veg, sidan eg har vore i kontakt med nokre demo-versjonar av fullverdige PSP-spel som avslutningsvis spør om eg vil kjøpe den fulle versjonen. Vi får håpe dette etter kvart vil gjelde alle PSP-titlar.

Det einaste du eigentleg finn ei overflod av, er forskjellige tema til maskina. Om Sony får fart på sakene her, kan ting derimot endre seg drastisk. Vi ventar til dømes på dei digitale teikneseriane vi blei lova på Gamescom, og saman med eit større spelbibliotek og ei betre videoteneste, kan PSP Go raskt bli ei svært fin maskin å ha.

Ein annan ting Sony kanskje bør gjere noko med, er prisane. Å betale 299 kr for eit spel du raskt kan finne billegare i ein boks, er ikkje heilt bra. Sony køyrer ein priskampanje her og der, men om du på generell basis skal måtte betale meir for eit spel utan boks, kan det nok raskt kome ein del klager.

Tungvindt nettløysing

PSP Go kjem med innebygd nettbutikk, Skype, nettlesar og nokre andre funksjonar som krev trådlaust nett. Om du ikkje har dette tilgjengeleg der det gjerne er meining i å bruke dei, som til dømes på buss eller i tog, forsvinn samtidig poenget.

Slik det er no, er PSP Go ei portabel maskin med nettilgang du først og fremst kan bruke der du gjerne ikkje har noko stort behov for å ha ei slik portabel maskin. Til dømes i heimen der du etter alt sannsyn har ein PC som er betre skikka til funksjonane maskina byr på. Med 3G-funksjonalitet kunne dette raskt ha endra seg, og PSP Go hadde umiddelbart stått mykje sterkare.

Konklusjon

Kva PSP Go sin framtidige suksess vil bringe, står og fell på kva som vil skje med PlayStation Network. Akkurat no er nettbutikken for liten, og utvalet i titlar er ikkje stort nok. Med dette i tankane er det få verkeleg gode grunnar til å investere i ein PSP Go. Du får den same funksjonaliteten med ein vanleg PSP, samt at du kan spele spel du kjøpar i butikken. Om du vil laste ned spel, kan du berre kjøpe deg eit minnekort.

Om PSP Go er ei maskin for deg endar då lett opp med å handle utelukkande om praktiske forhold. Den er mindre enn sin eldre bror, den ser betre ut, og stort sett sit den betre i henda. PSP Go er ei veldig portabel maskin det er lett å ta med seg, og om du enno ikkje har ein PSP, og samtidig synest mange boksar i hylla er ei plage, er PSP Go ei god investering, sjølv om det akkurat no er eit magert utval med spel å velje mellom.

Siste fra forsiden