Feature

Dette gler vi oss til i februar

Både jul, nyår og ferie er godt forbi. Året er i ferd med å starte for alvor.

Takk for sist vene lesar. Før vi går i gang med eit stort smell må eg beklage for mangelen på gjennomgang av spela for januar. Det hadde derimot sine naturlege grunnar. Eg fekk besøk av ei fager og uhyre sprek dame ved namn Dagmar, og ho tok meg bokstaveleg talt med storm. Det var strengt tatt svært vanskeleg å få gjort noko fornuftig inntil ho hadde fått utløp for energien sin.

Samtidig har det vore jul og ferie, og i tillegg er ikkje akkurat januar den mest fascinerande månaden på spelfronten. Det blir på sett og vis ein slags ferie der så godt som ingenting skjer.

Men slikt kan vi ikkje tolerer over lengre periodar, og no sparkar vi året i gong med ein februarmånad som verkeleg kjem til å tømme lommebøkene til både den eine og den andre. Spenn deg fast, for her blir det liv!

PlayStation Vita

Ute: 22. februar

Nathan Drake er tilbake igjen.

Det er ikkje ofte at ny maskinvare dukkar opp på denne lista, men februar 2012 er eit unntak. No kjem Sony omsider med det som har blitt kalla ein PlayStation 3 i lommeformat. Her blir det rå kraft, to analogstikker, og for dei som berre trykke på ting kan både skjermen og baksida på vedunderet registrere fingrane dine.

At Sony no kjem med ei slik kraftpakke er både skummelt og spanande. På den eine sida blir det stor stas med heftig grafikk mellom fingrane, men samtidig har det skjedd mykje sidan førre gong Sony kom med portable godsaker. Smarttelefonane har teke store marknadsandelar, og PSP har ikkje akkurat gjort det stort i dei vestlege kontinent. Kan Sony overbevise folk som spelar Infinity Blade på iPhone om at det er verdt å bruke fleire hundre kroner på eit spel?

Det er ikkje godt å seie, men tida er snart her, og vi vil få alle svar. Det som er sikkert er at maskina vil kome med ein haug spanande spel, og vi kan diverre ikkje gå gjennom alt i denne artikkelen, men storspel som Uncharted: Golden Abyss, Motorstorm RC, Wipeout 2048 og det fascinerande spelet Little Deviants lovar å by på mykje moro. Du skal sjølvsagt få lese alt om både maskina og spela i komande artiklar her på Gamer.no.

Les meir om PlayStation Vita

Final Fantasy XIII-2

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 3. februar

Lightning slår eit slag for fjørkre.

Sjølv om spelet selde godt over seks millionar kopiar var det ikkje berre fryd og gammen i tida etter lanseringa av Final Fantasy XIII. Som vanleg for serien gjorde utviklarane merkbare endringar i formelen, men denne gongen var ikkje alle blide. At spelet var svært lineært, mangla byar du kunne vandre i, og var tomt for minispel og liknande var for mange ei vond pille å svelgje.

Les også
Anmeldelse:

Her kjem difor Final Fantasy XIII del to. I dette spelet satsar Square Enix på å ta alt det beste frå forgjengaren, og sile ut det folk ikkje likte. Kampsystemet er tilbake med små justeringar, men utover det får vi ei heilt ny historie som av alle ting satsar på å prøve å gi meining ut av forvirrande tidsreiser. I tillegg til det får vi byar, minispel, og mange garantert svært sjåverdige område fylle av radikale fargekombinasjonar berre japanarane er i stand til å mane fram.

Les meir om Final Fantasy XIII-2

Soulcalibur V

Plattform: Playstation 3, Xbox 360 Ute: 3. februar

Slå med mtåe i Soulcalibur V.

Slåssespela har fått seg ein seriøs oppsving dei sista åra, og no druknar snart marknaden i valdelege dansar for to. Det skal litt til å skilje seg ut i mengda, men akkurat har har Soulcalibur-serien ein fordel. Der spel fleste satsar på knokar og harde spark bryt Soulcalibur formelen ved å gje alle krigarane forskjellige våpen. Dette kan vere alt frå massive sverd til pisker med sagtakkar, eller rockeringar med ein og annan pigg.

I tillegg til dette er serien glad i å rive kleda av kamphanane sine etter kvart som skade blir utlevert, noko som glede alle dei som er galde i barmfager japansk design. Nesten enda meir interessant, fascinerande og engasjerande er derimot karakterfabrikken der du kan skru saman kva det no enn måtte vere til minste detalj. Her kan du justere storleiken på individuelle kroppsdelar, fargen på dusken i hatten, og om machomannen din skal ha blå leppestift eller ikkje. Går det an å seie nei til slikt? Trudde ikkje det nei.

Les meir om Soulcalibur V

Kingdoms of Amalur: Reckoning

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 10. februar

Fable møter Edler Scrolls?

Eg tør ikkje satse pengar på at du veit kven Ken Rolston er, men det vil kanskje interessere deg å vite at denne karen var sjefsdesigner på både Morrowind og Oblivion. Han har med andre ord eit par solide rollespel på rullebladet sitt. Todd McFarlane bør du derimot ha høyrt om. Denne fyren skapte den lettare forbrente superhelten Spawn. R.A. Salvatore er på si side ein respektert forfattar bak mange fantasy-bøker, deriblant eit halvt bibliotek i Forgotten Realms-universet.

Desse tre har gått saman om å lage det spanande nye actionrollespelet Kingdoms of Amalur: Reckoning. Rolston står for spelmekanikkane, McFarlane sørgjer for at det heile ser litt kulare ut enn det sørgjelege karakterdesignet i Rolston sine tidlegare spel, medan Salvatore skriv ei historie som forhåpentlegvis ikkje får eit kollektivt pressekor til å sutte på tommelen i fosterstilling. Spelet lovar mykje fridom og herlege miljø, og vi bit negler i påvente av noko stort.

Les meir om Kingdoms of Amalur: Reckoning

The Darkness II

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 10. februar

Elg i solnedgang for ein ny generasjon.

The Darkness var eit noko spesielt skytespel der det ikkje nøgde seg med eitt eller to våpen om gongen. Nei, her skulle fire individuelle angrep lemleste fiendane, og det med stor stil. Spelet kom frå respekterte Starbreeze Studios frå Svergie, og hausta solid popularitet.

No er oppfølgjaren snart her, og Starbreeze er byta ut med den erfarne gjengen i Crystal Dynamics. Dette blir vel kanskje ikkje nøyaktig som å hoppe etter Wirkola, men det ligg nok eit solid ansvar på skuldrane deira. Det ser det derimot ut til at dei skal kunne takle. Då Mikael såg på spelet i vår kunne han fortelje om ein actionfest utan like der kvart møte med fiendane var rein nyting, utan at historie leid noko nederlag av den grunn. Tvert i mot, dette lovar på alle måtar til å bli både mørkt og gripande.

Les meir om The Darkness II

Syndicate

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 23. februar

Omlag så nært kjem du isometrisk strategi i Syndicate, men ikkje nærare.

Medan vi snakkar om Starbreeze passar det godt å ta ein liten kikk på deira neste spel; eit nytt spel i den legendariske Bullfrog-serien Syndicate. Bullfrog er kanskje borte for godt, men denne valdelege verda var dømt til å gjennoppstå, men ikkje slik folk fleste hugsar den. Borte er det isometriske perspektivet, og i staden får vi enda eit skytespel i førsteperson. Reaksjonane på denne endringa var ikkje akkurat små, sjølv om det ikkje kan kallast noko stor overrasking at moderniseringa har skjedd.

Starbreeze har derimot vist oss fleire gongar før at dei kan sine saker, og det blir difor svært spanande å sjå kva dei finn på i denne futuristiske og brutale verda full av utspekulerte måtar å felle fiendane på. Primært er det våpen som gjeld, men du kan òg sakke ned tida og hacke deg inn i hovuda på uvitande fiendar.

Les meir om Syndicate

The Last Story

Plattform: Wii Ute: 24. februar

Klar til kamp?

Det er i ferd med å bli ei stund sidan Final Fantasy-skapar Hironobu Sakaguchi slapp laus eit digert konsollrollespel. Førre gong var det fantastiske Lost Odyssey på Xbox 360 i 2007, men no er det Wii som står for tur. I The Last Story følgjer vi ein bande med soldatar på jakt etter arbeid på øya Ruli, og som du sikkert kan gjette vil dette enda opp med eit stort og omfattande eventyr.

Til forskjell frå dei fleste av Sakaguchi sine tidlegare spel er det ingen turbaserte kampar i The Last story. Her går alt i sanntid og fokuset ligg i stor grad på taktikk og gjennomtenkte planar der du brukar dei forskjellige karakterane sine roller for alt dei er verde. Utviklarane var så nøgde med kampsystemet sitt at dei i tillegg har gjort noko ganske uvanleg for japanske rollespel ved å inkludere ein fleirspelarmodus der ein kan krige på lag over nett.

Les meir om The Last Story

Andre godsaker

Vi står no framfor den siste vintermånaden for denne gong, og når vi ser på kva vi har i vente kan det sjå ut til at februar vil gå unna ekstremt fort i år. Lista med lovande spel er lang, og når vi i tillegg får ein heilt ny konsoll å leike oss med, er lett lett å bli litt gira.

Som vanleg er det mange spel vi ikkje har fått plass til i oppramsinga vår. Til dømes startar månaden med ei samlepakke av herlege spel i Metal Gear Solid HD Collection, medan Bryce prøvar å halde kroppen sin samla i det absurde actionspelet NeverDead, før Catherine ei veke seinare vil gjere sitt beste for å forføre deg ut på svært farleg grunn i noko så sjeldant i vesten som eit erotisk lada spel.

Seinare i månaden får vi igjen møte lyset sin meister Alan Wake, medan raseriet vil flyte over i Asura's Wrath. Krigen mot robotar og anna skrømt når nye høgder i Binary Domain, medan dei som har mage til det kan vitje Esther på ei aude øy i Dear Esther.

Så kva vil månaden din bestå av? Skal du kaste deg ut i omfattande rollspel, kjempe i ringen, eller skal du tømme lommeboka på ny maskinvare?

Siste fra forsiden