Feature

Dette ser vi fram til i mars

Vinteren er endeleg omme, og no kan vi sjå fram mot varmare tider.

Nei har du sett! Der var skotårsmånaden ved ende, og no er det pina meg vår! Eg har litt vanskeleg for å fullt ut setje ord på kor glad eg er for å lage dette fagre ord ut frå desse tre nydelege bokstavane. Vinteren er omme, sola er tilbake, den fæle snøen forsvinn, og no er det tid for blomar, gras og våryr kløe å gjere seg kjend.

Februar er ofte den verste vintermånaden, men i år har vi blitt lovprisa med mykje regn for å gløyme akkurat det. Som om ikkje det var nok har vi fått eit flott, nytt Final Fantasy-spel, ein ny konsoll for dei på farta, og ikkje minst litt velregissert japansk erotikk.

For dei fleste er det nok framleis ei tid igjen før all snøen er vekk, men det er jo difor eg er her i dag. For å fortelje deg kva du bør bruke tida di på dei dagane då sola ikkje skulle gjer seg så alt for gjeldande.

Du kan praktisk talt smake snøen i det kjeven treff bakken.

SSX

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 2. mars

Sjølv om eg ein gong i tida var aktivt medlem i Folkebevegelsen mot snø og kulde, så må eg innrømme at SSX-serien alltid har hatt ei ekstremt høg stilling hos meg. Dei fleste tenner nok mest på SSX Tricky eller SSX 3, men for min del er det alltid det første spelet i serien som har betydd mest. Det var spelet som fekk meg til å akseptere at snø av og til, under uhyre gode høve, kunne vere ganske fett. Ikkje minst var det spelet som fekk meg til å sitje heile dagen framfor skjermen og trykkje «restart» fleire hundre gongar medan eg jakta på det perfekte løpet.

Det var ti år sidan. No er SSX tilbake, og det på ein måte ingen kunne ha sett føre seg. No får du kaste deg ned massive fjellsider over heile verda, og mange nye hjelpemiddel vil sørgje for at du kan nå høgder du aldri før trudde håpe på. Å kunne seie noko slikt om eit spel i SSX-serien er ganske massivt, så her gjeld det å halde tunga beint i kjeften!

Les meir om SSX

Ikkje for folk med klovneskrekk.

Twisted Metal

Plattform: PlayStation 3 Ute: 7. mars

Frå mannen som meiner ingen spel nokon gong har fortalt ei god historie kjem eit spel heilt blotta for historie. Kan du tenkje deg? No skal eg ikkje prøve å hevde eg nokon gong har forstått denne serien, eller ser kva som er så fett med den, men av reaksjonen å døme då det blei avduka på E3 for eit par år sidan sa sitt. Det er mange som ser fram til dette.

Og det er nok gode grunnar til det. Om du likar klovnar, stygge masker, eksplosive våpen, massive kjerrer og ein solid porsjon svidd gummi kjem du garantert til å kose deg i Twisted Metal sitt forskrudde og valdelege univers. Her skal det skytast, drepast og frityrsteikast i 100 km/t, og det skal gjerne gjerast med stil. Berre pass på å halde folk med klovneskrekk langt unna galskapen, elles kan det bli bråk.

Les også
Anmeldelse:

Les meir om Twisted Metal

Stille før stormen.

Mass Effect 3

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 9. mars

Omsider skal det heile møte sin ende. Mass Effect-serien har hausta mange lovord så langt, og denne gong tek BioWare det heile eit solid steg vidare. Kampen har herja ut i dei fjerne galaksar i fleire år allereie, men no er det jorda vår som står for tur. Sjølvsagt er Shepard den einaste som verkeleg kan gjere noko med dette, så du kan sjå fram til at heile vår framtid trygt ligg planta på dine skuldrer.

Som vanleg har vi fleire nyvinningar i vente. BioWare har jobba mykje med kampane og lovar høgre intensitet, betre kunstig intelligens, og totalt sett meir action. Samtidig skal vi ikkje gløyme det emosjonelle aspektet som alltid har vore viktig for den kanadiske gjengen. Du skal heller ikkje sjå bort frå at Mass Effect 3 byr på ein eller fleire sekvensar som igjen prøvar å formidle samleie mellom to (eller fleire?) personar på ein måte som ikkje er regelrett flau.

Les meir om Mass Effect 3

Litt gresk mytologi tek ingen skade av.

Kid Icarus: Uprising

Plattform: 3DS Ute: 23. mars

Nokre gamle klassikarar forsvinn, medan andre står opp frå dei døde 20 år seinare. Kid Icarus: Uprising er eit slikt spel. Vi møter igjen den unge helten Pit, som no må kjempe mot ein gjenfødd Medusa som svært gjerne vil sjå menneskeheita gå under. Dette er derimot ikkje alt. Ved sidan av kreket med slangehår må Pit kjempe mot ein mørk versjon av seg sjølv.

Utgangspunktet er kanskje ikkje så originalt, men når Nintendo legg si stoltheit i noko leverer dei som regel varene. Dette spelet blei kunngjort samtidig med at 3DS blei vist fram for første gong, så det er på mange måtar eit flaggskip for maskina. Om Pit sine venger kan ta Kid Icarus-serien til nye høgder får vi vite i slutten av månaden.

Les meir om Kid Icarus: Uprising

Her blir det blod, rai, rai.

Ninja Gaiden 3

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 23. mars

Ryu Hayabusa er tilbake igjen, og med nyslipt stål. Som med alle Ninja Gaiden-spel kan du vere heilt sikkert på to ting: Det blir blodig, og det blir forferdeleg vanskeleg. Utover det kan derimot alt skje. Serien sin pappa og faneberar i alle år, Tomonobu Itagaki er ikkje lenger involvert, og det blir svært spanande å sjå korleis dette påverkar serien sine frenetiske actionsekvensar.

Ein ting vi har blitt lova er at spelet skal bli meir tilgjengeleg, og fleire nye element blir introduserte. Blant anna kan Ryu no klatre på kunai-kasteknivane sine for å angripe fiendar ovanfrå, samtidig som snikeangrep vil få ei viktig rolle. Som vanleg er det kampane som er viktige, og for at desse skal skape enda større inntrykk vil fiendane rope og skrike til både deg og kvarandre, samtidig som dødsfalla deira etter alt å døme vil vere mykje meir brutale og høglydte enn før. Kunne vi forvente noko anna? Det er trass alt Ninja Gaiden vi snakkar om.

Les meir om Ninja Gaiden 3

Klar for ei mystisk reise?

Messer og moro

Det er mykje å sjå fram til i mars. I tillegg til desse potensielle lekkerbiskane får vi omsider sjå kva Ubisoft kan diske opp med i det spanande katastrofespelet I Am Alive. Konami sender oss litt motvillige tilbake til ufyselege Silent Hill, medan Capcom på si side har hyra inn SOCOM-veteranane i Slant Six for å få litt action inn i Resident Evil-serien Operation Raccoon City.

Skulle dette bli for valdeleg, stressande, eller til og med hakket for morbid, kan det kanskje freiste litt meir med litt frilynt fotball i FIFA Street? Eller kanskje det passar betre med litt moro for heile familien i Mario Party 9? Mange ser nok minst like mykje fram til Journey, det fascinerande spelet frå Flower-skaparane i thatgamecompany.

For min eigen del er det derimot noko heilt anna som brenn høgst på himmelen. Til helga tek eg lanken til kosepusen Lasse Lervik og saman skal vi på romantisk ferietur til herlege San Francisco der vi skal sjå på, høyre om, og snakke med det meste som kan krype og gå av interessante folk i denne litt småbarnslege bransjen vi likar å skrive så mange ord om.

Vi set pris på alle gode ord og kryssa fingrar før reisa, og det er berre å vente på første reisebrev. Noko seier meg at matskildringane blir legendariske.

Siste fra forsiden