Far Cry Primal ser overraskande bra ut sjølv med svak PC

Sjå samanlikningsbilete mellom dei ulike innstillingane – og PlayStation 4-utgava.

For nokre veker sidan hadde vår anmeldar mykje godt å seie om Far Cry Primal til PlayStation 4. No har me fått bruke litt tid med PC-versjonen.

Far Cry Primal-utviklarane har gjort mykje bra med PC-versjonen. Bileteoppdateringshastigheita ligg stort sett godt over 60 på Ultra-innstillinga med mitt system (GTX 980, i7-4770K). Grafikken er veldig flott å sjå på, sjølv på dei lågare innstillingane. Synsvinkelen kan skruast heilt opp til 120, og det har nesten ingen innverknad på bileteoppdateringshastigheita. Grensesnittmenyen er stor og variert, med ei lang rekkje moglegheiter for å skreddarsy grensesnittet.

Likevel er det ein god del som trekker ned opplevinga. Det er mange «bugs», og spelet krasjar titt og ofte. Ubisoft har som vanleg også gått inn for bruk av uPlay, så dersom du kjøper spelet på Steam må du også ha ein uPlay-konto.

Me vil fyrst sjå litt på kva dei forskjellege menyane lar ein gjere, ser litt på krasjing og «bugs», og ei kort samanlikning med konsollversjonane. 

  Minimumskrav for Far Cry Primal på PC:

  • Operativsystem: Windows 7 64-bit eller nyare
  • Prosessor: Intel Core i3-550 | AMD Phenom II X4 955 eller liknande
  • Minne: 4 GB RAM
  • Skjermkort: NVIDIA GeForce GTX 460 (1 GB skjermminne) | AMD Radeon HD 5770 (1 GB skjermminnne) eller liknande
  • DirectX: Versjon 11
  • Lagring: 20 GB

Anbefalte spesifikasjonar:

  • Operativsystem: Windows 7 64-bit eller nyare
  • Prosessor: Intel Core i7-2600K | AMD FX-8350 eller liknande
  • Minne: 8 GB RAM
  • Skjermkort: NVIDIA GeForce GTX 780| AMD Radeon R9 280X eller liknande
  • DirectX: Versjon 11
  • Lagring: 20 GB

Spelmeny 

Spelmenyen lar ein konfigurere viktige mekanikkar.
Spelmenyen lar ein konfigurere viktige mekanikkar. Bilde: Mikkjell Lønning

Dersom ein set vanskelegheitsgrada til normal eller mindre, så vil siktehjelpa vere på, sjølv om ein ikkje bruker kontroller. Spelmenyen lar ein og slå av leiteanimasjonane, som det er ein god ide å kvitte seg med så fort som mogleg. Dei blir særs fort irriterande. 

Det er også ei innstilling for historiesamandrag, som kan vere veldig nyttig dersom ein er vekke frå spelet ei stund, og ikkje heilt hugser kva som har skjedd. Historiesamandraget kjem før lasteskjermen, og kan skippast med ein gong. 

Menyen for grensesnittet

Imponerande grensesnitt-meny.
Imponerande grensesnitt-meny. Bilde: Mikkjell Lønning

Far Cry Primal har godt mogleg den mest omfattande grensesnittsmenyen eg har sett i noko spel. Her er det moglegheiter for å tilpasse alt av innslag i grensesnittet, for å gjere opplevinga av spelet litt meir fordjupande. Eg slo fort av dei fleste av innstillingane, slik at grensesnittet blei mest mogleg spartansk. 

Kontrollmeny

Alltid kjekt å kunne slå av akselerasjon.
Alltid kjekt å kunne slå av akselerasjon. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Alle tastane kan skiftast ut på tastatur, men det er ikkje mogleg med kontroller. Far Cry Primal kjem med støtte til både Xbox One- og PlayStation 4-kontroller. 

Far Cry 4 hadde problem med museakselerasjon som måtte fjernast via nokre konfigurasjonsfiler, men dette verkar no å vere vekke. Eg har ikkje merka noko akselerasjon i det heile. 

Videomeny

Intuitiv videomeny.
Intuitiv videomeny. Bilde: Mikkjell Lønning

Me har fått moglegheit til å velje hovudskjerm! Det er alt for få spel som lar ein låse spelet til ein skjerm, som kan vere frykteleg irriterande viss ein minimerer spel når ein har to eller fleire skjermar. Dette burde fleire utviklarar ta med seg. 

Bildefrekvensen kan justerast heilt opp til 144 hertz, for dei som har slike skjermar. Ein kan også justere grensesnittet til spelet spesifikt for fleire skjermar. 

 

4K-oppløysing (høgre) mot vanleg HD.

 

Spelet støtter fint Dynamic Super Resolution, slik at dei med NVIDIA-kort kan køyre spelet i 2560x1440/3840x2160. Underteikna har ikkje merka noko forskjell på bileteoppdateringshastigheit mellom Dynamic Super Resolution og vanleg 4K-oppløysing.  

Kvalitetsmenyen er noko overflatisk.
Kvalitetsmenyen er noko overflatisk. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Undermenyen i videomenyen har kanskje ikkje fullt så mange alternativ som ein forventa etter Far Cry 4. Av ein eller anna grunn er det ingen innstilling for «Ambient Occlusion». Det er ikkje ofte ein ser at eit AAA-spel bare har ein type «Ambient Occlusion». 

 

FXAA (venstre) mot MSAA.

Ein får velje mellom FXAA («Fast Approximate Anti Aliasing») og SMAA («Subpixel Morphological Anti Aliasing»). Det er ikkje noko forskjell på bileteoppdateringshastigheita, så difor vil eg tru at det kun er 1xSMAA, som igjen er litt skuffande. Det er stort sett ein smakssak om ein bruker FXAA eller SMAA, men for meg verkar det som SMAA ser betre ut i dette tilfellet. På dyr verkar FXAA å gjere pelsen veldig spiss og kantete, mens SMAA utjamnar kantane betre.  

Ultra-innstilling (venstre) mot låg-innstilling (høgre).
Ultra-innstilling (venstre) mot veldig høg-innstilling (høgre).

Spelet ser overraskande bra ut sjølv på den lågaste innstillinga, og det er stor forskjell på ytinga mellom dei to nivå. Det er med andre ord ikkje noko problem å justere kvaliteten ned nokre hakk viss ein har eit svakt system, det vil framleis sjå bra ut.  

«Bugs» og krasjing

Mitt aller største problem med spelet er «bugs». Ofte er det ett eller anna dyr som set seg fast på ein stein, eller ein tekstur som går i oppløysing. Spenninga forsvinn litt når sabeltanntigeren som kjem mot meg plutseleg byrjar å springe på staden, då han sit fast i ei lita rot på bakken. Det blir ikkje fullt like vanskeleg å ta livet av tigeren i ein slik situasjon. 

Veldig mange brukarar har vore ute for feilen «Error 88500014». Problemet oppstår når brannmuren blokkerer uPlay-aktivasjonen av spelet. Dette fiksast relativt enkelt ved å legge inn unntak i brannmuren for «FCPrimal.exe», «UbisoftGameLauncher64.exe» og   «UplayService.exe». 

Spelet slit også med gjentatt krasjing. For augneblinket krasjer eg omtrent fire-fem gongar i timen, som er relativt irriterande. Eg har ikkje sett noko mønster i krasjinga, så eg har heller ikkje noko løysing på dette. Førebels kan ein ikkje gjere anna enn å vente på ein oppdatering frå Ubisoft. 

PC-spel er som kjend kompliserte greier, då det er frykteleg mange forskjellege kombinasjonar av komponentar hos dei forskjellege brukarane. Det er godt mogleg at eg har vore ekstra uheldig her, for det er få andre som har hatt så mykje krasjing som eg har hatt. 

Konsollversjon

Far Cry Primal på PlayStation 4 køyrer 1920x1080, med bileteoppdateringshastigheit på 30. Det verkar å vere omtrent det same grafikknivået som høg på PC. Xbox One-versjonen har ei bileteoppdateringshastigheit på 30, og køyrer antakeleg 1440x1080. Ein veit ikkje heilt eksakt kva oppløysing Xbox One har, då Microsoft ikkje har sagt noko om det. 

PC (venstre) mot PlayStation 4 (høgre).

Frå biletet ser ein at konsollversjonen bruker meir skodde, som er eit vanleg verkemiddel for å gøyme teksturar i distansen. PC-versjonen har betre teksturkvalitet, anti-aliasing og skuggelegging. Likevel har PlayStation 4-versjonen eit imponerande detaljnivå, spelet ser flott ut på alle platformar. 

Den mest tydelege forskjellen mellom PC, Xbox One og PlayStation 4 er PC-versjonen sin store mengde med tilpasningsmoglegheiter. PC har ein god del betre grafikk viss ein skrur opp innstillingane, men konsollversjonane har ikkje mykje å rutte med når det kjem til tilpasningsmoglegheiter, der skinn PC-versjonen. 

Bør ein kjøpe Far Cry Primal på PC?

Dersom du er interessert, vil me anbefale å kjøpe spelet på Steam, slik at ein kan refundere kjøpet innan to timar dersom ein slit med gjentatt krasjing. Dei aller fleste har rapportert at PC-versjonen er knirkefri, men ein kan som sagt vere uheldig. 

Spelet er utan tvil vakkert, og det har ein fantastisk verden ein kan leve seg inn i. PC-versjonen er eit klart steg opp frå konsollversjonane.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen