Feature

Forutsigbart frå Microsoft

Microsoft viste stolt fram sin haustkolleksjon i går.

LOS ANGELES (Gamer.no): Årets E3 starta med eit smell i det scener frå Call of Duty: Black Ops viste seg på den enorme skjermen i Wiltern Theater i Los Angeles. Det er kanskje litt snodig å bruke eit multiplatform-spel som introduksjon for det som ifølgje Microsoft er den viktigaste E3-messa deira nokon sinne, men det blei etter kort tid tydeleg at det låg ei meining bak det heile.

Alt nedlastbart innhald til alle Call of Duty-spel kommer først til Xbox 360.

Frå og med no, og ut 2012 vil alt nedlastbart innhald for alle Call of Duty-spel vere eksklusive for Xbox 360, i ein periode. Nøyaktig kor lang denne perioden vil vere blei det ikkje sagt noko om, men det kan nok tenkast at det finnest nokre bitre PlayStation 3-entusiastar ute i heimane akkurat no.

Utover denne eksklusiviteten blei vi vist mange scener frå det komande storspelet. Det skifta mellom tronge huler og svære tropiske skogar. Mest interessant var derimot ein spenstig tur i helikopter der du kunne fyre laus med rakettar på fiendar på bakken eller i lufta. Lekre eksplosjonar sørgjer nok for at Call of Duty-fans får noko å glede seg til i år òg.

Kokkekamp

Neste stopp var den japanske legenda bak Metal Gear Solid-serien, Hideo Kojima. Hans rolle var ikkje større enn at han introduserte produsenten for Metal Gear Solid: Rising – Shigenobu Matsuyama – men han hausta likevel stor applaus frå publikum.

Endeleg var det tid for å få våre første glimt frå dette Metal Gear Solid-spelet som kjem både til Xbox 360 og PlayStation 3. Grafikken er det ingenting å utsetje på, og sjølv om det er litt vanskeleg å døme basert på ein kort video, såg det ut til å vere på nivå med PlayStation 3-eksklusive Metal Gear Solid 4. Dette spelet ser derimot ikkje ut til å ha så mykje til felles med Solid Snake sine spionasjeeventyr. I Rising har gode gamle Snake overlevert stafettpinnen til Raiden i eit eventyr som ser ut til å ha meir til felles med Ninja Gaiden enn med ein kjederøykande spion.

Strengt tatt er det litt vanskeleg å vere for entusiastisk over det vi fekk sjå. Raiden kappa opp fiendar, kroppsdelar flaug veggimellom, og det var ikkje før eit «sakte kino»-element blei avduka at ting blei interessante. Du kan stogge tida før du bestemmer vinkelen du vil hogge fienden i. Videodemonstrasjonen presenterte korleis du kan bruke dette på svært kreative måtar. Tenk Afro Samurai med full kontroll over slagretninga. Avslutningsvis leika Raiden kokk og kappa opp verdas beste frukt; vannmelon. Nam!

Gears of War 3 får stilig samarbeidsmodus for fire.

Krigshjula går

Resten av showet blei via eksklusive Xbox 360-titlar. Ein logisk start på denne biten av programmet var Gears of War 3, der sjefsdesigner Cliff Blezinski demonstrerte samarbeidsmodusen saman med tre kollegaer. Det ser unekteleg fett ut. Dei topptrente og muskuløse soldatane har fått hjelp frå eit par kvinner i kampen, og det kan det sjå ut til at dei treng. Ein nye fiende som går under namnet Lambent har entra scena, og desse massive skapningane spyr tentaklar i alle retningar.

I tillegg til å vere like lekkert som dei to første spela i serien, ser det ut til at Marcus og co. har eit par nye triks på lager. Du kan no byte våpen mellom spelarane, og frontalangrep på fiendane er meir brutale enn nokon sinne.

Etter dette var det tid for sjarmtrollet vi alle elskar: Peter Molyneux. Temaet var sjølvsagt Fable III, men diverre var det ikkje mykje handfast informasjon å hente. Du er kongen, du vel korleis du vil styre, og det heile handlar i stor grad om val og konsekvensar. Ein røft klippa trailer viste mykje interessant, og det er ingen tvil om at det heile ser veldig tøft ut. Ein rask sekvens med to gallionar i heftig skipskamp såg spesielt interessant ut, og det blir spanande å sjå om dette er noko du kan ta del i når spelet blir lansert til hausten.

Les også
Anmeldelse:

Tilbake til romertida, igjen

Etter den alt for raske Fable III-presentasjonen fekk vi høyre om det nye prosjektet til ein ny Microsoft Game Studios-partner. Ein visuelt stemningsfull video med ekte skodespelarar (den nye trenden) viste det som etter alt å døme er eit spel sett til romertida og gladiatorkampar. Spelet har fått namnet Codename Kingdoms, og kjem til oss frå grafikkheltane i Crytek. Fin video, men blodfattig på innhald. Vi vil sjå gamplay Crytek, gameplay.

Gameplay skulle det nok av i Bungie sin demonstrasjon av kampanjemodusen til Halo: Reach. Det vi fekk sjå var riktig nok ikkje direkte, men vi blei fortalt at det heile var henta rett frå spelet. I kjend Halo-stil stod skyting av Covenant-beista på plakaten, og det heile ser betre ut enn nokon gong. Nokre nye våpen blei det òg tid til, der spesielt ein granatkastar såg ut til å vere eit effektivt middel i skadedyrkontrollen.

Klarer ikke laste video

Det som frista mest var derimot eit nytt sprang for Halo-serien. Etter ein kort tur i ein rakettliknande sak var vi brått i rommet, og blei kasta ut i intense kampar der gravitasjonen ikkje eksisterer. Eg er sur kvart år eit nytt Tie Fighter-spel ikkje blir annonsert, så kanskje dette kan bli eit lite plaster på såret?

Dette var alt Microsoft hadde å kome med av det vi må kunne kalle «vanlege»-spel. Resten av showet blei via Xbox Kinect (noko du kan lese meir om i ein eigen artikkel). Heilt på tampen av showet avduka Microsoft ein ny og slankare Xbox 360-modell. Lekkersaken har blank, svart design, skarpe former, og kjem med 250 GB harddisk og innebygd trådlaust nett. Den nye Xbox-maskina skal vere i butikken i midten av juli.

Spørsmålet vi sit igjen med akkurat no er kor godt dette vil halde seg mot dei arge konkurrentane hos Sony og Nintendo. Både Halo, Gears of War og Fable er store seriar, men utover desse titlane var alt det nye basert på rørsleteknologien til Kinect. I så måte sakna vi eigentleg nokre bombastiske avsløringar som får fråden til å stå i vinkel ut kjeften.

Siste fra forsiden