Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Mykje action i årets mest fargerike månad.

No er hausten her, og det betyr strengt tatt berre ein ting om du er regelmessig lesar av Gamer.no; spel. Lass på lass med nye spel. September er forbi, og vi har hatt ein solid månad med mykje god underhaldning. Dei fotballfrelste har fått sitt i både PES 2014 og FIFA 14, og for hockeyinteresserte har NHL 14 bydd på ei solid dose juling.

Det massive strategispelet Total War: Rome II blei endeleg lansert, men aller størst denne månaden var Grand Theft Auto V som selde som hakka møkk og samla inn vanvittige 4,7 milliardar kroner på berre ein dag. Ikkje verst for tidenes dyraste spelproduksjon.

No skal vi derimot sjå framover. Oktober ein stor og viktig månad, men i overveldande slagkraft har månaden fått mindre trøkk dei siste åra. Etter kvart har utgjevarane innsett at å slenge ut alle spela sine i eit knapt tidsrom der dei må konkurrere mot årets største titlar ikkje fungerer. Difor har vi enda opp med ein situasjon der vi først og fremst ser eit knippe stortitlar. Det ser altså ut til at den enorme konkurransen vi har sett tidlegare år er i ferd med å avta.

Det er kanskje like greit, for du kan vere sikker på at det blir nok å bruke pengane på denne månaden likevel.

The Legend of Zelda: Wind Waker HD

Link er tilbake i storform.
Link er tilbake i storform.

Plattform: Wii U Ute: 4. oktober

Då The Legend of Zelda: Wind Waker blei lansert på GameCube i 2003 vekte den høgst spesielle grafiske stilen mange reaksjonar. Enkelte likte ikkje den leikne og fargerike stilen, medan andre igjen lovprisa det som eit nydeleg og tidlaust spel. No har Nintendo pussa opp spelet i HD og vil la oss sigle over sjøen i eit spel som byr på meir enn berre grafiske forbetringar.

Mange meinte det gjekk litt tregt å bruke båten for å finne nye øyer i originalversjonen, og difor har Nintendo skrudd opp farten på jolla di litt. I tillegg har spelet fått eit heilt nytt inventarsystem som tek i bruk skjermen på Wii U-kontrollaren. I eit nytt trekk frå Nintendo blei Wind Waker gjort tilgjengeleg for nedlasting to veker før den offisielle lanseringa av butikkversjonen. Blir det digital eller fysisk kopi på deg?

Les meir om The Legend of Zelda: Wind Waker

Beyond: Two Souls

Quantic Dream vil gjerne tvinge fram kjensler i kalde kroppar.
Quantic Dream vil gjerne tvinge fram kjensler i kalde kroppar.

Plattform: PlayStation 3 Ute: 11. oktober

Franske Quantic Dream held fram med å lage høgst dramatiske spel med eit solid fokus på drama og kjensler. I Beyond: Two Souls møter vi Ellen Page i rolla som jenta Jodie Holmes. Vi følgjer ho og spøkjelsespartnaren hennar Aiden gjennom livet hennar. Der møter ho blant anna forskaren Nathan Dawkins som blir spelt av Hollywoodveteranen Willem Dafoe. Beyond: Two Souls ser ut til å bli noko ganske anna enn dei actionfylte spela denne hausten, noko du kan lese meir om i vår ferskaste sniktitt på spelet:

«Alt tyder på at David Cage og Quantic Dream med Beyond: Two Souls rykker endå nærare ein fullendt visjon om gode filminspirerte spel med narrativ og kjensler som hovudfokus. Om dei lykkast med dette ambisiøse målet veit vi dog ikkje før vi får prøve den ferdige opplevinga i haust.»

Les meir om Beyond: Two Souls

Pokémon X og Y

Pokémon, no i 3D.
Pokémon, no i 3D.

Plattform: 3DS Ute: 12. oktober

Pokémon-serien har skodd seg på ein trygg formel så og seie sidan starten. Med det første 3DS-spelet i serien vil Nintendo derimot ta fleire steg vidare i jakt på å fornye den populære serien. Den aller største endringa er at heile spelet no er i 3D, noko som ikkje berre presenterer verda på ein heilt ny måte, men samtidig gjer kampane langt meir dynamiske. På tampen av dette kan du no oppgradere Pokémonane dine enda eit hakk. Vi tok ein kikk på spelet under GamesCom-messa i Köln:

«Pokémon X og Y er eit digert skritt vekk frå det faste og kjende for Pokémon-serien, og etter å ha følgt ein formel så slavisk i snart tjue år ser det også ut til at utviklarane har lykkast med nyvinningane sine. Overgangen til tre dimensjonar er kanskje den største omveltinga, og spelet ser heilt fantastisk ut, med all sin sjarme, fargebruk og kreativitet, vidareført og vidareutvikla.»

Les meir om Pokémon X og Y

Batman: Arkham Origins

Unge Batman får prøvd seg.
Unge Batman får prøvd seg.

Plattform: PlayStation 3, Wii U, Xbox 360, Windows Ute: 25. oktober

Etter braksuksessane Batman: Arkham Asylym og Batman: Arkham City frå utviklarstudioet Rocksteady, er det no tid for at nokon andre får boltre seg i Batman-universet. Det nyare studioet WB Montreal står ved roret denne gong, og i Batman: Arkham Origins får vi servert ei historie som utspelar seg fleire år før Batman: Arkham Asylum. Vi møter ein yngre Batman som må ta opp kampen mot fleire kjende styggingar for første gong. Medan du ventar kan du ta ein kikk på vår sniktitt der vi hadde blant anna dette å seie:

«Til tross for mykje nytt framstår Arkham Origins som ei forlenging av Arkham City. For at spelet skal få meg til å ta på meg ei kappe og springe gatelangs nattestid, må spelet levere skikkeleg gode historier knytta opp mot Batmans møte med dei ulike skurkane. Om Warner Bros. klarar å byggje på dei rike bakgrunnshistoriane som allereie eksisterer i dette universet kan Arkham Origins fort bli ein av årets største titlar.»

Les meir om Batman: Arkham Origins

Assassin's Creed IV: Black Flag

Splitte mine bramsegl!
Splitte mine bramsegl!

Plattform: PlayStation 3, Wii U, Xbox 360, Windows Ute: 29. oktober

I Assassin's Creed IV: Black Flag møter vi Edward Kenway. Han er bestefaren til Connor som var helten i Assassin's Creed III. I Black Flag får du leggje ut på tokt i ei sjørøvarskute, og møte mange kjende piratar frå verdshistoria. I spelet får du sigle mellom mange øyer i det karibiske hav. Eventyret skjer både til lands og til sjøs, og du kan både borde og senke skip du møter på det langstrakte hav. Mange meiner serien har gått litt i stå dei siste åra, men det vi har sett av spelet tyder på at Ubisoft no har gjort merkbare endringar med serien:

«Det verkar meir interessant å plyndre dei sju hav medan ein er på flukt frå loven, enn å oppdage ein eller annan obskur relikvie som avslører korleis universet heng saman. No som serien har gått sin gang og Ubisoft har andre, store spel i horisonten, er det mykje som tyder på at det franske selskapet tør å gjere vesentlege endringar. Det har serien veldig godt av.»

Les meir om Assassin's Creed IV: Black Flag

Battlefield 4

Er du barsk nok til å rive ned ein bygning eller to?
Er du barsk nok til å rive ned ein bygning eller to?

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360, Windows Ute: 29. oktober

Som vanleg er det i år klart for hard kamp om skytespelentusiastane. Call of Duty-serien er kanskje den mest populære skytespelserien på marknaden, men det ser berre ut til å fungere som motivasjon for EA. Med Battlefield 4 gjer dei og utviklarane hos svenske DICE atter eit forsøk på å kapre spelarane med storstilte kampar og heftig grafikk. I Battlefield 4 vil du kunne rive ned heile bygningar, og dette kan få mykje å seie i kampens hete. Eit anna strategisk element kjem i form av kommandørrolla som vi fortalde meir om i vår sniktitt:

«Kommandørmodusen gjer eit comeback etter å ha vore borte i Battlefield 3. Ein person på kvart lag kan velje å ta ei styrande overblikksrolle i staden for å vasse i gjørma saman med dei andre soldatane på bakken. Kommandantrolla kan gjennomførast på ein PC eller eit nettbrett, og lar vedkomande ha direkte innverknad på kampsituasjonen på bakken.»

Les meir om Battlefield 4

Strategi og action

Blir dette det neste store tårnforsvarspelet?
Blir dette det neste store tårnforsvarspelet?

Ein månad er ikkje god før vi har hatt oss ei oppsummering av dei resterande spela vi meiner er av spesiell interesse. For strategar med interesse for spansk historie kan España 1936 vere verdt ein kikk. I dette turbaserte strategispelet får vi ta del i den spanske borgarkrigen som utspelte seg før første verdskrig. Eit anna strategispel det kan vere verdt å få med seg er Arma Tactics frå krigsekspertane i Bohemia Interactive. Ei litt anna form for strategi får vi i tårforsvarsspelet Defense Technica.

Om du er på jakt etter litt meir action kan kanskje det danske actionrollespelet Forced vere noko for deg. I dette spelet får du til og med samarbeide på ein enkelt skjerm, noko som ikkje er dagleg kost på PC.

Har du behov for pur action og lite anna vil du få mykje å velje i i oktober. Fartsfylte Sonic: Lost World kjem heilt sikkert til å få det til å lukte svidd av Wii U-en eller 3DS-en din, medan eit nytt Teenage Mutant Ninja Turtles-spel gjer seg klart til å spreie litt Cowabunga til massane.

Vi kan i tillegg sjå fram til eit gjensyn med Naruto som endeleg tek turen innom PC i spelet med det nesten kriminelt lange namnet Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 3: Full Burst. Blir dette for fargerikt for deg kan det kanskje smake med litt okkult action i Castlevania: Lords of Shadow – Mirror of Fate som tek turen frå 3DS til PlayStation 3 og Xbox 360.

Eit anna spel det kan vere verdt å halde auga oppe for er Rocksmith 2014 Edition. Gitarspelet har ingen spikra dato heilt enno utover at det etter planen skal dukke opp i oktober.

Sist, men absolutt ikkje minst, får vi eit nytt spel i Football Manager-serien. Om du veit veldig godt at du kan fotball betre enn nokon andre, veit du godt kva du har å gjere når Football Manager 2014 blir lansert i slutten av månaden.

Kommentarer (34)

Forsiden akkurat nå

Til toppen