Feature

Kommentar: Revolusjon eller sleivspark?

Microsoft gjer ein heiderleg innsats for å skape det ultimate familieproduktet.

Kinect er ikkje laga for deg eller meg. Det er ikkje laga for unge menn og kvinner som likar å synke tilbake i sofaen med ein kontrollar mellom henda. Du treng ikkje bruke mange timar med Kinect før alt blir ekstremt tydeleg, sånn om du ikkje hadde hatt ein sterk mistanke om det frå før.

Kinect fungerer. Ikkje perfekt, ikkje dårleg, men godt. Det fungerer, og det tvingar deg til å løfte på flesket. Du må opp, du må stå, og du må hoppe og sprette og kaste deg fram og tilbake framfor TV-en. Kvifor alle dei såkalla «hardcore»-folka har vore så bestemt på at Kinect skal bli ein flopp er lett å forstå. Dei vil ikkje hoppe og sveitte. Eg vil ikkje hoppe og sveitte. Nokre timar med Kinect og eg treng i pause og ein dusj.

Nei du, Kinect er ikkje laga for oss. Småbornsforeldre derimot, dei kjem til å elske Kinect.

Sjølv om dette rommet stort sett fungerer greitt, blir det i knappaste laget
Sjølv om dette rommet stort sett fungerer greitt, blir det i knappaste laget

Ser den deg?

Kinect er eit avansert kamera du plasserer over eller under TV-skjermen. Det har den same blanke overflata som den nye og slankare versjonen av Xbox 360-konsollen, og i både form og funksjon ser den ut som eit ganske eksklusivt tilskot til den interaktive kvardagen. Kinect er eit spesielt stykke teknologi sidan kameraet kan lese tredimensjonale rom, og såleis kan sjå nøyaktig kvar du er i det rommet. Ved å flytte på kroppen og bruke hendene kan du bla gjennom menyar, og kontrollere spel på ein heilt ny måte.

Denne teknologien stiller visse krav til områda den blir brukt i, og plass og lys er dei mest kritiske elementa. Eg har heldigvis hatt færre problem med Kinect enn eg frykta på førehand. Spelerommet mitt er rimeleg mørkt sidan alle belysning kjem frå spotlights, og det er trongt om plassen. Eg har brei sofa, ein diger puff for beina, og mellom puffen og TV-benken er det knapt ein meter. Ved å fjerne puffen, og stå med leggane inntil sofaen har eg så vidt to meter mellom meg og Kinect-kameraet, og likevel har eg berre hatt små problem. I Kinectimals greier til dømes ikkje kameraet å sjå når eg kryp ned på knea for å få leopardungen min til å ligge. Den slit òg litt med å sjå når eg sit på huk, men bortsett frå det har det meste fungert meir eller mindre knirkefritt.

Eg kan bla i menyar, eg kan kaste ein frisbee eller nokre ballar, og eg kan delta i mange små leikar. Så lenge Kinect ikkje har behov for å sju deg frå knea og ned , og spelet ikkje krev at du flyttar deg raskt mellom høgre og venstre, ser Kinect ut til å takledet meste.

Spelerommet mitt er derimot ikkje godt nok for dei meir krevjande Kinect-spela. I Kinect Sports må du til dømes hoppe og sprette frå side til side og sparke i lufta for å nemne noko. For å kunne spele dei mest fysiske spela såg eg meg faktisk nøydt til å rigge til eit nytt rom. Heldigvis er eg i den heldige situasjonen at eg har ei rimeleg stor kjøkenstove som ikkje har blitt brukt til stort meir enn ein diger hjørnesofa og eit bord. No er hjørnesofaen redusert til ein tresetar, og bordet er erstatta med ein TV-benk og ein gammal TV eg trudde eg hadde pensjonert for godt.

Dette blei betre, nesten fire meter å boltre seg på er grei skuring.
Dette blei betre, nesten fire meter å boltre seg på er grei skuring.

Velkomen tilbake!

Kinect leser det meste sjølv om rommet du er i har beskjeden lyssetting. Om Kinect skal kjenne deg igjen må du derimot sørgje for at ansiktet ditt er opplyst. Kinect ID er ein teknologi som let maskina kjenne igjen kvar enkelt brukar, for så å automatisk logge han eller ho inn når kameraet ser personen. Det er ein veldig kul teknologi, men om lyset fell berre litt feil i ansiktet ditt, greier ikkje Kinect sjå deg.

Eg har testa dette ut ganske nøye ved å gjere noko så enkelt som å flytte meg bak og fram under taklampa i mitt nye spelerom. Ved å gå nærare TV-en greidde ikkje Kinect kjenne meg igjen, men ved å ta berre eitt steg bakover slik at lyset traff ansiktet mitt direkte, var det null problem. Etter å ha grava fram ei gammal golvlampe har eg eliminert alle problem. Spørsmålet er jo sjølvsagt om dette er meir jobb enn dei fleste er villige til å investere.

Ei enkel løysing på dette viste seg i mitt tilfelle å vere ei gammal lampe eg hadde stua vegg. Berre det å setje opp ein spotlight som lyser deg i trynet hjelper ikkje berre Kinect ID med å kjenne deg igjen, det lyser samtidig henda dine opp i så stor grad at Kinect si evne til å lese rørslene dine blir merkbart betre.

Fri bruk

Så lenge forholda ligg til rette for det er Kinect ein draum. Det er som å ta eit kvantesprang inn i framtida, og sjølv om det sikkert er raskare å dytte på ei pil før du trykkjer inn ein knapp, kjennest det langt meir naturleg å berre halde handa over det du vil inn på. Kontrolloppsetta i dei forskjellige spela er uhyre intuitive, og det er fantastisk lett å kome i gong. Om du må bruke lang tid på å lære noko er det utviklarane sin feil, ikkje Kinect.

Auget som ser
Auget som ser

Å leike seg med Kinect minnar meg veldig mykje om å få Wii i hus for første gong. Det er lett å bli imponert der du leikar deg framfor skjermen medan spela reagerer på dine minste rørsler, men det er samtidig lett å merke at presisjonen ikkje er heilt perfekt. I så måte minnar Kinect meir om Wii enn PlayStation Move. Move har ein presisjon eg så langt ikkje har sett teikn til med Kinect, men den store forskjellen er sjølvsagt at der Move og Wii registrerer fysiske objekt, ser Kinect heile kroppen din og byr såleis på noko heilt nytt vi ikkje har hatt tilgang på før (nei, gode gamle EyeToy har ingenting å stille opp med).

Kor stort potensialet er for kor nøyaktig Kinect kan registrere deg er vanskeleg å seie før vi får spel som verkeleg tyner grensene, men det er heilt tydeleg at dette varierer stort mellom forskjellige spel.

Kommentarer (37)

Forsiden akkurat nå

Til toppen