Feature

Slik er Modern Warfare Remastered på PC

Me har samanlikna Modern Warfare Remastered med originalen

Den nye utgåva har flott grafikk på PC, men er ei teknisk nedgradering.

Call of Duty: Modern Warfare Remastered er eit etterlengta prosjekt. Originalspelet er eit av dei mest kritikarroste skytespela nokosinne, som har blitt ein moderne klassikar. Den nye versjonen ønskjer å forbetre originalen, men får det ikkje heilt til. Me vil med denne artikkelen sjå på dei grafiske og tekniske forskjellane mellom den gamle og nye versjonen av spelet på PC.

Den nye utgåva kjem med historiedelen og ti av fleirspelarkarta til Call of Duty 4: Modern Warfare, som har fått mykje betre grafikk. Førebels kan ein berre få tak i spelet ved å kjøpe Call of Duty: Infinite Warfare.

Raven Software står for PC-versjonen av Modern Warfare Remastered, som tidlegare har laga gode PC-versjonar av konsollspel. Denne gongen er det dessverre ikkje heilt blink.

Overlegen teksturkvalitet

CrashBil CrashBilOrg
Ny versjon til venstre, original med oppgradert grafikk via utviklarkonsollen til høgre.

Call of Duty: Modern Warfare Remastered har fokusert mest på grafikken i spelet. 2007-utgåva av spelet held seg framleis godt på PC, men den nye versjonen ser utan tvil betre ut. Dei aller fleste teksturane har fått ei overhaling, og er i høgare oppløysing. Floraen og bakken viser dette spesielt, der forskjellane er betydelege.

Den mest openberre forskjellen er våpena, som har fått heilt nye teksturar. Spesielt skarpskytarriflene ser veldig annleis ut enn i originalen. Kikkertsiktene har ikkje lengre dei kantete refleksjonane, og det unaturlege ljoset på våpena er vekke.

Det er fleire grafikkinnstillingar i 2016-utgåva enn i originalen, som til dømes gir fleire typar kantutjamning, betre skuggelegging og ein meir moderne variant av «anisotropisk filtrering».

Dei blasse fargane frå 2007-utgåva er for det meste vekke, erstatta med ein mørkare fargetone som liknar dei mjuke og litt uklare fargane frå 2014-spelet Alien: Isolation.

Eit klart minus er den låge synsvinkelen. 2016-utgåva har ein glidebrytar for synsvinkel, men som berre går opp til 80. Då Modern Warfare Remastered ikkje har utviklarkonsoll, kan ein ikkje manuelt justere dette som i originalen, som støttar synsvinkel heilt opp til 160.

Sjå korleis dei nye versjonane av BioShock-spela ser ut på PC »

Fokus på einspelaren

Bil MacOrg
Ny versjon til venstre, original til høgre.

Historiedelen i Call of Duty 4: Modern Warfare har fått den største oppgraderinga. Nokre av områda er bygde opp frå grunnen av, og dei fleste områda har mykje høgare detaljrikdom enn i originalen. Det er fleire karakterar, bilar, hus og andre ting i bakgrunnen. Mange av karakterane frå originalen var imponerande stygge, men har for det meste fått forbetra teksturane sine.

Filmsekvensane i introen til nivåa er òg overhala, med mange fleire objekt i bakgrunnen, samt vesentleg forbetra grafikk. Opninga til oppdraget «Charlie Don’t Surf» i toppvideoen viser ein enorm forbetring over originalversjonen.

Ammo VapenOrg
Ny utgåve til venstre, original til høgre.

I det heile er einspelaren blitt ei betre oppleving. Det er lagt til fleire prestasjonar som ein kan låse opp, og resten av einspelaren har utviklaren latt vere som den var. Hadde dei gjort det same med fleirspelaren, hadde me kanskje hatt eit godt produkt. Raven Software har dessverre tatt mange merkelege avgjerder med dei tekniske aspekta av spelet.

Ryddar opp i småfeil

District DistrictOrg
Ny utgåve til venstre, original (utan ljosendring) til høgre.

Mange av karta i fleirspelaren har fått fiksa småfeil. Til dømes er områder der ein tidlegare ikkje laga lyd når ein sprang reparerte. Det er ikkje mogleg å «sprette» på like mange gjenstandar som før, og det er vanskelegare å kome seg ut av kartet ved å utnytte feil i spelet.

Dette har ikkje vore like populært for alle, for mange av feila blir sett på som ein del av spelet i konkurransescenen, som brukast for å overvinne motstandarane. Dei som kjenner til mange av desse feila får ein fordel, men det blir sett på som ein naturleg del av «ferdigheitsstigen».

Eg sleit lenge med biletefrekvens som i videoen, før eg fann ein merkeleg løysing. (Video: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Raven Software har òg satt ytterlegare kjeppar i hjula for dei som brukar rørsla i spelet til å vinne, då dei har låst biletefrekvensen i fleirspelaren til 91. Dette er sjølvsagt til stor irritasjon for dei som har skjerm med 120 hertz eller meir, men fyrst og fremst set det ein stoppar for mange av måtane ein kunne hoppe lengre og høgare på. Grunna ein feil i fysikkmotoren til omtrent alle Call of Duty-spela, kan ein blant anna kome seg enkelt ut av karta med biletefrekvens på 125 eller meir.

Det hjelper heller ikkje at Modern Warfare Remastered har store problem med biletefrekvens. Dei fleste problema med dropp i biletefrekvens kan fiksast, men det tar litt tid. Underteikna sleit i timesvis med dropp i biletefrekvens ned til 15, før eg fann ut at ein må sette hertz på skjerm til 99, for spelet av ein eller anna grunn ikkje taklar 144 hertz. Slike problem kan fjernast i ein eventuell oppdatering, men me har førebels ikkje høyrt noko om når dette vil skje.

Konklusjon

Gate GateOrg
Modern Warfare Remastered til venstre, original til høgre.

Call of Duty: Modern Warfare Remastered byr på ein vesentleg forbetra oppleving av einspelaren. Grafisk sett er det den desidert beste oppussinga som har kome det siste året, og utviklaren har imponert oss med sin gjennomgåande oppgradering av originalens historiedel.

Dessverre øydeleggjer tvilsame avgjerder frå utviklaren PC-versjonen av Modern Warfare Remastered. Det er ingen server-nettlesar, ingen utviklarkonsoll, og den største spelmodusen kan berre ha 18 spelarar (mange av serverane i originalen har rom for 50). Spelet har låst biletefrekvens, som òg er høgst ustabil på ei rekke system. Den aller største synda deira er likevel at dei ikkje har støtte for modifikasjonar. Heile konkurransescenen på PC var basert rundt modifikasjonen ProMod, som ikkje kjem grunna manglande støtte for modding.

Infinity Ward og Raven Software hadde moglegheita til å gjenopplive eit av dei beste PC-skytespela nokosinne, men har tydelegvis ikkje forstått kva som gjorde deira eige spel bra.

LES OGSÅ: Slik er den nye grafikken til Skyrim Special Edition på PC og Xbox One S »
LES OGSÅ: Call of Duty: Infinite Warfare splittar Windows Store og Steam »

Siste fra forsiden