Feature

Nintendo kuppa E3

hh

Etter at årets E3-konferansar er avslutta har vi ein klar vinnar.

LOS ANGELES (Gamer.no): «Ingen over, ingen ved sida» er det noko som heiter, og dette er den beste måten å forklare korleis Nintendo sin maktdemonstrasjon av ein E3-pressekonferanse utarta seg. Dei starta med eit pang, og kasta oss rett inn i det nye Zelda-spelet The Legend of Zelda: Skyward Sword. Den umiddelbare reaksjonen kom gjennom den flotte grafikken. Skyward Sword køyrer til dels same designfilosofi som Twilight Princess, men i staden for det litt mørke og skitne uttrykket til Twilight Princess, er Skyward Sword levande, vakkert og til dels målerisk.

The Legend of Zelda: Skyward Sword (Wii).

Ein lystig Shigeru Miyamoto demonstrerte korleis du no trer inn i rolla som Link på ein heilt ny måte. I staden for å trykke inn knappar for kvar einaste handling, må du no bruke heile kroppen som innsats. Miyamoto demonstrerte korleis du brukar Wiimoten som sverd og Nunchucken som skjold. Dytt Nunchucken fram og Link forsvarar seg. Sving med Wiimoten og Link svinger sverdet mot fienden i det Nintendo hevdar er ein-til-ein-rørsleimitasjon.

Frå scena i ein teatersal ser alt sjølvsagt freistande ut, men det er ikkje før ein får prøvd ting sjølv at ein verkeleg kan avleggje dom. Vi tok ein nærmare kikk etter konferansen.

Måten du brukar Wii-kontrollerane på for å gjere alt frå å svinge sverd til å skyte med boge får ein til å undre seg over kva Sony vil fram til når dei seier at Move «forandrar alt», sidan det strengt tatt er berre tull. All bogeskyting og sverdfekting og liknande som Sony stolt viser i sine reklamesnuttar fekk vi lett demonstrert i løpet av nokre minutt med gode gamle Link. Spelet er etter førsteinntrykka å døme uhyre presist, lett å kome i gong med, og ei solid treningsøkt i same slengen. Spelet følgjer handrørslene dine nøyaktig, og det gjer Skyward Sword til noko heilt anna enn forgjengaren Twilight Princess.

Teknologi er irrelevant

Etter den monumentale avdukinga av det nye Zelda-spelet var det tid for Reggie Filles Aimes å gjere det han gjer best: Gestikulere med armane medan på autoritært vis fortel om suksessane til Nintendo. Om du trudde Wii sel dårleg får du berre tru om igjen. Reggie kunne med sjølvsikker røst informere om at Wii sette ny salsrekord i desember, og at Wii er den maskina som har selt flest spel nokon sinne. Om det betyr flest spel per maskin, sa han derimot fint lite om.

Mario Sports Mix.

Etter alt å døme er dette tal som berre vil stige framover. Nintendo heldt fram konferansen sin med å vise fram det eine spelet etter det andre. Først ut var Mario Sports Mix som kastar Mario og kompani inn i alt frå spenstige volleyball-turneringar til kanonball og ishockey. Vidare er det komande Wii Party atter eit Mii-basert spel som let deg og venene dine kose dykk med ein haug forskjellige party- og minispel. Det ser ut til å by på fantastisk hygge i ein time eller to.

Av større interesse er det nye DS-rollespelet Golden Sun: Dark Dawn. I dette eventyret som kjem til hausten må du vinne over vonde makter i eit spel med særs lekker grafikk, og eit turbasert kampsystem (godt nytt for oss som ikkje nødvendigvis ser på den konstante moderniseringa av JRPG-sjangeren som ein god ting).

Ei etterlengta kunngjering var at GoldenEye no er på veg til Wii. Eurocom står for produksjonen, men sjølv om namnet er det same, må du ikkje vente deg den same opplevinga. Pierce Brosnan er byta ut med Daniel Craig, og fleire av nivå vil vere redesigna. Vi får sjå kor godt det heile vil falle i smak hos puristane når spelet dukkar opp i butikkhyllene til hausten.

GoldenEye 007 (Wii)

Meir snop på lager

Utover i programmet dukka godaste Warren Spector opp på scena for å demonstrere Epic Mickey. Spelet ser ut til å kunne ha fått seg i grafisk overhaling sidan dei første bileta vi såg frå spelet, og ser no riktig så lekkert ut. Vi skal sjå nærare på denne spanande tittelen medan vi er i solstaten, og vil kome tilbake med utfyllande stoff om kort tid.

Les også
Anmeldelse:

Då Spector hadde tusla av scena var det tid for fleire kunngjeringar. Den elskverdig ballen Kirby er endeleg tilbake i eit nytt eventyr, og dette blir etter alt å døme noko heilt spesielt. Spelet har fått namnet Kirby's Epic Yarn, og namnet seier det meste. Både Kirby og alle andre skapningar er laga av det som ser ut som garntrådar, og dei lev i ei verd som gir ein illusjon av at den er laga av diverse stoff sydd oppå kvarandre. Det er både vakkert, abstrakt og absurd på ein og same gong.

Ei enda større kunngjering var at Retro Games (kjend frå Metroid Prime-spela på Gamecube og Wii) er i gong med eit nytt Donkey Kong-spel. Dette blir Donkey Kong i skikkeleg Donkey Kong Country-stil, og den utfyllande videoen vi fekk presentert fekk det til å krible i henda. Blir ikkje dette kanon underhaldning er det berre å legge spelmediet på hylla for all ettertid.

Nintendo viste i tillegg til dette ein ny video frå Metroid Other M, og skrytte mykje av kor bra Dragon Quest IX har gjort det i Japan. Vi får sjå kva som skjer når spelet dukkar opp i vesten i juli.

Pangavslutning

På tampen av showet var det tid for det som ved sidan av Zelda var det store høgdepunktet. Endeleg skulle vi få sjå Nintendo 3DS for første gong. Reggie sette i gong med å latterleggjer 3D-brillene du må ha om du skal oppleve 3D på ein TV, noko eg eigentleg kan sjå meg einig i. Kan Nintendo klare seg utan, kan dei store TV-produsentane få til det same.

Nintendo 3DS.

Kor kraftig 3D-effekta skal vere kan du justere sjølv via ein skyveknapp på sida av maskina. 3DS får i tillegg til 3D ein såkalla «Slide Pad» som kan brukast som analogstikke. Etter å ha prøvd denne i aksjon kan eg konstatere at den er særs behageleg, og knuser analogstikka Sony brukar på sine PSP-maskiner.

Maskina får i tillegg to kamera du kan bruke for å ta dine eigne 3D-bilete, ein artig detalj som kan brukast til kreativ utforsking. Det viktigaste spørsmålet blir likevel om Nintendo held det dei lovar. Går det an å få skikkeleg 3D utan briller? Svaret kom gjennom det som må vere dei vakraste jentene i LA. Det har jo seg slik at om du er på ei messe så sørgjer alle selskapa som viser seg fram for å hyre inn det som kan krype og gå av søte jenter. I Nintendo sitt tilfelle hadde den massive flokken med damer ein 3DS lenka fast til kroppen (takk, begge deler?), og i tur og orden fekk vi sjå nærare på maskina.

Det vi fekk sjå var ein liten demofilm som viste forskjellige Nintendo-figurar i meir eller mindre animerte sekvensar. Kvaliteten på grafikken var over Wii-nivå, men det var 3D-effekta som imponerte. Du kan eigentleg berre gløyme briller no. Nintendo 3DS viser 3D like godt som noko anna, og det utan ekstra tilbehør. Ved å dytte på stikka kunne vi rotere kameraet rundt figurane i demofilmen. Motiva sprett ut av skjermen, og gir samtidig ein god illusjon av djupne i biletet.

Nintendo har sørgja for å hyre inn ei lang liste med utviklarar til å produsere titlar for maskina. Alt frå Metal Gear Solid og Kingdom Hearts til DJ Hero og Dynasty Warriors er på veg. Størst merksemd fekk likevel kunngjeringa av at Kid Icarus endeleg tilbake i det nye spelet Kid Icarus Uprising, berre på 3DS.

Kid Icarus (3DS).

Mykje i vente

Nintendo 3DS lovar unekteleg veldig godt. Maskina er slank og lekker, har ein flott 3,5 tommers skjerm i tillegg til ein vanleg trykkskjerm, og leverer 3D av imponerande kvalitet. I tillegg til dette vil spelet kome med ei fascinerande nettløysing. Uavhengig av om du har maskina på eller ikkje, vil 3DS kunne kople seg til andre 3DS-maskiner eller trådlause nettverk for å laste ned oppdateringar til spela dine. Kvar gong du startar opp maskina kan du ha nye ting å kose deg med. Dette kan vere alt frå nye kart, til forskjellige oppdrag og utfordringar. Det vil heller ikkje kost deg ei øre.

Med Nintendo sine avsløringar på E3-messas andre dag demonstrerte dei igjen kven som er leiaren når det kjem til innovasjon. Xbox Kinect er kanskje nyskapande i sitt kontrollarlause format, og PlayStation Move kjem nok til å by på mange underhaldande spel, men begge følgjer i fotefara til Nintendo. Med Nintendo 3DS tek det over hundre år gamle selskapet atter ein gong dristige steg inn i framtida. Med ei herleg liste nye spel du kan kose deg med mellom henda eller framfor TV-en, ser framtida svært lys ut for dei kreative japanarane.

Siste fra forsiden