Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Sony lanserer ny konsoll, og vi klør i armar og bein.

Tradisjonen tru blir november årets største og viktigaste spelmånad. Bombastiske ord kanskje, i og med at vi ikkje er i gong med den siste haustmånaden heilt enno, men det herskar ingen tvil om at det er mykje stort i vente.

Er kroppen klar?
Er kroppen klar?

Aller størst blir naturlegvis lanseringa av PlayStation 4, det største hoppet i konsollkraft sidan Microsoft og Sony gjekk inn i HD-alderen for åtte år sidan. Med PlayStation 4 får vi igjen eit solid hopp i maskinvare, og sjølv om mange PC-entusiastar garantert fnys av akkurat dette, har dei likevel grunn til å fryde seg.

Betre maskinvare på alle kantar vil igjen auke taket for kva utviklarane vil tillate seg å gjere på PC, noko som spår gode tider i møte.

Alt anna kjem strengt tatt litt i skuggen denne månaden, men om vi ser nærare på lanseringsspela som kjem 29. november er det strengt tatt ikkje så frykteleg imponerande likevel. Dei fleste av spela er eller blir tilgjengelege på fleire plattformer, og lista med heilt eksklusive PlayStation 4-spel er faktisk ganske kort.

Med det sagt hoppar vi i det, med PlayStation 4-titlane først.

Killzone: Shadow Fall

Plattform: PlayStation 4
Ute: 29. november

Neste generasjon er her!
Neste generasjon er her!

Killzone: Shadow Fall var nok det spelet som sperra opp flest auge under Sony si PlayStation 4-avduking i februar. Med blendande lekker grafikk som presenterte eit Killzone ganske fjernt frå dei mørke spela vi har sett før, blei det kjapt tydeleg at dette ville bli eit ganske anna Killzone enn vi er vande med. Vi tok ein kikk på spelet under E3-messa tidlegare i år:

«På mange måtar er Killzone: Shadow Fall det perfekte lanseringsspelet for Sony. Det hintar til kva neste generasjon kan bringe, utan å fyre av på alle sylindrar med ein gang. Litt meir spenstige designval hadde dog ikkje vore å forakte, men dei nye snikekrumspringa gjer det betydeleg meir spanande enn nok eit reinspikka Killzone-spel.»

Les meir om Killzone: Shadow Fall, finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

Knack

Plattform: PlayStation 4
Ute: 29. november

Moro for born i alle aldrar.
Moro for born i alle aldrar.

I kamp mot mannevonde tussar har ein smart vitskapsmann skapt Knack, ein robotfyr som veks etter kvart som han plukkar opp gjenstandar. Det er ikkje berre storleiken som endrar seg, roboten kan i tillegg endre eigenskapar alt etter kva den plukkar opp. Spelet kjem får PlayStation 4-arkitekt Mark Cerny. Jens Erik likte det han såg i vår sniktitt:

«Knack har absolutt potensiale til å bli ein av Sonys neste store maskot-titlar, spesielt med ein mann som Mark Cerny bak seg. Hans lange erfaring med seriar som Crash Bandicoot og Jak and Daxter verkar skreddarsydd for å bringe Knack til storleik. Fokuset ligg i stor grad på å skape ei inkluderande oppleving som passar for unge, gamle, erfarne og uerfarne. Om dei klarar dette gjenstår å sjå, men dei ser ut til å vere på rett vei.»

Les meir om Knack, finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

Dette er dei einaste storsatsingane frå Sony i samband med PlayStation 4-lanseringa, og er samtidig dei einaste ekslusive PlayStation 4-spela som får butikklansering. Dei resterande titlane som dukkar opp på lanseringsdagen er for det aller meste spel som òg dukkar opp, eller har dukka opp, på andre plattformer. Eit unntak er fargerike Resogun frå Super Stardust-utviklarane. I tillegg blir fleire PS Vita- og PlayStation 3-spel som flOw og Escape Plan tilgjengelege på PlayStation 4 på lanseringsdagen.

Call of Duty: Ghosts

Plattform: Windows, Wii U, Xbox 360, PlayStation 3, Playstation 4
Ute: 5. november (PS4 29. november)

Aldri eit år utan Call of Duty.
Aldri eit år utan Call of Duty.

Eit nytt år betyr eit nytt Call of Duty. I år har Infinity Ward sett seg ferdige med Modern Warfare, og har i staden laga eit spel der mykje av fokuset ligg på sniking. Samtidig har spelet fått mykje merksemd grunna hunden Riley som du kan ta direkte kontroll over. Som vanleg er det nok derimot ikkje historia folk flest er ute etter. November kan raskt bli ein månad der Call of Duty-serien atter ein gong dyttar det meste ned frå «mest spelt»-lista. For å sikre seg dette har Infinity Ward laga ein ny modus der du kan kjempe mot illsinte romvesen. Vi har tatt ein kikk på einspelardelen:

«Den nye settinga verkar interessant, med eit fokus på sniking i tematikken som eg har sakna frå serien i ei god stund. At fokusskiftet fører til ei stor endring i korleis ein spelar Call of Dutys einspelardel har eg lita tru på, men ein skal aldri si aldri.»

Les meir om Call of Duty: Ghosts , finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

Contrast

Plattform: Windows, Xbox 360, PlayStation 3, PlayStation 4
Ute: 15. november (PS4 29. november)

Lekre Contrast lovar å by på noko heilt spesielt.
Lekre Contrast lovar å by på noko heilt spesielt.

I Contrast møter vi den vesle jenta Didi som saman med ein vakker akrobat må kome seg gjennom ei metaforisk framstilling av hennar personlege problem. I rolla som akrobaten møter du utfordringar som blandar saumlaust plattformsekvensar i tre og to dimensjonar. Medan du ventar kan du sjekke ut vår sniktitt på Contrast, der vi var svært nøgde med det vi såg:

«Det treng ikkje vere stort for å vere flott. Contrast er eit lite spel du kan laste ned og heilt sikkert runde i løpet av ein kveld, men det gjer det på ingen måte mindre verd enn større titlar. Compulsion Games ser ut til å ha skapt noko heilt spesielt. Contrast byr på ei svært spanande verd som sender deg inn i uhyre stemningsfulle område der du får utforske fleire dimensjonar medan du prøvar å hjelpe den vesle jenta Didi.»

Les meir om Contrast, finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

Need for Speed: Rivals

Plattform: Windows, Xbox 360, PlayStation 3, PlayStation 4
Ute: 21. november (PS4: 29. november)

Full fres i Need for Speed: Rivals.
Full fres i Need for Speed: Rivals.

Årets store racingspel blir utan tvil Need for Speed: Rivals. Ikkje så rart kanskje, sidan dei store konkurrentane alle har blitt utsett til neste år. Årets Need for Speed-spel kjem frå svenskane i Ghost Games i samarbeid med racingekspertane hose Criterion. Som vanleg kan vi vente oss mykje fart, spenning og action.

Som namnet tilseier får rivalisering eit solid fokus i Need for Speed: Rivals. I likskap med Hot Pursuit kan du velje mellom å spele som purk eller råkøyrar. I ei opa verd får du tilgang på spenstige verkty som EMP-bølgjer og vegsperringar for å hamle opp med konkurrentane. Med sitt nye AllDrive-system lovar utviklarane å viske ut den tradisjonelle linja mellom einspelar og fleirspelar i eit spel der du saumlaust kan gå frå å spele aleine til å spele med andre.

Les meir om Need for Speed: Rivals , finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

Tearaway

Plattform: PS Vita
Ute: 22. november

Spelet for papirentusiastane.
Spelet for papirentusiastane.

Plattformspelet Tearaway kjem frå LittleBigPlanet-skaparane Media Molecule. Som med deira førre storsuksess blir Tearaway eit plattformspel, men likskapane stoggar der. I Tearaway er alt laga av papir, og i denne snodige verda må du hjelpe helten med å få alt på rett kjøl igjen. Slemme beist har innvadert papirverda, og ved å bruke PS Vita-kontrollane til det fulle kan du lage nye vegar eller dytte fiendar ut av spelet. Vi tok ein kikk på dette lovande spelet under GamesCom-messa tidlegare i år.

«Tearaway er eit spanande plattformeventyr, der fokuset på papir er altoppslukande. Den grafiske tilknytninga er det første ein legg merke til, og her har utviklarane tatt det heilt ut. Figurar og omgjevnadar er gjengitt med en stop-motion-aktig stil som lar dei ulike papirelementea samhandle og bevege seg med imponerande naturlegheit. Det skadar heller ikkje at det ser heilt fabelaktig ut, med fargar og kreative løysingar i alle baugar og kantar.»

Les meir om Tearaway, finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

The Legend of Zelda: A Link Between Worlds

Plattform: 3DS, 2DS
Ute: 22. november

Nostalgisk heisatur i The Legend of Zelda: A Link Between Worlds.
Nostalgisk heisatur i The Legend of Zelda: A Link Between Worlds.

Vår kjære Link er tilbake på 3DS denne hausten. I ein sjarmoffensiv mot den eldre garde har Nintendo valt å lage ein oppfølgjar til det klassiske Super Nintendo-spelet A Link to the Past. Her reiser vi tilbake til den same verda vi kjenne frå klassikaren, men får ein del nytt å bryne oss på. Til dømes kan Link gli inn i veggane som eit måleri for å kome seg til stadar som elles hadde vore utilgjengelege. I vår sniktitt meinte vi at dei nye elementa tvingar deg til å tenkje nytt:

«Dei nye spelmekanikkane verkar veldig spanande, spesielt evna til å bli til ei levande teikning og fusjonere med veggane. Det tvingar deg til å tenke nytt og gjer det som ein gang var hindringar om til nye stiar. Forhåpentlegvis får vi nokre slue gåter ut av denne funksjonen. Eg synest også det auka fokuset på vertikalitet er eit interessant tillegg til serien.»

Les meir om The Legend of Zelda: A Link Between Worlds, finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

Super Mario 3D World

Plattform: Wii U
Ute: 29. november

Super Mario gjer hausten varmare.
Super Mario gjer hausten varmare.

Som forventa er Bowser på ferde igjen. I denne oppfølgjaren til 3DS-spelet Super Mario 3D Land er det derimot ikkje Prinsesse Peach som er offeret. I staden har Bowser fanga den feliknande skapningen Sprixie og venene hennar. Med det legg Mario, Luigi, Prinsesse Peach og soppen Toad ut på jakt for å rydde opp i rotet og gi Bowser ein ny lærepenge.

Som i Super Mario 3D Land byr 3D World på sideskrollande plattformaction i eit tredimensjonalt univers der du kan springe fritt inn og ut i skjermbiletet. Du kan velje mellom dei fire heltane, og alle vil ha sine eigne unike eigenskapar. Mario er stereotypen, medan Luigi kan hoppe høgre, Peach kan gli gjennom lufta, og Toad spring som ein helt. I tillegg kan du vente deg eit fokus på mange sære gjenstandar som gir nye eigenskapar, og ein fleirspelarmodus for fire spelarar.

Les meir om Super Mario 3D World, finn beste pris, skjermbilder og leseranmeldelser.

Kaotisk

Det herskar ingen tvil om at november blir ein kaotisk måned. I tillegg til eit mylder av store og små spel får vi ein heilt ny konsoll som sender oss med eit plask inn i neste generasjon. Det er som vanleg mykje meir i vente enn det vi har nemnt så langt.

X Rebirth lovar å by på galaktiske utfordringar.
X Rebirth lovar å by på galaktiske utfordringar.

Om du er av den krigerse sorten kan det kanskje freiste med litt fleirspelaraction i World of Warplanes frå utviklarane av World of Tanks. Neste stopp bør bli World of Submarines. Om dette blir for grått for deg kan det kanskje passe med eit nytt eventyr med Ratchet & Clank i Into the Nexus. Det blir meir fargerik moro for Marvel- og LEGO-fans i LEGO Marvel Super Heroes.

For taktikaren i deg blir det gode ting å bite tenna i denne månaden. Den etterlengta romskipsimulatoren X Rebirth kjem omsider i hende, og for dei som vil ha litt mir detaljstyring på soldatar kjem XCOM frå FirAxis i ny og utvida versjon.

Eit anna etterlengta spel som kjem i november er Baldur's Gate II: Enhanced Edition. Om vi held i tankane kor bra det gjekk med oppussinga av det første Baldur's Gate bør dette vere nok å glede seg til.

Dett var dett. Nyt månaden og hugs eit par minutt med kvile i timen.

Contrast Windows

Contrast X360

Need for Speed: Rivals X360

Contrast PS3

Call of Duty: Ghosts PS4

Need for Speed: Rivals Windows

Call of Duty: Ghosts Windows

Call of Duty: Ghosts PS3

Tearaway Vita

Killzone: Shadow Fall PS4

X Rebirth Windows

Knack PS4

Call of Duty: Ghosts Wii U

The Legend of Zelda: A Link Between Worlds 3DS

Call of Duty: Ghosts X360

Super Mario 3D World Wii U

Need for Speed: Rivals PS4

Contrast PS4

Sony PlayStation 4

Contrast Windows Windows PS3 X360 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. november 2013
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: Compulsion Games

Beste priser

Nedlasting 89,- Til butikk
Ikke på lager 99,- Til butikk
Ikke på lager 99,- Til butikk

Contrast X360 X360 PS3 Windows PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. november 2013
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: Compulsion Games

Need for Speed: Rivals X360 X360 PS3 Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. november 2013
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: EA Games
  • Utvikler: Ghost Games

Contrast PS3 PS3 Windows X360 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. november 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: Compulsion Games

Call of Duty: Ghosts PS4 PS4 Wii U Windows X360 PS3 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. november 2013
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Infinity Ward

Beste priser

Ukjent lagerstatus 284,- Til butikk
På lager 299,- Til butikk
Ikke på lager 301,- Til butikk
Forventet lagerdato 325,- Til butikk

Need for Speed: Rivals Windows Windows PS3 X360 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. november 2013
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: EA Games
  • Utvikler: Ghost Games

Beste priser

Ikke på lager 75,- Til butikk

Call of Duty: Ghosts Windows Windows Wii U X360 PS3 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. november 2013
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Infinity Ward

Beste priser

Ikke på lager 279,- Til butikk

Call of Duty: Ghosts PS3 PS3 Wii U Windows X360 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. november 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Infinity Ward

Beste priser

På lager 59,- Til butikk
På lager 103,- Til butikk
På lager 199,- Til butikk
På leverandørlager 199,- Til butikk

Tearaway Vita Vita

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. november 2013
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: Media Molecule

Beste priser

På lager 229,- Til butikk
På lager 499,- Til butikk

Killzone: Shadow Fall PS4 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. november 2013
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: Guerrilla

Beste priser

På lager 187,- Til butikk
På lager 199,- Til butikk
På lager 199,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk

X Rebirth Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. november 2013
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Deep Silver
  • Utvikler: Egosoft

Beste priser

Ikke på lager 179,- Til butikk
Ikke på lager 179,- Til butikk
Nedlasting 359,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk

Knack PS4 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. november 2013
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Sony Computer Entertainment
  • Utvikler: Sony Computer Entertainment

Beste priser

Ikke på lager 198,- Til butikk
Ikke på lager 199,- Til butikk
Forventet lagerdato 242,- Til butikk
Ikke på lager 549,- Til butikk

Call of Duty: Ghosts Wii U Wii U Windows X360 PS3 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. november 2013
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Infinity Ward

Beste priser

På lager 149,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk
Ikke på lager 399,- Til butikk
På lager 495,- Til butikk

The Legend of Zelda: A Link Between Worlds 3DS 3DS

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. november 2013
  • Plattform: Nintendo 3DS
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Nintendo

Beste priser

På lager 149,- Til butikk
På lager 149,- Til butikk
På lager 149,- Til butikk
På lager 149,- Til butikk

Call of Duty: Ghosts X360 X360 Wii U Windows PS3 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. november 2013
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Infinity Ward

Beste priser

På lager 249,- Til butikk
Ikke på lager 329,- Til butikk

Super Mario 3D World Wii U Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. november 2013
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Nintendo

Beste priser

På lager 279,- Til butikk
På lager 279,- Til butikk
Forhåndsbestill 279,- Til butikk
Forhåndsbestill 279,- Til butikk

Need for Speed: Rivals PS4 PS4 PS3 Windows X360 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. november 2013
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: EA Games
  • Utvikler: Ghost Games

Beste priser

Ikke på lager 198,- Til butikk
Ikke på lager 429,- Til butikk
På lager 445,- Til butikk
Ikke på lager 449,- Til butikk

Contrast PS4 PS4 PS3 Windows X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. november 2013
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: Compulsion Games

Sony PlayStation 4   Les mer »

Beste priser

Forventet lagerdato 2 990,- Til butikk
Ikke på lager 2 999,- Til butikk
Ikke på lager 2 999,- Til butikk
På lager 3 290,- Til butikk

Kommentarer (24)

Forsiden akkurat nå

Til toppen