Feature

Reisebrev: E3 2010, dag 1

Stordalen? Phø!

Ein ekstremt påkosta fest, og eit smørbrød med gras.

LOS ANGELES (Gamer.no): Eg har for vane å vere ganske gretten når eg skriv blogg. Ikkje i dag. Dette er ein slik dag eg vil tippe svært få på noko tidspunkt i livet i sine villaste fantasiar draumar om å oppleve.

«Lasse bestilte noko som for mine auge såg ut som frityrsteikt oppkast.»

Men vi må byrje med starten. Eg og Lasse sov merkverdig lite denne natta. Vakna tidleg, starta tidleg, og gjorde eit tappert forsøk på å få oss litt mat. Dette òg ganske tidleg. Vi enda opp på ein restaurant/diner med det klengjande namnet «Grinder». Lasse bestilte noko som for mine auge såg ut som frityrsteikt oppkast, og eg makta etter grundig studie av menyen å finne «California Vegetarian». Det er svært tydeleg at det ikkje er mange veggisar her. Først skjønte ikkje servitrisa kva eg ba om, før den lettare overvektige dama kom med eit lattermildt «Oooh, grass-sandwich».

Furten? Eg? Neida. Eg humra for meg sjølv og tenkte som så at bilringane hennar talte mi sak.

Turen bar vidare til Microsoft sin årlege pressekonferanse. Her demonstrerte dei både at dei har gode spel i vente, og at dei meiner alvor med Kinect. Eg trur eg må skaffe den boksen berre for å kunne seie «Xbox På». Eg likar sånne småfuturistiske ting. Strengt tatt varr vi ikkje mektig imponerte over kva Microsoft hadde å by på. Vi fekk ikkje bakoversveis akkurat, og overraskingane var få. Den største var (sjølv om bilete allereie hadde dukka opp på nett) den nye Xbox-maskina, som er mindre og stillare enn sin storebror. Vi fekk erfare det vi på godt norsk kan kalle skikkeleg smøring då Don Mattrick kunngjorde at alle i salen ville få ei ny maskin tilsendt i posten.

Etter Microsoft bar det vidare til Electronic Arts der vi fekk annonsert det nye Need For Speed: Hot Pursuit. Det ser jo snasent ut. Utgjevaren viste òg frem den nye Gun Club-satsinga, hvor sosiale nettverk og brukarprofilar står i sentrum kan byggje solide samfunn rundt EA-sine spel.

Activi$ions egotripp

Alt dette var eigentleg berre for barnemat å rekne samanlikna med det kalaset Activision inviterte oss på. På heimebana til LA Lakers skulle det bli fest. Stor fest. Og dette er ein fest av eit slikt kaliber at det berre kan samanliknast med den årlege Grammy-utdelinga, utanom prisane.

DJ Z-trip. (foto: pinguino/Flickr)

Det heile starta roleg med (for meg og Lasse) ukjende DJ-en Z-trip. Han spelte nokre låtar ei god stund medan folk kom på plass, og fekk opp stemninga blant folket på bakkenivå. Eg og Lasse hamna oppe i VIP-avdelinga og var vitne til det heile med svært god utsikt (om vi ignorerer alle idiotane som trur det er heilt greitt å berre stille seg opp i ei gjennomfartsåre).

Deretter kom ein ny DJ opp frå bakken ved sidan av ein catwalk som delte publikum i to. Deadmau5 med musemaska laga godt med liv, og Lasse var tydeleg begeistra. Personleg ser eg ikkje heilt verdien i å mikse saman andre sine låtar, men kvar sin smak. Kort tid etter dukka kollega David Guetta opp frå bakken på andre sida av catwalken, og for andre gong i løpet av kvelden fekk vi servert ei dårleg Black Eyed Peas-låt eg er stolt over å ikkje kunne namnet på.

Dette var berre oppvarming, for etter at Guetta entra alle småjenter sin draum scena i eit spenstig lasershow. Eg ser på meg sjølv som rimeleg inhabil på sjangeren som blei presentert, men eg var tydeleg vitne til at damene i salen hylte og skreik ein god del av å sjå RnB-suksessen Usher ta til scena. Han kom òg opp frå bakken, men denne gong frå tuppen av catwalken. Allereie her ante eg og Lasse at Activision hadde brukt latterlege mengder med pengar på denne kvelden, men tru meg, det blei verre.

Vi let oss ikkje kjøpe!

Etter Usher blei det ei lita pause slik at skikkelege arbeidskarar kunne rydde litt på scena. Kort tid etter dukka Z-trig opp – igjen – og spelte nokre låtar medan klipp frå Tony Hawks siste spel rulla over den massive skjermen bak scena. Etter planen skulle Tony Hawk og hans glade skatefølgje kose seg på ei skaterampe som kom ned frå taket, men i følgje ein riggemann eg bomma ein røyk til før eg entra lokalet, måtte dei skrinleggje den planen. Rampa enda opp med å gjere det vanskeleg for delar av publikum å sjå kva som skjedde, og i staden rulla Tony Hawk og gjengen hans over scena før dei forsvann for godt.

Dette gjor derimot ingenting, for det som kom etter Tony Hawk kjem til å gå ned i historiebøkene. Saman med LA Symphonic Orchestra, og det vi er ganske sikre på var Joe Satriani, framførte Tool- og A Perfect Circle-vokalist Maynard James Keenan Bohemian Rhapsody av Queen. Det var mektig. Hr. Keenan har stemma til ein gud, og sjølv om du har sett han live mange gongar, har du god grunn til å felle nokre tårer over å ha gått glipp av dette.

«Hr. Keenan har stemma til ein gud, og sjølv om du har sett han live mange gongar, har du god grunn til å felle nokre tårer over å ha gått glipp av dette.»

Etter bohemsk rapsodi entra Jane's Addiction scena, og spelte litt god gammaldags glamrock for eit publikum eg mistenkjer for å ikkje ha fått med seg kva legender vi hadde med å gjere. Eg kosa meg i alle fall, det er sikkert.

Kosa oss gjorde vi alle då Chris Cornells herlege stemme brått delte lufta i to. Saman med det filharmoniske orkesteret framførte han Soundgarden-klassikaren Black Hole Sun til stor applaus frå publikum.

Vi overgir oss!

På dette tidspunktet var både eg og koseguten Lasse ganske desorienterte og forvirra, og det passa i så måte ganske bra at ein lang pole dukka opp på tuppen av catwalken, berre for at ei lekker dame i minimalt med klede skulle klatre og åle seg både opp og ned i fritt fall. Det er vanskeleg å ikkje bli fascinert av ei dame som tar spagat midt i lufta medan ho held seg fast med hofta. Kall meg imponert og du har ganske rett.

Og så tok det av. N.E.R.D. entra scena og fekk opp takta ganske mange hakk. Dei spelte nokre populære låtar og hausa opp publikum ved å hevde at Activision er det beste spelselskapet i verda. Eg veit om nokre tidlegare Infinity Ward-ansatte som sannsynlegvis ikkje ser seg heilt einige i akkurat den påstanden.

Etter nerdegruppa kom ei dame verken eg eller Lasse har høyrt om før. Reha kom opp frå bakken liggjande på ein motorsykkel, før ho lata som om ho spelte gitar medan ho framførte ei låt for oss. Vi var ikkje så veldig imponerte av dette, for å seie det mildt. Det mest interessante med denne sekvensen var utvilsamt bølingen med godt trente dansarar som rista på alt det som ristast kan.

På dette tidspunktet var vi nær slutten, og Activision såg det på sin plass å vise oss ein film frå Call of Duty: Black Ops medan orkesteret spelte musikk til. Det heile tok av så til dei grader at det nesten blei for dumt. Flammar slikka veggane, og fyrverkeri slå i taket for kvart skot som blei avfyrt. Lyden på desse sakene er massiv, og eg kunne hatt godt av ein øyrepropp eller to.

Eminem opptrer sammen med Rihanna. (foto: Black Nerd/Flickr)

Le Grande Finale

Heilt på tampen kom sjølvsagt hovudattraksjonen. Vi hadde høyrt rykte om både Lady Gaga og Beyonce, men ingen av dei dukka opp. Det vi fekk var Eminem i storform, akkompagnert av eit supertight liveband med trommis Travis Parker i spissen. Eg vil tru du kan tenkje deg sjølv kva dette gjorde med publikum. Eminem har eit scenetekke som ikkje liknar grisen, og sjølv for ein person som aldri har likt ein einaste rap/hip hop-artist (forutan Saul Williams) var det umogleg å ikkje blir reven med.

Som om det ikkje var nok drog han med seg Rihanna opp på scena for eit nummer som fekk meg til å sjokkert måtte innsjå at dama faktisk kan synge. Etter «duetten» spaserte Rihanna ut i mørket, før Eminem runda av showet med den bombastiske låta Lose Yourself framfor eit publikum som eg vil tru hadde nådd grensa for kva dei kunne takle i løpet av ein kveld.

Eg har ikkje stort meir å seie enn akkurat det. Både eg og Lasse er mentalt og fysisk utslitne av enormt mange inntrykk, og i morgon ber det i veg på nye oppdrag.

Merk: På grunn av treg nettkobling og dårleg tid har vi ikkje fått lastet opp nokon av våre eiga bilete.

Siste fra forsiden