Feature

Reisebrev: Gamescom 2010, dag 4

Naken i heisen

Messa er open for publikum, helvete er kaldare enn dette.

KÖLN (Gamer.no): I dag har eg stått i ein heis saman med to uforsvarleg velforma jenter kledde frå topp til tå i ... verdas minste bikiniar. Eg trur eg aldri før i mitt liv har erfart ein heistur som har tatt lengre tid. Eg synest det er direkte frekt og skammeleg å gå rundt slik. Det einaste resultatet ein endar opp med er ein panikkslagen speljournalist frå Noreg som prøvar å sjå på alt anna enn rompe og pupp, noko som er ekstremt vanskeleg når veggane i heisen er dekt med speglar!

Gult er kult. (Bilde: Mikael H. Groven (Gamer.no)

Ein vil jo ikkje vere frekk, så ein tar fram mappa frå bagen og latar som om ein kikar på programmet til ein høyrer eit «pling» og omsider kan puste igjen. Det som har slått meg i ettertid er at jentene var i heisen før eg gikk inn, samt framleis var i den då eg gjekk ut. Om dette er ein plan om å setje alle journalistar ute av spel er den forferdeleg dårleg, sinnssjukt effektiv og gjennomført frekk, men la gå. Nok om damer som ikkje veit å kle på seg.

Armageddon

Dette har vore den dagen i veka då tyske messearrangørar finn det for godt å opne slusene for publikum. Dette er mildt sagt ein horribel idé. Eg har lyst til å bruke hardare ord enn som så, men eg er redd det ikkje vil kome gjennom sensuren uansett.

Kjære lesar. Du sit kanskje der heime og ynskjer du var meg. Du fantaserer kanskje om korleis det hadde vore å ta seg ein tur på denne messa, og få sjansen til å teste alle dei spela du har lengta etter. No skal eg forklare deg kvifor du kan kaste frå deg denne tanken umiddelbart. Ei spelmesse open for publikum er eit helvete på jord!

Sjå føre deg eit hav. Ei bølgje. Ein tsunami som hevar seg fleire hundre meter over havnivå. Sjå føre deg korleis bølgja kjem nærare og nærare i eit tempo som fortel deg at du burde springe, men du er så panikkslagen at du ikkje greier røre ein einaste muskel. Dette er realiteten. Dette er Gamescom. Det er ei massiv bølgje som grip tak om deg og dreg deg inn i eit dragsug som berre gjer vondt. Det er ikkje ei bølgje av vatn, det er ei bølgje av illeluktande nerdar med kringler i munnen og enorme baggar i henda fulle av alt det skrotet dei har prestert å raske med seg frå distributørar som veit korleis dei skal selje noko billeg.

Sjå no føre deg at du står ved starten av ein veg. Langt fram i horisonten ligg målet ditt. Langt der framme ligg staden du veit du skal møte opp på om fem minutt, men mellom deg og den staden ligg bølgja. Ikkje berre er det ei bølgje som får deg til å ville skrike i panikk, men du må stupe gjennom den som ein røykdukkar i eit brennande hus.

Det blir kaos når gratis stæsj deles ut. Bilde: Lasse Lervik (Gamer.no)

Det er traumatisk på alle måtar, og eg har ikkje ein gong sagt kva eg meiner om alle dei som faktisk er villige til å stå to timar i kø for å få med seg kanskje femten minutt av eitt eller anna spel. Vel, dedikasjon har dei no, det skal dei ha. Litt imponerande er det, sjølv om det nesten får meg til å lure på kva eg driv med.

Alt vel, ta det med ro

Eg meiner ikkje å klage, men eg måtte få dette ut av systemet. Å få ting ut er eit viktig ledd i dei fleste former for terapi, og no føler eg meg mykje betre allereie. Eg er faktisk klar til å fokusere på positive ting. Eg kunne ha sutra over å ha gløymt kameraet på hotellet, men eit par kilo mindre å bere på i løpet av dagen gjor fantastisk godt i dag.

Det fine med slike messer som Gamescom er at du i stor grad kan halde deg langt unna desse folkemassane. Oss heilage journalistar har tilgang på heilt spesielle område som vanlege dødelege ikkje får setje foten innanfor. Her får vi teste spel i ro og mak, og snakke med utviklarane utan å måtte brøle for å kome fram gjennom ein vegg av høgfrekvent lyd.

Dagen har for min del hatt eit svært godt utbytte. Eg har snakka med ikkje mindre enn fire japanarar, og eg blei faktisk rimeleg fascinert av alt dei viste. Eg skal ikkje nemne spesielle namn, men det kjem nok sannsynlegvis eit intervju eller to på Gamer.no snart som omhandlar knyttnevar og føter i Capcom-regi.

Vi møtte Michael Jordan. Bilde: Mikael H. Groven (Gamer.no)

Kva Lasse og Mikael har gjort i dag er eg neimen ikkje heilt sikker på. Mikael har eg ikkje sett sidan i dag tidleg, og Lasse ligg og søv medan eg skriv. Du kan mildt sagt seie at vi er rimeleg utslitne alle i hop, og etter dagen på messa var over måtte eg ha eit par timar med total avkopling frå alt som krev liv mellom øyra før eg kunne summe kroppen til å gjere noko som helst.

Nei, eg må skrive meir om spel før eg legg meg, så eg seier takk for no.

PS. Eg bestilte pizza på hotellrommet i dag, sidan eg ikkje orka joine Mikael og Lasse for middag ute. Før det åt eg ein middelmåtig pasta på messa, berre for å oppdage at dei hadde salat akkurat litt for seint. No veit eg betre, og i morgon blir det andre bollar. Kva Mikael og Lasse åt kan eg ikkje seie med hundre prosent tryggleik, men eg veit Mikael var ekstremt skuffa over svineknoka han åt. Det kan eg forstå. Det var ein knoke. Av svin. Eit levande dyr. Eg likar ikkje slikt.

Siste fra forsiden