Sjå 4K-bilete og -film av det flotte landskapet i The Witcher 3-tilleggspakken

Gamer.no viser fram den imponerande grafikken i Toussaint-området.

Klikk på bileta og trykk «Vis original» for å sjå fullverdige 4K-versjonar. 

Blood and Wine markerar det siste eventyret vårt med Witcheren Geralt. Etter tre massive spel basert på ein stor bokserie, er reisa komen til ein ende. Og for ein ende det blei.

Utvidinga er eit av dei mest omfattande laga til eit spel nokosinne. Den har eit glimrande nivå- og lyddesign, med landskap henta rett ut av eit eventyr. Til tider må ein bare stoppe opp for å sjå seg rundt, for utviklaren har verkeleg klart å bringe landskapet til live. 

Nye eventyr

Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Blood and Wine tar Geralt og spelaren med til området Toussaint. Overflatisk verkar det som eit paradis i forhold til dei andre regionane i spelet, men det kjem fort fram at noko ikkje er heilt som det skal. 

Geralt blir kontakta av hertuginna i Toussaint, Anna Henrietta. Ei rekkje mord har gjort det naudsynt å tilkalle den berømte monsterjegaren. Spelaren blir satt til å løyse eit mysterium som ein fort ser er komplekst, og tvinger ein til å ta vanskelege val.  

Toussaint og byen Beauclair baserer seg på Sør-Frankrike, men hentar også inspirasjon frå mange andre plassar i Europa. Fyrst og fremst framstår det som overnaturleg vakkert. 

Blood and Wine har allereie fått grafikkmodifikasjonar

Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ljossettinga i den nye utvidinga har fått ein solid overhaling. I motsetning til det dystre ljoset i nordrika, har Toussaint eit heilt anna preg. Dei blasse fargane har blitt erstatta med eit mykje rikare fargespektrum, som er ein rein fryd for auget. 

Allereie er det fleire grafikkmodifikasjonar tilgjengelege til Blood and Wine, slik at ein kan skreddarsy grafikken til sin eigen smak. Nyleg kom det og ut nokre modifikasjonar som lar ein utvide grafikkmenyen i spelet, som gir mykje fleire moglegheiter for tilpassing. Blant anna kan ein mangedoble mengden med gras som visast. Dette har stor verknad på biletefrekvens, men det ser utan tvil flott ut. 

Det enklaste ein kan gjere for å forbetre grafikken, er å justere oppløysinga. Alle som har eit relativt nytt NVIDIA- eller AMD-skjermkort har moglegheit til å oppskalere oppløysing i dei fleste spel (gjeld ikkje alle bærbare datamaskinar) . Dette gjerast med NVIDIA sin «Dynamic Super Resolution»-teknologi, og med AMDs «Virtual Super Resolution»-teknologi. Viss ein har ein 1920x1080-skjerm kan ein lett oppskalere til både 2560x1440 (Quad HD), og 3840x2160 (Ultra HD), men det vil sjølvsagt gå utover biletefrekvensen. For å få ein akseptabel biletefrekvens i Ultra HD vil ein måtte ha eit skjermkort i entusiastklassen, men krava for Quad HD er ikkje fullt like høge.  

Overhaling av dagssyklus

Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dagssyklusen har også fått ein overhaling. Det er mykje større visuelle forskjellar mellom morgon, dag, kveld og natt enn før. Nettene er mørkare, og det er no vesentleg klarare stjerner på himmelen, sjølv om dei ber preg av å vere litt teikneserieaktige. Soloppgangen endrar heile inntrykket av landskapet betrakteleg, og det same gjer solnedgangen. 

I det heile er det vanskeleg å ikkje bli imponert over detaljrikdomen som CD Projekt RED har klart å fremme. Utviklaren har klart å presse grafikkmotoren til grensa, og har skapt ein verden som er heilt unik i spelindustrien. Blood and Wine representerer ein kunststil som har gjort like stort inntrykk på meg som da eg spelte BioShock: Infinite for fyrste gong. 

Debatten om nedgraderinga av grafikken til The Witcher 3: Wild Hunt er framleis aktuell, men Blood and Wine har tatt spelet i ein heilt anna retning. Sjølv om teksturkvaliteten ikkje er på lik linje med traileren frå 2013, er kunststilen totalt endra, til det betre.  

Under denne teksten kan ein sjå nokre av dei flottaste skjermbileta underteikna har fått knipsa. Videoen på toppen av artikkelen skildrar også dei naturskjønne landskapa frå Blood and Wine. 

Vår anmeldar kalla Blood and Wine eit meisterverk av ei utviding. Sjå også på korleis ein kan skreddarsy The Witcher 3-grafikken til eigen smak. 

Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no
Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no
Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no
Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no
Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no
Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

The Witcher 3: Wild Hunt - Blood and Wine XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2016
  • Plattform: Xbox One

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen