Feature

Slik er den nye grafikken til Skyrim Special Edition på PC og Xbox One

Nye Skyrim gjer mykje bra, men stort sett berre på PC.

The Elder Scrolls V: Skyrim er eit av dei mest populære rollespela det siste tiåret. Det er ambisiøst, enormt og kritikarrost. Det kom kanskje ikkje som nokon overrasking at Bethesda ville pusse opp spelet for den nye konsollgenerasjonen, då me har ei trend for slikt.

Me har samanlikna versjonane av Special Edition på PC og Xbox One med kvarandre, og med den originale PC-versjonen.

Samlepakke med teknisk oppgradering

WhiterunNyPC WhiterunXbox
PC (Special Edition) til venstre, Xbox One til høgre.

The Elder Scrolls V: Skyrim Special Edition kjem ikkje med noko nytt historieinnhald. Det er ein reint teknisk og grafisk oppgradering, ein samlepakke med spelet og alle utvidingane. Seljepunkta for Special Edition er betre grafikk, støtte til modifikasjonar på konsoll, 64-bit-støtte på PC, betre fysikk med høg biletefrekvens og auka grense for grafikkminne på PC.

På PC er det for augneblikket like greitt å spele originalen med modifikasjonar, men det er venta at dei fleste modifikasjonane vil bli tilpassa den nye versjonen innan relativt kort tid. Mods som SkyUI og Skyrim Script Extender er naudsynt for særs mange eksisterande modifikasjonar til Skyrim, men dei er enno ikkje på plass. På bakgrunn av dette er alle skjermbileta i denne artikkelen utan modifikasjonar. Poenget er å vise fram at me har fått eit mykje betre utgangspunkt for modding med tanke på grafikk og yting.

NordljosWhiteRunNY NordljosWhiterunOrg
PC (Special Edition) til venstre, original PC-versjon til høgre.

Både Xbox One og PlayStation 4 har begge låg kapasitet for modifikasjonar, 5 GB på Xbox One og 1 GB på PlayStation 4. Som ein med ei Skyrim-mappe på godt over 100 GB tenkjer eg at dette er alt for lite. Fleire av dei største og beste utvidingsmodifikasjonane som Wyrmstooth, Enderal, Moonpath to Elsweyr og The Gray Cowl of Nocturnal vil ikkje kunne spelast på PlayStation 4, sett at dei blir tilpassa Special Edition.

Dersom ikkje dette var nok til å trekkje deg mot PC-versjonen, er spelet av ein eller anna grunn låst til ein biletefrekvens på 30 på konsoll. Viss utviklaren har gjort dette grunna modifikasjonsstøtte burde dei i alle fall latt oss velje mellom 30 og 60 viss ein ikkje installerte modifikasjonar.

Ute etter eit teknisk solid konsollspel? Me anbefaler Battlefield 1.

Overhaling av grafikk

7 PC Original 7PCNy
Original PC-versjon til venstre, ny til høgre.

Grafikken er utan tvil forbetra, sjølv om dei største framstega er reint tekniske. Teksturane er antakeleg i høgare oppløysing, då trea i Special Edition ser ut som originalens tre i 4K Ultra HD. Dette ser ein òg på plantane, som har overlegen utsjånad ovanfor originalen. Kantutjamninga er milevis betre i den nye versjonen, alt verkar mykje jamnare og vakrare. Spelet brukar kantutjamning av typen «Temporal Anti-Aliasing» på PC, ein meir moderne variant enn 2011-versjonens «Fast Approximate Anti-Aliasing».

Floraen, skuggane og himmelen er kanskje dei største grafiske forskjellane i det nye spelet mot originalen. Mens den klare himmelen i 2011-utgåva alltid verka kvit og tam, har himmelen i Special Edition ein livleg og skarp blåfarge.

Les også
Anmeldelse:
1PCOrg 1PCNy
Original PC-versjon til venstre, ny til høgre.

Partikkeleffektar som eld og røyk har òg fått ei overhaling, og ser jamt over mykje betre ut. Detaljnivået på vegar og bakkar er høgare, med fleire ulike teksturar og små detaljar. Dei fleste områda har òg fått fleire plantar, som visast på omtrent alle bileta.

Teksturar i distansen har blitt ljosare, og utviklaren har auka oppløysinga på teksturar på mellomdistanse frå spelaren. Likevel er teiknedistanse kanskje Skyrims fremste grafiske veikskap, og har ikkje fått nok fokus i Special Edition. Det er ein viss forbetring i forhold til originalen, men det er framleis slik at teksturar som er langt vekke ser veldig kantete ut.

Den nye versjonen verkar også å ha endra fysikkmotoren på PC. Eg får ikkje irriterande problem med vatn og andre karakterar når spelet har biletefrekvens over 60, som ein gjorde i originalen. Dette problemet kunne tulle til heile spelet i 2011-utgåva, der karakterane plutseleg byrja å spinne på staden, mens vatnet laga eit ekstremt spetakkel og blinka som eit juletreljos. Diverre er det folk som har rapportert at problemet framleis er til stades, men det forsvann i alle fall for meg, sjølv med biletefrekvens på 144.

The Elder Scrolls V: Skyrim er kjend for ei lang rekkje med småproblem på både PC og konsoll, Special Edition vil ha mange av dei same. Krasjing er eit utbreidd problem, akkurat som med 2011-versjonen. Det er allereie ein uoffisiell oppdatering som fiksar småproblem, som ein bør installere.

Eit anna problem som angår Special Edition på PC og Xbox One er lydkvaliteten. Mange rapportar har kome om at lydkvaliteten er mykje dårligare i Special Edition enn originalane, då den nye utgåva ikkje brukar .wav-format for lydfilene. Dette vil antakeleg bli fiksa med modifikasjonar, men for dei som ikkje allereie eig spelet kan det vere ein idé å vente på dette.

Trøbbel med biletefrekvens på Xbox One

DoFXbox DoFPC
Xbox One til venstre, PC til høgre. Begge er tatt frå Special Edition.

Special Edition har introdusert nokre tekniske nyvinningar samanlikna med originalen. Til dømes har dei implementert dynamisk djupneskarpheit, som visast på biletet over. Den er ikkje fullt like god som det ein kan få via modifikasjonar, men er særs mykje snillare mot skjermkortet. Djupneskarpheita er lite påtrengande, men den kan slåast heilt av viss ein ønskjer.

Volumetriske skuggestrålar er òg eit av dei grafiske elementa som Bethesda har reklamert for. Det er allereie skuggestrålar på dei originale versjonane, men desse skal vere meir realistiske. Underteikna merka ikkje så veldig mykje forskjell på skuggestrålane i Special Edition og 2011-versjonen, men dei er kanskje litt meir kompakte enn før (sjå botnen av saken for skjermbilete).

4PCOrg StandingStonesXbox
PC (2011-utgåve) til venstre, Xbox One til høgre.

Teksturane på Xbox One plasserer seg litt bak 2016-utgåva på PC. For det meste er versjonane relativt like, men PC-versjonen har vesentleg betre kantutjamning, detaljnivå og nokre betre teksturar her og der.

Xbox One-utgåva er eit enormt steg opp frå Xbox 360-versjonen, det er det ikkje noko tvil om. Problemet er at Special Edition kunne vore så mykje betre på Xbox One, hadde berre utviklaren lagt meir arbeid i å optimalisere spelet. Biletefrekvensen er låst til 30, og den dett ofte langt under det. At biletet rivner er òg eit stort problem, som kombinert med ein elendig rørsleuskarpheit (som ein ikkje kan slå av) gjer Special Edition direkte ubehageleg å spele på Xbox One. Fin grafikk hjelper lite viss det tekniske ikkje fungerer som det skal.

Framsteg for både PC og Xbox One, men i forskjellig grad

7PCNy 7Xbox
PC (Special Edition) til venstre, Xbox One til høgre.

The Elder Scrolls V: Skyrim Special Edition på Xbox One er eit glimrande produkt for den som berre har spelt Skyrim på konsoll tidlegare, og ikkje eig ein PC. Grafikken er eit stort steg fram frå Xbox 360, men det er ikkje mykje anna som er blitt betre. Modifikasjonsstøtta har alt for liten lagringsplass, biletefrekvensen er for låg og spelet slit med tekniske problem. Ein må sjå etter for å finne dei store forskjellane på grafikk mellom PC og Xbox One, men der sluttar likskapen.

For resten av oss er det liten til ingen grunn for eit kjøp av Xbox One-utgåve før det kjem oppdatering med løysing på ytinga. På PC er Special Edition ein gratis oppgradering for dei som allereie eig Skyrim med utvidingane, samt at Special Edition faktisk er bra på PC. Det er eit glimrande utgangspunkt for modifikasjonar på PC, som vil la ein presse maskinvaren enno lengre enn før.

Les også: The Elder Scrolls V: Skyrim Special Edition lar deg bruke lagringsfil frå originalen på PC »

10PCNy 10PCOrg
Volumetriske skuggestrålar på bilete til venstre (Special Edition), mens originalen ikkje har dette (høgre).

Siste fra forsiden