Feature

Våre favoritter fra E3 2011

Årets viktigste spillmesse er over. Vi ser tilbake på en herlig uke i Los Angeles.

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Øystein Furevik:

Vår venn fra Førde ser helst mot øst, og det var ikke noe unntak fra den regelen under E3 2011:

Dragon's Dogma (PS3, 360)

Utgivelsesdato: 2012

Dragon's Dogma.

Det var få spel som tok meg med storm i like stor grad som Dragon's Dogma. Dette spelet ser berre heilt sinnssjukt ut, og då tenkjer eg ikkje berre på den imponerande grafikken – som viser den største og flottaste dragen eg nokon gong har sett i eit spel – utan problem.

Nei, det er det fantastiske gameplayet som verkeleg trollbinda meg. Med eit herleg og lettfatteleg kampsystem kan du gå hardt til verks mot alskens beist og utyske, og kampane mot dei digre beista får blodet til å bruse noko heilt enormt. Eg fekk verkeleg kjensla av å vere i kamp mot noko som var mykje større og sterkare enn meg. Det er ikkje ofte eit spel fengjer så umiddelbart som det Dragon's Dogma har gjort for min del, og eg ventar i utolmodig spaning på å få spele det meir.

Se også: Skjermbilder fra Dragon's Dogma

El Shaddai: Ascension of the Metatron (PS3, 360)

Utgivelsesdato: 9. september 2011

El Shaddai.

Med ein heilt unik grafisk stil er det umogleg å ikkje legge merke til El Shaddai. Du har aldri sett noko liknande, og dei abstrakte formene og den veldig gjennomtenkte bruken av fargar og kontrastar er eit oppløftande døme på korleis det er fullt mogleg å gå heilt utanom den generelle mal for korleis ting skal gjerast, og oppnå nydelege resultat i prosessen.

Det skadar heller ikkje at spelet er veldig fengjande, og allereie i løpet av dei første minutta byr på solid variasjon. Det dansar mellom sideskrollande plattform og spenstige actionsekvensar der du herjar med fiendane ein ein vill dans, og lenkjar saman den eine komboen etter den andre. Om du likar Devil May Cry og Bayonetta er dette eit spel å halde eit godt auge med, for El Shaddai kan raskt bli det neste «må ha»-actionspelet.

Les også: Sniktitt på El Shaddai: Ascension of the Metatron
Se også: Videoer fra El Shaddai: Ascension of the Metatron

Les også
Anmeldelse:

Asura's Wrath (360, PS3)

Utgivelsesdato: 2012

Asura's Wrath.

Asura's Wrath er rein galskap, og det tek berre nokre millisekund før dette blir banka hardt inn i skallen din. Asura er ein livsfarleg mann med eit seriøst temperamentsproblem, og når han blir sinna er det best å halde seg på trygg avstand. Desto sintare han blir, desto farlegare blir han, og når han først har nådd metningspunktet er det ingen veg tilbake.

I ei blanding mellom tradisjonell action og absurde «Quick Time Event»-sekvensar der både himmel og helvete får gjennom, blir Asura si ferd skildra på ein imponerande måte. Eg er svært spent på korleis dette spelet vil halde på momentumet etter kvart som timane går. Du blir så umiddelbart slått i trynet at det er lett å lure. Moro er det i alle fall, og eg klør i fingrane etter å vende tilbake til denne stiliserte og rasande «helten».

Les også: Sniktitt på Asura's Wrath
Se også: Skjermbilder fra Asura's Wrath

NeverDead (PS3, 360)

Utgivelsesdato: 3. kvartal 2011

Neverdead.

Etter mitt intervju med produsent Shinta Nojiri frå fjorårets Gamescom sat eg eigentleg igjen med lika mange spørsmål som svar. Eit spel om ein udødeleg mann som kan miste alle kroppsdelane etter kvart som han blir angripen høyrest på ei side kult ut, og på den andre sidan var det litt teit.

No har eg derimot fått spele NeverDead sjølv, og eg må ærleg talt innrømme at eg storkosa meg. Dette er eit av dei spela som ikkje kunne tatt seg sjølv seriøst om det hadde ein Magnum retta mot tinningen. Alt er gjort med tunga godt planta i kinnet, og det vi endar opp med er pur moro der vår helt kastar seg i ut i kampen mot alskens demonar med alle midlar han skulle ha. Om det er ein saftig revolver eller ein eksplosiv arm er ikkje så viktig. Uttellinga er maksimal.

Les også: Sniktitt på NeverDead
Se også: Trailer for NeverDead

BloodRayne: Betrayal (360, PS3)

Utgivelsesdato: 2. kvartal 2011

Bloodrayne: Betrayal.

BloodRayne er tilbake! Kven skulle tru det? Etter to så-som-så-spel, og nokre regelrett smertelege filmar frå Uwe Boll har nok dei fleste lagt BloodRayne på hylla og akseptert at denne dama sannsynlegvis har svært lite å by på. Det var derimot inntil Majesco hyra inn WayForward for å lage eit sideskrollande actionspel med handteikna animasjonar og meir blod enn du har plass til i Mjøsa akkurat no.

Det er kjapt og intenst, og er utelukkande fokusert på at du skal vere på offensiven. Ingen blokkering og kløktige forsvarsmekanismar altså. Her er angrep det beste forsvar, og WayForward har gjort mange smarte grep for å få dette til å fungere optimalt. Om du likar blod, vampyrar, handteikna grafikk, eller berre er veldig glad i heftig action, ser BloodRayne: Betrayal ut til å bli eit must.

Opptur

Asura's Wrath er fra Capcom.

Capcom. Det går ofte mykje i det same på desse messene. Vi får til dømes det eine skytespelet etter det andre, og eit hav av prosjekt som verkeleg manglar kreativ gnist. Det betyr sjølvsagt ikkje at spela ikkje blir bra, tvert i mot kan det vere mange framtidig perler i havet av «meg òg»-spel, men det får likevel Capcom til å stå fram som ein bauta av framtidsretta tenking.

Dei har ein solid og mangfaldig portfolio som strekkjer seg frå sære, berbare spel, til heftig action og dramatiske kampar mot enorme beist. Capcom byr enkelt og greitt på noko for ein kvar smak, og det er ikkje mange som når like breitt.

Nedtur

Ryse.

Ryse. Eit Xbox 360-spel frå Crytek sett til det gamle Roma høyrest jo ut som flott moro, og eg var difor spent kva dette spelet skulle by på. Under Microsofts pressekonferanse på E3 byrja det heile bra. Flott grafikk, god stemning, og ein presentasjon som verkeleg la opp til spenstig action sa brått fullstendig stopp i det vi alle innsåg at dette var eit Kinect-spel.

Sjølv om Ryse sikkert kan bli eit godt spel, blir eg litt nedtrykt av tanken på at det som kunne ha vore eit fett actionspel – kanskje i God of War-stil – enda opp som atter eit spel der du skal gestikulere framfor skjermen medan du blir sveitt og sliten.

Her finner du alt om E3 2011

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Siste fra forsiden