Feature

Vi har prøvd Wii U

Slik blir Nintendos nye konsoll.

LOS ANGELES (Gamer.no): Om du las vår gjennomgang over kva eg, Audun og Marius likte best frå E3-messa i år la du kanskje merke til ein liten detalj. Der både Audun og Marius blei svært skuffa over Wii U etter Nintendo sin antiklimatiske pressekonferanse, hadde eg ført Wii U opp som den mest positive overraskinga. Grunnen til dette er ganske enkel. Etter pressekonferansen til Nintendo var eg ikkje særleg imponert, men etter kvart som eg fekk prøvd ut fleire og fleire spel sjølv, endra inntrykket mitt seg drastisk.

Wii U er ei maskin som legg meir vekt på den unike kontrollaren enn på maskinvare og diverse programvare. Du vil kunne bruke ein eigen nettlesar, sjå på film, eller bruke Wii U-kontrollaren som fjernkontroll for TV-en, men dette er ikkje fokuset til Nintendo. Der konkurrentane – og då spesielt Microsoft – satsar på at maskinene deira skal bli underhaldningssentrumet i stova, gjev Wii U inntrykket av å vere noko så enkelt som eit leikety.

Den nye kontrollaren i all si prakt (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
Den nye kontrollaren i all si prakt (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Det handlar om moro

Wii har òg blitt kalla eit leikety, og det har sjeldan vore positivt meint. Når eg no brukar den skildringa er det derimot ikkje negativt. Ein kan av og til undre seg over om Microsoft og Sony har mista litt fokus, og fokuserer for mykje på alt anna enn spel. Ikkje Nintendo. Her er det spela som gjeld, og gjennom kontrollaren eg likar å kalle Wiipaden vekker dei gamle kjensler. Det er noko uhyre leikent over mange av spela dei har vist fram, og eg kan kjenne ei barnleg glede over å spele Rayman: Legends og New Super Mario Bros. U eg ikkje har kjent for ofte sidan eg runda Super Mario World alt for mange gongar i ung alder.

At alt handlar om spel var kanskje ikkje heilt tydeleg frå pressekonferansen, sidan det var nettopp dei imponerande spela som mangla. Det er derimot mykje snadder på veg, både Wii U-versjonar av kjende spel, og heilt nye konsept skreddarsydd for den unike kontrollaren. Eg skal ikkje gå hardt inn på enkelte spel, men vi skal heller ta ein kikk på dei moglegheitene Wiipaden bringer med seg.

Enkelte vil kanskje påstå at Nintendo ikkje har mykje til sjanse mot Microsoft og Sony. Microsoft annonserte på E3 den nye SmartGlass-teknologien som let deg bruke ein smarttelefon eller tablet saman med Xbox 360. Dette kan vere noko så enkelt som å sjå eit kart over Westeros medan du ser Game of Thrones, men det vil òg kunne brukast i spel utan at vi har sett solide døme på korleis.

Sony på si side har PS Vita som nok vil kunne brukast mykje på same måte som både SmartGlass og Wiipaden sin skjerm. Ein ekstra skjerm eller to kan bety så mangt, men det er noko mange har lett for å gløyme når dei påstår Microsoft og Sony stiller med sterkare krut: Med Wii U må du ikkje handle inn ekstrautstyr.

Dei fleste har ein smarttelefon, men ikkje alle, og enda færre har ein tablet eller PS Vita. Av denne enkle grunn kan ikkje ein utviklar med respekt for seg sjølv krevje at du har slikt ekstrautstyr for at du skal kunne spele eit spel. Det vil bli eit valfritt tillegg, og sjølv om det sikkert vil kome unntak, kan ikkje SmartGlass eller PS Vita byggjast inn i brukaropplevinga i like omfattande grad som skjermen på Wiipaden.

Wii U vil nok gli rett inn under TV-en, i kvitt eller svart (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
Wii U vil nok gli rett inn under TV-en, i kvitt eller svart (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Ny kontrollflate

Så kva kan denne skjermen brukast til? Berre tida vil vise, men vi har fått fleire spanande døme allereie. Ta til dømes eit spel som New Super Mario Bros. U. Som i det tidlegare Wii-spelet kan opp til fire spelarar samarbeide eller konkurrere om å nå mål, men no kan ein leggje til ein ekstra dimensjon. Ein femte spelar kan plukke opp Wiipaden for å byggje plattformer som kan danne alt frå trapper til veggar. Om du trudde at New Super Mario Bros. Wii allereie var kaotisk får du tru om igjen. Ein kan lett bli så ivrig etter å hjelpe at ein berre skapar trøbbel.

Rayman: Legends er enda eit plattformspel, men det brukar skjermen på ein heilt annan måte. Her òg kan fire spelarar springe rundt på skjermen, medan ein femte plukkar opp Wiipaden. På den vesle skjermen vil du sjå akkurat det same som dei andre, men du kan dra fingeren over gjenstandar på nivåa for å plukke dei opp, eller for å hjelpe spelarane vidare ved å kutte tau som får trestokkar til å lage vegar, eller sløkkje eldkuler som svirrar rundt dei.

I ZombiU blir derimot skjermen brukt på ein heilt annan måte. Her dreg den deg inn i spelet på ein måte ulikt noko du har spelt før. Kvar gong du skal bruke inventaret må du kike ned på skjermen – og bort frå TV-en – noko som gjer deg veldig sårbar sidan tida aldri stoggar.

Dette er berre tre døme på korleis skjermen kan brukast, og dei kan kanskje høyrest minimale ut, men dei har likevel stor effekt. Noko av det eg ser mest fram til med heile konsollen er derimot korleis du no er fri til å spele så mykje du vil sjølv om TV-en skulle bli oppteken. Sei at du sit og spelar, og så kjem nokon andre og vil sjå noko på TV. Då kan du berre kople eit headset inn i Wiipaden, og spele vidare på den. Du må verken slå av maskina eller gå ein annan stad. Dette er eit litt kamuflert triks i ermet til Nintendo, men eg har ein mistanke om at det kan bli veldig mykje brukt i mang ein heim der krangel om TV-en er dagleg kost.

Wii U sin Pro-kontroller er til forveksling lik Xbox 360-kontrollaren (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
Wii U sin Pro-kontroller er til forveksling lik Xbox 360-kontrollaren (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Stil eller substans?

Å bli vand med Wiipaden tek ikkje lang tid, sjølv om eg heilt innleiingsvis sleit litt med å finne eit godt grep grunna monsterhendene mine. Grepa på baksida er litt små, men resten av kontrollaren ligg godt i henda, og avtrekkjarane på baksida ligg spesielt godt under fingrane. Nintendo har valt ei litt uvanleg plassering av knappane på framsida. I staden for standardoppsettet der den høgre analogstikka kjem under knappane, ligg den her på toppen. Eg har ikkje fått prøvd meg på så mange spel som nyttar to analogstikker, men ut av mi tid med ZombiU ser dette ut til å vere ei tilvenningssak som kan fungere like godt som det vi er vande med.

Kontrollaren har alt vi kjenner frå ein typisk kontrollar, og byr på total fire ryggknappar, to analogstikker, ein D-pad, og fire kontrollknappar på framsida. I tillegg har vi naturlegvis Start og Select-knappar, samt ein på-knapp og ein knapp for å kople kontrollaren opp mot ein TV.

I tillegg vil du kunne kople opp til fire standard Wiimotar samt to Wiipadar opp mot Wii U. Dei fleste spela eg har prøvd nyttar faktisk denne. Om Wiimoten følgjer med Wii U når du kjøper den vitast ikkje, men sidan den ser ut til å vere ein essensiell del av dei fleste spel ville det vere naturleg.

Ein ekstra kontrollar som blei annonsert under E3-messa er pro-kontrollaren. Dette er ein heilt tradisjonell handkontroll utan skjerm, og den er designa for å brukast med multiplattformspel. Den er til forveksling lik Xbox 360-kontrollaren, der den einaste skilnaden er plasseringa av den høgre analogstikka. Til og med ryggknappane er identiske, så det er ikkje vanskeleg å sjå kvar Nintendo har henta inspirasjonen sin.

I ZombiU må du taste på skjermen for å opne dører.
I ZombiU må du taste på skjermen for å opne dører.

Endeleg nett?

Eit sårt punkt for mange Nintendo-elskarar har vore den skrale nettstøtta Wii har bydd på. Dårleg funksjonalitet har gjort det til eit ork å spele på nett. Ein av dei største grunnane til dette er det håplause venekodesystemet der du må taste inn ein lang nøkkel for å leggje til ein ven. Nintendo har ikkje vore heilt klåre på kva dei vil gjere når Wii U blir lansert, men dei har ytra at ting vil bli betre.

Det vi derimot veit er at Wii U vil introdusere Miiverse, eit slags nettsamfunn der du kan følgje med på kva venene dine gjer. Når du slår på maskina vil du sjå din og mange andre Miiar samle seg der det skjer. Dette kan vere alt frå nytt innhald på Nintendo sin nettbutikk, til dei siste spela.

Gjennom Miiverse kan du kommunisere med andre spelarar angåande det som skjer i spela. Du kan skrive med vanlege tastaturløysingar slik som på andre konsollar, men i tillegg kan du skrible ned nokre ord eller teikningar ved å bruke den medfølgjande pennen på Wiipad-skjermen. I Miiverse kan du snakke om spel, stolt vise fram nye prestasjonar, i tillegg til at du kan stille spørsmål for å kome deg vidare om du sit fast. Frå Miiverset vil du òg kunne invitere andre til å bli med på eit spel.

Vi har ikkje så alt for mange detaljar om Miiverse, men det kan sjå ut til at Nintendo har lete seg inspirere litt av framgangsmåten til From Software med Souls-spela. Der kan du leggje frå deg hint til andre spelarar, som kan gjere liva deira lettare. Avhengig av kor brukarvenleg Miiverse blir, kan det raskt bli ein essensiell kommunikasjonsportal for Wii U.

Så skarp har aldri Mario vore i kantane før.
Så skarp har aldri Mario vore i kantane før.

Konklusjon

Det store spørsmålet no er om Nintendo kan gjenta suksessen dei hadde med sin førre konsoll. Då Wii krasja inn på marknaden snudde den alt på hovudet. Frå eit rotterace der det var om å gjere å ha kraftigast maskinvare satsa Nintendo heller på ein ny kontrollmetode og svak maskinvare konkurransen tatt i betraktning.

Med Wii U gjer dei mykje av det same. Maskina ligg på omlag same nivå som Xbox 360 og PlayStation 3 i rein kraft, men kontrollaren byr på mange nye moglegheiter. Spørsmålet er kor mange som vil la seg freiste, og korleis Nintendo vel å selje produktet. Problemet til Nintendo akkurat no er at Wii U må prøvast før ein fullt ut skjønar poenget. Eg var sjølv skeptisk før eg fekk leike meg med maskina, og eg vil tru mange andre sit med dei same inntrykka.

At Wii U har eit stort potensiale til å skape nye opplevingar herskar det derimot ingen tvil om. Dei endringane Wii U bringer med seg er så langt ofte små, men likevel fundamentale. Noko så enkelt som å måtte kike ned på ein skjerm for å sjekke inventaret gjev ein heilt ny dimensjon til eit skrekkspel som ZombiU. Dette er berre byrjinga for Wii U, og det blir uhyre spanande å sjå kva utviklarane vel å gjere med den nye kontrollaren.

Les også: Sniktitt på Zombie U
Les også: Kommentar: Vi forventer mer enn dette, Nintendo

Kommentarer (55)

Forsiden akkurat nå

Til toppen