Feature Vi pakker ut Xbox 360 Slim

Nye Xbox 360 i hus

Microsoft har forbetra konsollen drastisk.

Det kom ikkje som ei stor overrasking då Don Mattrick avslørte den nye Xbox 360-maskina under Microsofts pressekonferanse på E3-messa 14. juni. Rykta hadde svirra i lengre tid, og gjennom nokre lekkasjar frå ei søreuropeisk sjappe hadde vi allereie fått eit glimt av korleis det nye designet såg ut. Små bilete er likevel ikkje mykje å døme eit produkt etter, og kort tid etter min retur frå Los Angeles stod ein splitter ny – og ekstremt blank – Xbox 360 under TV-en.

Mr. Shiny. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no
Mr. Shiny. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Stilfullt design

Eg skal innrømme eg ikkje var heilt overbevist første gong eg såg den nye Xbox 360-maskina. Det var noko med den som såg litt billeg ut, utan at eg kunne setje fingeren på det. Slike tankar var derimot som dogg for sola då eg fekk studere maskina på nært hald.

Maskina er definitivt litt mindre. Om den står på høgkant er den både smalare og kortare, men den er samtidig lengre frå front til bakside. Der den første Xbox 360-versjonen var eit konkavt rektangel, er den nye versjonen eit kvadrat. Den er framleis konkav, men i staden for dei runde formene vi er vande med, er dette mjuke inntrykket erstatta med harde flater som møtast diagonalt på sida av konsollen.

Generelt sett framstår maskina som mykje meir eksklusiv. Den er kompakt, robust, og der førstegenerasjons Xbox 360 hadde små luftehol ved viftene, har den nye versjonen kraftige riller som er ein solid suksess både i form og funksjon.

Om Microsoft er på jakt etter ei maskin som ser ut som eit høgteknologisk produkt verdt mange kroner – i staden for eit leikety – har dei treft blink. Det einaste eg stussar over ved den visuelle presentasjonen er kvifor dei har valt ei så pass blank overflate (noko Sony ganske klokt gikk bort frå med sin PlayStation 3 Slim). Eg har aldri før hatt problem med støv og feittflekkar på Xbox 360-maskinene mine, men den nye maskina er ein magnet for alle støvkorn rommet skulle by på.

Kontrollen har fått eit strøk måling. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no
Kontrollen har fått eit strøk måling. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Fargeskifte på tilbehør

Ei anna visuell endring ser du raskt på handkontrollen. Der den svarte handkontrollen hadde grå analogstikker og D-pad, samt eit grått belte på undersida, er dette no erstatta med ein blank svartfarge. Dette ser definitivt betre ut, og gjer det veldig tydeleg kor mykje den grå fargen eigentleg kolliderte med den svarte. Det er samtidg ikkje berre kontrollen som har fått seg ei ansiktsløft. Ladekabelen for handkontrollen ha òg fått innført eit strengt, svart regime.

Av praktiske detaljar har Microsoft gjort det mykje lettare å synkronisere nye kontrollar med maskina. I staden for å trykke inn søkjeknappane på både kontrollen og maskina, slår du no berre på kontrollen, og den finn automatisk maskina. Skal du bruke ein kontroll som allereie er synkronisert mot ei anna maskina, må du gjennom same prosedyre, sjølv om den ser ut til å vere hakket raskare no.

Sjølv om eg ikkje har alt ekstrautstyret i hende sjølv, kan eg stadfeste at alt ekstrautstyr no kjem i heilsvart for å passe med den nye konsollen. Microsoft hadde ei oppstilling av alt tilbehør på E3, og dette er sjølvsagt godt nytt for alle som likar å køyre med stil.

Praktiske justeringar

Det er fleire endringar med maskina som ikkje er umiddelbart synlege. Til dømes har knappane på framsida fått seg ei velkomen oppgradering. Av-og-på-knappen er no ein trykkfølsam knapp som gjev frå seg eit lite og søtt pling når du er borti den. Det er kanskje lettare inspirert av lyden på PlayStation 3, men forskjellen er at der Sonys maskin berre har eit pip, har Xbox 360 ein lyd som praktisk talt fortel meg at no skal vi spele. Det er ein artig detalj som fungerer som ein god kontrast til det aggressive designet.

Meir kompakt enn sin eldre bror. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no
Meir kompakt enn sin eldre bror. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

CD-trauet fungerer på same måte. Ein liten trykkfølsam knapp med eit lite pip opnar skuffa, og det er kanskje her den aller beste og viktigaste endringa gjer seg til kjenne. Den gamle skranglekassa av eit CD-trau er borte, og er erstatta med eit trau av mykje meir solid og robust kvalitet. Samtidig lagar det nesten ikkje lyd.

Det er vel her folk flest sine store spørsmål dukkar opp. Er nye Xbox 360 stille? Var det sanning i orda då Don Mattrick under pressekonferansen sa at maskina var «kviskrestille»?

No veit ikkje eg kor stille Don Mattrick kviskrar, men om det er ein einaste desibel under det høgste volumet eg har fått ut av den nye Xbox 360-maskina, vil eg ha store problem med å høyre han. Om du vil ha ei stille maskin kan du trygt kjøpe denne. Forutan eit par grynt når du slår den på, og når den set i gong eit spel, er det nesten umogleg å høyre den. Den kjem med eit svakt sus, men ingenting du bør legge merke til med mindre du alltid spelar med lyden av i eit musestille rom.

Den siste, men men minst like viktige endringa kjem i form av ein innebygd harddisk på 250 GB, og at maskina endeleg har fått trådlaust nett.

Inn- og utgangar

Ei potensielt sett kontroversiell endring er at den nye maskina ikkje lenger har inngang for minnekort. Dei to minnekortinngangane den tidlegare versjonen av maskina hadde er fjerna til fordel for to USB-inngangar. Samtidig finn vi tre ekstra USB-inngangar på baksida av maskina, noko som gjev oss ein triveleg total på heile fem inngangar. Du kan altså kople til det du mått ynskje av ekstra lagringskapasitet og handkontrollar samtidig. Dette er kanskje litt kjipt for dei som har eit minnekort eller to, men sidan USB-pennar er tilgjengeleg for ei billeg penge, bør det ikkje vere noko stort problem.

I tillegg til eit mylder av USB-inngangar, har Microsoft sørgja for at alt no kan koplast rett i konsollens bakside. HDMI ligg som vanleg inntil den ordinære videoinngangen, men i tillegg til dette finn du no inngangar for AUX (til bruk når Xbox Kinect dukkar opp til hausten) og optisk digitalkabel rett i konsollen slik at du ikkje treng bruke ein ekstra plugg for å få lyd i maskina. Det er derimot synd at Microsoft har slutta å inkludere HDMI-kabel i boksen.

No treng du ikkje overgangskablar. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no
No treng du ikkje overgangskablar. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Straumforsyninga har òg sett ei markant endring. Den er mykje lettare enn den originale kolossen, og veg knapt ein brøkdel. Om du er av typen som slit med å få plass til alle kablane er dette godt nytt, samtidig som det blir lettare å frakte maskina med seg om du tek med deg maskina i sosiale lag.

Konklusjon

Microsoft har forbetra Xbox 360-konsollen drastisk. Den er mindre, den er penare, og den lagar nesten ikkje ein lyd. Dei presenterer ei maskin som ser ut som om den er verdt nokre tusenlappar, og samtidig verkeleg gjer det tydeleg at den høyrer heime blant mykje dyrt hi-fi-utstyr. Å setje den nye 360-konsollen ved sidan av den gamle gjer det veldig tydeleg at originalversjonen ser ut som eit litt billeg leikety, og dette seier eg som eigentleg har likt utsjånaden på maskina godt.

Mitt einaste verkelege ankepunkt er at den kanskje er hakket for stilfull. Den er så blank at du nesten kan spegle deg i den, og den er ein magnet for både støv og fingeravtrykk. Bortsett frå denne vesle haka, er det vanskeleg å sjå på nye Xbox 360 som noko anna enn ein skikkeleg suksess.

Xbox 360 Slim kjem i salg 16. juli i Noreg.

Kommentarer (51)

Forsiden akkurat nå

Til toppen