Feature

Vi tester PlayStation Vita

Kan Sony ta innersvingen på Nintendo og mobilspela med sitt nye vidunder?

Om det er nokon der ute som innbiller seg at framtida til PS Vita er rein plankekøyring med topplasseringar over heile fjøla, er eg redd dei bør skru fast topplokket litt. Dette er kva vi kan kalle alvorets time. Etter fleire år med smarttelefonar som et opp marknadsandelar frå tradisjonelle mobile plattformer som PSP og Nintendo DS, er det eit heilt spesielt klima som no ventar Sony sitt nye vidunderborn.

Det er strengt tatt ikkje maskinvare, funksjonalitet eller spelbiblioteket eg er mest spent på akkurat no. Eg er spent på å sjå om marknaden for nok ein lekker og målretta portabel spelkonsoll framleis eksisterer. Nintendo 3DS har gjort det greitt, men ikkje fantastisk, og det er tydeleg at folk flest vil ha ein dings i lomma som gjer alt, ikkje berre spel. Er folk villege til å punge ut for ein miniversjon av det dei elles kunne ha spelt på ein stor skjerm, tusenvis av spel er tilgjengelege for nokre kroner på mobilane deira?

PS Vita i all si prakt. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Utklassing?

Sony har ikkje nokon illusjonar om å gjere alt med PS Vita. Dette er ei spelmaskin, ingenting anna. Den er laga for dei som allereie er storkonsumentar av spel, og i staden for å lage ein multimediahub som har som definert mål å gjere alt heile tida, får vi ei kraftig spelmaskin som aldri legg skjul på at spela er det viktigaste, sjølv om du kan bruke dens om multimediahub om du vil.

Storleiken er eit anna punkt som gjer det heilt tydeleg at mannen i gata ikkje er målgruppa til Sony. Dette er ikkje ei maskin som glir lett ned i lomma. Den er på ingen måte slank og smidig, og med to utstikkande analogstikker er eg konstant redd for å putte den ned i noko som helst utan ein trygg pose rundt. Maskina er enorm. PSP ser ut som ein dverg i samanlikning, men så snart du plukkar den opp er det lett å lure på om ein har fått den kjipe utstillingsmodellen utan innmat. Med ei patetisk vekt på 260 lusne gram er det som å løfte ei fjør, og den bør altså gli lett ned i ein bag eller ei veske utan å trykkje på skuldra di.

Med ein fem tommar stor skjerm er det grenser for kor lita maskina kan bli, spesielt når ein skal ha plass til knappar og analogstikker. Det er gjort et tappert forsøk på å presse det heile saman på så liten plass som mogleg, og det er lett å sjå. Små knappar og analogstikker ligg klemt saman på kvar side av skjermen, medan to gjennomsiktige ryggknappar legg seg elegant på hjørna.

Du kan kalle organiseringa av knappane for plassparing, men det er smertefullt for ein person som meg; ein person med store hender. Eg har klaga over dette med dei fleste Sony-produkt, frå DualShock til PSP, der PSP Go var det einaste komfortable unntaket. Sony er ikkje spesielt flinke på ergonomi, og vel i staden å fokusere utelukkande på at ting skal sjå bra ut. Skal eg kunne halde maskina med eit nokolunde fornuftig grep som gjer meg trygg på at eit lett vindpust ikkje skal dra godsakene ut av hendene mine, endar tommelen min opp med å ligge klistra inn til peikefingeren så snart eg skal trykke på nokre knappar.

Få minutt seinare melder krampa seg, og dei gamle infoskjermane frå Super Nintendo-tida om at du bør ta ei lita pause kvart femtande minutt er ikkje lenger eit forslag, det er rein nødvendigheit.

Mykje skal få plass rundt den massive skjermen. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Mykje å ta i, mykje å bli glad i

Sjølv med solide mengder plast er definitivt ikkje innmaten billeg. Dette er ei maskin som kombinerer det beste frå alle verder. Om du likar speling på smarttelefonen din er det ingenting i vegen for at du skal kunne få nøyaktig dei same opplevingane her etter kvart som nettbutikken utvidar repertoaret ditt. Med den massive og krystallklare OLED-skjermen vil du ikkje ha mange grunnar til å gå tilbake til iPhone etter ein svingom med dette beistet.

På baksida finn vi derimot noko ganske nytt gjennom eit trykksensitivt panel som blir flittig brukt i fleire spel. No har eg ikkje kome meg gjennom alt av lanseringsspel til Vita enno, men det er ingenting ved dette panelet som så langt har imponert stort. I staden byr det på ein ekstra kontrollmekanikk som saman med trykkskjermen, stikker, knappar og gyroskop byr på ei uhorveleg stor mengde med forskjellige måtar for utviklarane å skape nye opplevingar på.

Eit døme på dette er Uncharted: Golden Abyss der du blant anna kan stryke fingrane over baksida for å rotere ein gammal hjelm Nathan Drake ser på, medan du børstar støv av den ved å stryke ein annan finger over skjermen. Det er ingen stor «Wow»-faktor over det, men det er artige og små grep som kan fylle eit hittil ukjent tomrom i forskjellige spel. Eg er meir nysgjerrig på kva som blir gjort med bakpanelet i framtida, enn kva som så langt er gjort med det, for å seie det slik.

Les også
Send simmene på turné

Utanom lading via USB er det ikkje mange tilkoplingsmoglegheiter å snakke høgt om, forutan Remote Play som let deg herje med PlayStation 3 via Vita. Det eg derimot saknar stort er ein HDMI-utgang slik at eg kan kople maskina til TV-en. Kvifor ikkje? Vita kan by på lekker grafikk, og når eg sit i sofaen og spelar på ei lita maskin medan eg har 40 tommar rett framfor meg luktar det i alle fall litt surt i min heim.

Utover det droppar PS Vita UMD-diskformatet til PSP og brukar i staden minnekort slik Nintendo har gjort sidan Nintendo DS. Eventuelt kan du i staden velje å laste ned spela direkte til maskina gjennom PlayStation Store, sidan Sony har lova at alle Vita-spel skal bli tilgjengelege der. Dette krev derimot ei ekstra utgift i form a minnekort, sidan maskina ikkje har innebygd harddisk. Eit minnekort kan det derimot vere lurt å skaffe uansett, sidan enkelte spel krev det for lagring.

Eit beist i ferd med å ete opp sin bror. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Bort med det gamle

PS Vita hoppar bukk over Sonys elegante Cross Media Bar, og vel i staden eit heilt nytt menysystem tilpassa trykkskjermen. Det er ikkje så frykteleg pent at det gjer noko, og steilar eigentleg ganske hardt mot det stilreine designet på maskina. Ved å trykke på små, fargerike bobler kan du sjekke trofea dine, venelista di, høyre musikk, sjå film og mykje meir. Fleire av dei mindre applikasjonane kan vere opne samtidig og dei kan du bla gjennom ved å sveipe til sida på skjermen.

Etter kvart som maskina fyller seg opp med spel og applikasjonar vil desse derimot leggje seg nedover slik at du sveipar opp og ned for å navigere. Dette dette kan moglegvis skape litt rot avhengig av kor mange spel ein har, og det kan kanskje vere ein idè om Sony med tida let deg leggje ting i kategoriar for raskare navigering.

Du brukar aldri knappar og stikker for å navigere gjennom menyane, og dette er utelukkande positivt og mykje kjappare. Dette er tydelegvis noko utviklarar òg har teke notis av, sidan alle spela eg har vore borti så langt vel å nytte trykkskjermen for å sende deg kjapt gjennom menyane.

Uavhengig av menyane finn vi nokre enkle, små grep som er gjort for å gjere livet lettare for dei med dårleg tid. Er du midt i eit spel kan du berre trykkje på Home-knappen for å gå tilbake til hovudmenyen for å pause spelet medan du gjer andre ting som å preike med vener, surfe nette, eller ta eit bilete med det rimeleg ubrukelege kameraet. Å gå tilbake igjen til spelet er lynkjapt, og det same gjeld om du slår av maskina. Det tek bokstavleg talt berre eit sekund frå du trykkjer på knappen til spelet er klart. Riktignok må du dra ned eit «forkle» som heng på skjermen først, men dette er fornuftig tenkt av Sony sidan det sørgjer for at du må aktivere spelet før det startar. Skulle den slå seg på i sekken treng du altså ikkje uroe deg for at stygge ting skjer medan du ikkje er til stade.

Tidvis blir det litt trongt om plassen. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Konklusjon

Framtida kan absolutt vere lys for PS Vita. Det er ei fenomenal «lita» maskin som byr på meir kraft enn vi nokon gong har sett i portabelt format. Den byr på eit mylder av forskjellige kontrollmåtar, og det vil bli uhyre spanande å sjå kva utviklarane gjer med alt dei har til disposisjon.

Maskina er kjapp, den er lett å navigere, og trass sin ganske massive storleik er den (nesten) lett som ei fjør. Den er derimot ikkje like lett å ta med seg som andre alternativ. Skal du putte den i bukselomma skal du ha bra store lommer, men så lenge du har ei romsleg jakke eller ein bag å putte den i vil du ikkje merke stort til den.

Det alt står og heng på no er strengt tatt to ting: Er folk interesserte nok i ei dedisert portabel spelemaskin, og vil spela innfri? Svaret på det siste spørsmålet vil du få i tida framover etter kvart som vi gjer vårt beste for å ploge gjennom denne solide lista med lanseringsspel til PS Vita:

Army Corps of Hell Asphalt Injection Ben 10: Galactic Racing Blazblue: Continuum Shift Extend Drinkbox Studios Dungeon Hunter Alliance Dynasty Warriors Next Escape Plan F1 2011 Codemasters FIFA Soccer Gravity Rush Hot Shots Golf: World Invitational Hustle Kings Little Deviants Lumines Electronic Symphony Michael Jackson The Experience MLB 12 The Show ModNation Racers: Road Trip Plants vs. Zombies Rayman Origins Reality Fighters Shinobido 2: Revenge of Zen Super StarDust Delta Tales of Space: Mutant Blobs Touch My Katamari Ultimate Marvel vs Capcom Uncharted: Golden Abyss Unit 13 Virtua Tennis 4: World Tour Edition WipEout 2048

PS Vita er i sal frå 22. februar.

Siste fra forsiden