Ferske opplysninger om Final Fantasy XII

Denne gong er det verda Ivalice som er utgangspunkt for eventyr. Nokre vil nok kjenne igjen namnet, sidan det er same verd som i Final Fantasy Tactics. I tillegg til å bruke same verd som FFTA vil vi også kunne møte på rasane Bangaa og Viera, som først blei introdusert i dette sidespelet. Heltane i historia er ein ung mann på 17 år ved namn Vaan, og ei 19 år gammal prinsesse ved namn Ashe.

Desse to befinn seg i ei konlfiktfyllt verd, der imperiet er den største fienden. Begge to har mista familie i kampen mot dette imperiet, og er no aktive i motstandrørsla. Som ein kan sjå i logoen er dommarane frå FFTA eit vesentleg element i historia, sjølv om deira rolla er ganske annarleis. I Final Fantasy Tactics fungerar dei som eit slags politi, medan dei i FFXII sprer terror og frykt rundt seg.

Vi veit ikkje så mykje om kampsystemet enda, men det kan verke som om ”Active time”-kampsystemet er tilbake. I tillegg kan fiendar no blokke angrep, og du kan lenke saman kombar med gruppa di. Dette opnar for ein meir taktisk innfallsvinkel enn i tidlegare Final Fantasy-spel. I tillegg til dette vil ikkje spelet vere fullt så lineært som før. Du vil ha fleire valmoglegheiter innanfor dei gitte rammene til historia.

Eit gledeleg gjensyn vil for mange vere at verdskartet er tilbake i full 3D. Mange var misfornøgde med at dette ikkje var tilgjengeleg i Final Fantasy X, noko Square Enix ser ut til å ha teke notis av. Ei anna forandring frå Final Fantasy X er at du no kan justere kameraet etter eige ynskje. Grafikken har også fått ei drastisk ansiktsøftning. I staden for å bruke grafikkmotoren frå Final Fantasy X, har dei designa ein ny, som brukar færre polygonar, men med større vekt på lys og teksturar.

FFXII er ca. 70% ferdig, og er forventa i butikkhyllene i Japan til sommaren. Når vi får sjå det her til lands er enda uvisst. Her er de ferske skjermbildene:

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen