Filmselskap investerer stort i The Walking Dead-utviklarane

Kva vil kome ut av det ferske partnerskapet mellom Lionsgate og Telltale Games?

Telltale Games har dei siste åra gjort stor suksess med sine episodiske eventyrspel. Etter å ha lefla med diverse spel basert på alt frå The Secret of Monkey Island til storfilmar som Jurassic Park og Back to the Future, fekk dei for alvor suksess med spela basert på The Walking Dead-teikneserien.

Dette har fått filmselskapet Lionsgate til å vise interesse for utviklarane, og det har enda opp med at Lionsgate no har investert store summar i Telltale Games. Det får vi vite i ei pressemelding tysdag.

Kor stor investeringa er seiast ikkje, men Lionsgate-toppmann Jon Feltheimer vil innta ei sjefsstilling hos Telltale Games.

Spel og TV, hand i hand

Game of Thrones er Telltale Games nyaste spelserie.

Investeringa vil for Lionsgate vere eit ledd i ei utviding for å omfamne fleire medie. I pressemeldinga blir det ymta fram at samarbeidet vil skape moglegheiter for at Telltale lagar spel basert på eigedommane til Lionsgate, medan Lionsgate kan ta originale kreasjonar frå Telltale til TV-skjermen.

Så langt har Telltale fokusert på å lage spel basert på allereie eksisterande intellektuelle eigedomar. Kva dei kokar opp internt saman med Lionsgate har vi ikkje fått vite noko om heilt enno.

Samstundes har Lionsgate ei lang rekke filmar Telltale godt mogleg vil bryne seg på. Her finn vi kassasuksessar som The Hunger Games, Twilight og Now You See Me.

Akkurat no er Telltale Games i full sving med episodiske spel baserte på Game of Thrones og Borderlands-universet. Til hausten ventast ein ny sesong i The Walking Dead-serien, samt ein serie i Minecraft-universet.

Siste fra forsiden