Final Fantasy-heltane møtast til ny strid

Eit nytt spel i Dissidia-serien er avslørt, men berre for arkadehallar.

Square Enix gjorde rimeleg god suksess på PSP med dei to spela i slåsseserien Dissidia. I desse spela samlast ei lang rekke kjende Final Fantasy-figurar for å møtast til kamp. På ei side stod dei gode heltane, medan dei mørke kreftene stod på den andre.

Det har gått fire år sidan det førre spelet i serien, men i helga avslørte Square Enix at dei jobbar med eit nytt spel i serien. Dei god nyhenda er at spelet tek steget frå små portable konsollar, til lekker grafikk på stor skjerm. Dei dårlege nyhenda at spelet så langt berre er kunngjort for arkadehallane i Japan.

Får vi delta?

Kor vidt spelet nokon gong vil ta turen til Europa er difor vanskeleg å seie. Arkadespel har tatt turen til konsoll før, og om folk masar nok – slik dei til dømes gjorde for å på PSP-spelet Final Fantasy Type-0 til vesten – skal ein ikkje sjå heilt brot frå at det nye Dissidia-spelet vil få nye versjonar.

Detaljane om Dissidia: Final Fantasy er så langt få. Det blir framleis kampar mellom Final Fantasy-figurar, og det vil by på kampar for tre mot tre krigarar. Den første traileren frå spelet kan du sjå nedanfor, og den skal utelukkande vise reelle scener frå spelet. Historia i spelet vil vere heilt ny, og by på ei ny forklaring for kvifor Final Fantasy-figurane møtast til strid.

Square Enix vil avsløre fleire detaljar om spelet under ein pressekonferanse 10. april.

Å samle spelfigurar til dyst i slåssespel er ikkje noko nytt. Nintendo har gjort det same med stort hell i sin Smash Bros,-serie, seinast i fjorårets Super Smash Bros.-spel for 3DS og Wii U. Sony har òg prøvd seg på det same med sitt PlayStation All-Stars Battle Royale.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen